Verdidebatt

Å ta stilling

Er det eigentleg så snilt å hevda at alle vert frelste uansett?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Opp gjennom historia har teologar med litt vekslande gjennomslagskraft argumentert for såkalla universalisme, at Bibelen eigentleg seier at alle menneske uansett blir frelste. Enkeltmenneskets historie saman med verdshistoria får ifølgje universalismen ein lukkeleg slutt uansett kva jordelivet har handla om. Det appellerande ved denne læra er det snille og inkluderande preget. At alle skal med er eit slagord vi kjenner både frå skule og politikk i vårt eige samfunn. Å få den same varianten frå kyrkja kan kjennast som ei trygg forsikring, også for den som ser Bibelen som ei mytesamling.

Sofistikert likesæle. 

Trass gode intensjonar endar universalismen fort opp som ei sofistikert form for likesæle. Det passar perfekt som ei religiøs ramme rundt ei individualistisk grunnhaldning, eller som kompanjong til eit liv der ein av ulike årsaker styrer unna å ta stilling til om Jesu lære er sanninga eller ikkje. Og det er ei kjensgjerning at vi vinglar og strevar med å ta gode val. Nettopp difor treng vi å utfordrast. Men universalismen er truleg ikkje meint for å sløva oss ned, han er vel heller utforma som ei allmenn trøyst og eit venleg handslag frå kristne som berre vil alle rundt seg vel. Men så var det dette med sanninga, då. I si lære ser Jesus ut til å gjenta ei grunnforteljing om at det er reelle val-alternativ for oss menneske. Anten det er den smale eller breie veg, å bygga huset på fjell eller sand, eller å ferdast i lys eller mørker; det er som menneske med vilje og evne til å ta eigne val vi blir møtt.

Dermed er det eit problem at universalisme ser ut til å fortrengja menneskeleg vilje. I boka «Ved en korsvei» drøftar teologen Geir Otto Holmås om nettopp viljen er den mest truga av dei menneskelege sjelsevner. Viljen, argumenterer Holmås, «er en positiv drivkraft som er helt nødvendig for sjelelig sunnhet og vekst, for å sette grenser, for å gi retning og erobre – ja, for å være et ekte menneske». Den skotske bibellæraren Oswald­ Chambers var likeins oppteken av viljen som det djupaste i oss, ein essens som set oss i ein spesiell forbindelse med Skaparen.

Som marionettar. 

Universalismen, derimot, seier at viljen vår ikkje utgjer nokon forskjell. Som marionettar vert vi viljelaust førte gjennom tilveret. Blir det då plass til den store kjærleiken som Bibelen skildrar og feirar – dersom jordelivet berre er eit passivt, meiningslaust opptrinn og viljen vår ein illusjon?

Ut frå eit kristent livssyn vert alle inviterte til å ta stilling, inviterte inn i den mest interessante og altomfattande relasjonen livet har å by på. Det finst ei dør som står vidopen, ein formidabel fest på gang, ein relasjon som rettar armane ut til alle, men som ikkje tvingar nokon. Det er sjølvsagt at det vert spurt etter viljen vår i sunne og gode mellommenneskelege relasjonar. For meg vert det på denne bakgrunn på same tid forståeleg og forunderleg at Gud spør eit lite menneske som meg kva eg vil – og tek det på alvor. Det har absolutt også noko skræmande ved seg. Men som C. S. Lewis treffande sa det, om det var berre velvære han søkte, hadde han heller drege fram ei flaske portvin enn å tydd til religion. Når spørsmålet er kva som er Sant, fører det ikkje fram berre å svara på kva eg tykkjer verkar greiast.

Ikkje-påtrengande. 

Jesus gir i evangelia mange døme på ei guddommeleg, inviterande, ikkje-påtrengande haldning. Men kva med dei som ikkje har høyrt? Som aldri fekk sjans til å ta stilling, anten dei døydde i mors liv eller levde ein stad evangeliet om Jesus ikkje hadde nådd? Frå universalist-hald høyrer ein gjerne at det også er på grunn av desse at ei universalistisk lære «må» vera sann. Til det er å seia at sjølv dei beste intensjonar kan gjera Gud liten – og altfor menneskeleg. Den kristne premissen er trass alt at Gud fann opp rettferda! Vi kan legga alt i hans hand, utan dermed å omskriva det Jesus lærer oss om at den frie viljen vår er ei gåve som forpliktar oss djupt og at vala våre om å følgja han eller forkasta hans venskap, faktisk har noko å seia.

Trykket i Vårt Land 10. juli 2018 i spalten Livssyn.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt