Marthe Kristine Østerud Primstad

2

Den norske kyrkja treng deg!

På verdidebatt 9.august skriv Liv Osnes Dalbakke om utfordringane med rekruttering til frivillig arbeid i Den norske kyrkja. Som fersk prest med ansvar for konfirmantarbeid ser eg utfordringane ho belyser. Det er mangel på frivillige, og mange kyrkjelydar slit med å rekruttera frivillige til aktivitetar og arrangement. Det som derimot fyrst og fremst bekymrar meg er at Den norske kyrkja har alt for få unge frivillige og leiarar. I Den norske kyrkje har vi eit stort hol, vi manglar rett og slett folk i alderen 16-30.

Publisert: 9. aug 2018

Det er ikkje det at det er mangel på kristne i sjiktet mellom 16 og 30. Eg er sjølv i denne gruppa og eg har mange vener og kjenningar som er gode, aktive og vedkjennande kristne. Utfordringa (eller problemet?) er snarare at desse ikkje vel å engasjera seg i Den norske kyrkja, dei oppsøker andre type kyrkjelydar. Eg har sjølv vore i denne kategorien fordi eg i fleire år gjennom studietida var aktiv i ein kyrkjelyd som ikkje var min lokale soknekyrkjelyd.

Det finnest mange og ulike årsakar til at unge vel å engasjere seg i andre type kyrkjer og kyrkjelyder enn Den norske kyrkja. Nokre synst det er ”keisamt” og likar ikkje ein fast liturgi og andre synst kyrkja har vorte for liberal. Ein annen viktig faktor er nok fellesskap, vi går dit venene våre går.

Likevel, no som det nærmar seg starten på eit nytt semester og mange studentar skal velja kva for slags kyrkjelyd dei skal engasjere seg i, vil eg gje ein sterk oppmoding og eit ynskje om at fleire skal engasjera seg i Den norske kyrkja. Vi treng deg som er ung og som kan vere eit førebilete og ein kristen rollemodell for konfirmantane våre.

Tenk på kva moglegheiter det finnest i kyrkja vår. Kvart år kjem tusenvis av konfirmantar og vi har tidenes moglegheit til å fortelja verdas viktigaste og beste bodskap: At Gud elskar dei og at Jesus Kristus har dødd og stått opp igjen for dei. I kva andre kyrkjesamfunn i Noreg får ein sama moglegheita?

Kanskje synst du kyrkja har vorte for liberal, men eg er heller ikkje einig i alt Den norske kyrkja har sagt og gjort. Likevel klarar eg å sjå det positive og dei store moglegheitene som ligg i folkekyrkja. Eller kanskje synest du at det er keisamt eller uvant med faste ledd i gudstenesta, men eg var heller ikkje van med det og det tok meg ein stund før eg lærte meg å setja pris på det. Men etter ein stund vart eg van med det og no ser eg alt gullet som ligg i liturgien og rikdomen som ligg i ledd som har vore ein del av den kristne kyrkjas gudstenestefeiring sidan den tidlige kyrkjas tid.

Kanskje går dei du kjenner ein annan plass enn i Den norske kyrkja. Men viss ein ikkje begynn ein plass og ingen dannar fellesskap, vert det heller aldri noko. Og kanskje kan du be med deg fleire du kjenner og de kan vere ein gjeng som dannar eit fellesskap i kyrkja?

Du er hjarteleg velkomen til å engasjere i deg i Den norske kyrkja. Ein kyrkje som på ingen måte er perfekt, men der det finnest gode folk, aktivt kristenliv og uana moglegheiter får å nå folk med det beste vi kan gje dei, nemleg evangeliet. Er du med?

 

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Dan Lyngmyr

205 innlegg  1187 kommentarer

Publisert nesten 2 år siden
Marthe Kristine Østerud Primstad. Gå til den siterte teksten.
verdidebatt 9.august skriv Liv Osnes Dalbakke om utfordringane med rekruttering til frivillig arbeid i Den norske kyrkja. Som fersk prest med ansvar for konfirmantarbeid ser eg utfordringane ho belyser. Det er mangel på frivillige, og mange kyrkjelydar slit med å rekruttera frivillige til aktivitetar og arrangement. Det som derimot fyrst og fremst bekymrar meg er at Den norske kyrkja har alt for få unge frivillige og leiarar. I Den norske kyrkje har vi eit stort hol, vi manglar rett og slett folk i alderen 16-30.

I flere generasjoner har  mennesker i min nære familie deltatt i ulike frivillige kirkelige aktiviteter for både barn og voksne. Jeg håper selvsagt at dette også vil fortsette. I sin forkynnelse har disse selvsagt vektlagt guds uendelige kjærlighet , nåde og tilgivelse foruten enkeltmenneskets verdi , men heller ikke underslått alvoret som følger våre beslutninger om å tro, eller ikke - og følgene av denne beslutningen for evigheten.

Nå er det en utfordring for meg og andre , og selv om det selvsagt gleder noen,at det i noen menigheter i praksis ikke lenger forkynnes at det finnes både en fortapelse og en himmel (Dvs  alle kommer til  himmelen uansett), og videre at det f,eks  ikke lenger er synd å leve i likekjønnet ekteskap.

For meg ville det være naturlig ved f,eks konfirmantundervisning å fremholde tydelig den bibelske normen for samliv , slik den  både historisk og teologisk er velbegrunnet , dvs at likekjønnet samliv er synd  og at det finnes både en himmel og en fortapelse/helvete. 

Jeg undres derfor på om det ville være plass  for meg i din flokk av frivillige ?

5 liker  

Mest leste siste måned

Ja vi elsker alle i dette landet
av
Jarle Mong
5 dager siden / 2736 visninger
Mel gir stabilitet
av
Ingrid Vik
27 dager siden / 1884 visninger
Er far og hans slekt uten betydning?
av
Øivind Benestad
2 dager siden / 1200 visninger
Hvem skal bli født?
av
Paul Leer-Salvesen
8 dager siden / 996 visninger
Mor eller menneske?
av
Liv Osnes Dalbakken
29 dager siden / 686 visninger
Visjon Norge og kritikk
av
Pål Georg Nyhagen
13 dager siden / 617 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere