Øyvind Strømmen

8    29

Smaklaus og fordummande karikatur­

Terskelen for å samanlikna jødar med eit regime som systematisk gjekk til verks for å utsletta dei frå jordas overflate, burde vera – for å seia det forsiktig – skyhøg.

Publisert: 10. aug 2018 / 540 visninger.

Dagbladet har publisert ein interessant og innsiktsfull kommentar om den nye israelske lova om den jødiske­ nasjonalstaten og om drusarane sine protestar mot denne, skrive av Jan-Erik Smilden. Den nye lova inneber også at arabisk – som før var eit offisielt språk i Israel – no er nedgradert til å vera eit språk med spesiell status.

Smaklaus og fordummande. Det er ei lov som har møtt mykje kritikk, også frå jødisk diaspora. Diverre er denne kommentaren utstyrt med ein karikaturteikning som er både smaklaus og fordummande. I denne vert den israelske statsministeren teikna som ein hakekross, i tillegg til at det er bakt inn ein referanse til det sørafrikanske apartheidregimet. Den er smaklaus fordi den koplar inn nazisme i ein kritikk av ein israelsk statsminister.

Terskelen for å samanlikna jødar med eit regime som systematisk gjekk til verks for å utsletta dei frå jordas overflate, gjennom eit delvis industrialisert folkemord, og som også kom veldig langt i å oppnå det, burde vera – for å seia det forsiktig – skyhøg. Teiknar Finn Graff har gjort det før, då han i 2006 teikna Ehud Olmer­t som nazistisk­ leirkommandant, med gevær i hendene og med ein død palestinar­ på bakken. Teikninga hadde klåre referansar til filmen Schindlers liste der ein sadistisk leirsjef skaut på jødiske fangar for moro skuld. Det var smaklaust den gongen, slik det er smaklaust no, og det er det heilt uavhengig av kva ein måtte meina om israelsk­ politikk.

Leik med elden. Det finst nok dei som ikkje vil lika å høyra det, men ei slik samanlikning er også å lefla med beint ut antisemittisk tankegods, ein farleg leik med elden. Det er truleg medvitlaust, men det er ikkje greitt.

Den er fordummande fordi det er et hav av skilnad mellom nazismen sine brotsverk og ei lov som er symboltung, men også rimeleg symbolsk. Ja, denne lova er uttrykk for ei reaksjonær vending i israelsk politikk, og det burde uroa mange, ikkje minst mange israels-
vener. Men å gjera ei slik kopling er verkeleg noko sjølv dei mest innbitte israelskritikarar burde halda seg for gode til.

Samanlikninga med apartheidregimet er for den del også ei samanlikning som fort fører inn på gale vegar, noko den radikale og knappast ukontroversielle israelske fredsaktivisten Uri Avnery har skrive innsiktsfullt om ved fleire høve. Til sist: Israel fortener sjølvsagt kritikk på mange område. Det burde ikkje vera naudsynt å seia dette i denne samanhang. Diverre er det det. Den norske debatten om Israel og Palestina ender ofte i grøftekantane, og mange søkjer også å pressa andre inn i den eine eller den andre grøfta.

Øydeleggjande for båe. Slik eg ser det er både det israelske og det palestinske samfunnet djupt prega av den langvarige konflikta, og av okkupasjonen, og det på måtar som er øyde-
leggjande for dei båe. Israel ber eit særleg ansvar, ikkje minst for situasjonen på den okkuperte Vestbreidda. Men skal det vera von om å nå ei fredeleg løysing i framtida må fleire sider vera i stand til å sjå og forstå motparten sine narrativ. Det er det sjølvsagt både enkelt og ein smule arrogan­t å sitja i fredelege, trygge Noreg og seia. Men ein ting er visst: Å spela på det jødiske­ folket si største tragedie – massemordet på millionar av ­menneske – er eit teikn på at ein ikkje skjøner det fnugg av det israelske narrativet.

Fornuftige kritikarar av gjeldande israelsk politikk bør ikkje berre sjå det smaklause og det fordummande i karikaturar som dette. Dei bør sjå korleis det er fullstendig kontraproduktivt og korleis det fører til ei fullstendig avsporing. Det er beint fram trist at Smilden sin kommentar no kjem til å drukna i støyen av Graff si teikning.

Øyvind Strømmen

Journalist og forfattar

7 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Øyvind Johnsen

0 innlegg  1 kommentarer

God kommentar fra Strømmen

Publisert 3 måneder siden

Det eneste jeg er uenig med Strømmen i, er at tegningen har noe med antisemittisme å gjøre. Nazi-sammenlikninger og hitling brukes overdrevent og i utide mot mange, og er ikke noe som spesielt rammer Israel. Heller i mindre grad enn andre, er min oppfatning. Men den fungerer perfekt for å utløse Israels og "Israelvenners" autopilotrespons om antisemittisme, og for å avspore den saklige kritikken i kommentaren. 

Svar
Kommentar #2

Bjørnulf Hafstad

8 innlegg  309 kommentarer

Mulig det,

Publisert 3 måneder siden
Øyvind Johnsen. Gå til den siterte teksten.
Nazi-sammenlikninger og hitling brukes overdrevent og i utide mot mange, og er ikke noe som spesielt rammer Israel.

men konteksten med Israel gjør at dette får en annen betydning og fortolkning enn i de tilfellene du sammenligner med. Det er også poenget slik Strømmen argumenterer.

Eller god kommentar. 

3 liker  
Svar
Kommentar #3

Rolf Kenneth Myhre

13 innlegg  177 kommentarer

Publisert 3 måneder siden

Hvordan skal man kritisere en israeler eller den israerske stat, uten å få slengt tilbake at man driver jødehets og er antisemitt? Er det overhode MULIG??

Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Are Karlsen kommenterte på
Matematikk og evolusjon
1 minutt siden / 5185 visninger
Svein Ausland kommenterte på
Klassisk miljøvern vs. klima
3 minutter siden / 40 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Matematikk og evolusjon
19 minutter siden / 5185 visninger
Hermod Herstad kommenterte på
Matematikk og evolusjon
24 minutter siden / 5185 visninger
Sigurd Eikaas kommenterte på
Matematikk og evolusjon
27 minutter siden / 5185 visninger
Øyvind Hasting kommenterte på
Kjønnsforskning som skyteskive
31 minutter siden / 367 visninger
Sigurd Eikaas kommenterte på
Matematikk og evolusjon
31 minutter siden / 5185 visninger
Sigurd Eikaas kommenterte på
Matematikk og evolusjon
33 minutter siden / 5185 visninger
Gunnar Søyland kommenterte på
Kjønnsforskning som skyteskive
35 minutter siden / 367 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Matematikk og evolusjon
38 minutter siden / 5185 visninger
Hermod Herstad kommenterte på
Matematikk og evolusjon
38 minutter siden / 5185 visninger
Morten Gabrielsen kommenterte på
Prinsipper på billigsalg
39 minutter siden / 41 visninger
Les flere