Johannes Morken

Redaktør
442

Absurde «bevis» mot pastor i tyrkisk arrest

Ein video med oppskrifta på ein arabisk matrett er mellom dei aburde «bevisa» i tiltalen mot den amerikanske pastoren Andrew Brunson. I 22 månader har han vore politisk gissel i Tyrkia.

Publisert: 6. aug 2018

Onsdag innførde USA sanksjonar mot  den tyrkiske innanriksministeren og justisministeren. Det er eit svar på at Andrew Brunson (50) ikkje er sett fri, snart 22 månader etter at han blei arrestert i kjølvatnet av det mislukka kuppforsøket mot Recep Tayyip Erdogan i 2016.

Temperaturen i dramaet stig. 25. juli blei Brunson, ei veke etter det tredje rettsmøtet i saka mot han, overført frå fengsel til husarrest. President Trump truga etter avgjerda med sanksjonar mot Tyrkia dersom ikkje Brunson blir sett fri. Då slo den konservative og Erdogan-tru avisa Yeni Safak til med denne førstesida: «Sett presten i fengsel igjen!» Dette er ei av dei avisene som siste åra har levert mykje hatefull tale mot minoritetar,  ikkje minst kristne, og mot politisk opposisjonelle. Førstesida med «krigstypar» viser kva krefter som er i sving. 

Samlar krefter
Eg er nettopp komen tilbake frå Tyrkia og møte med nære støttespelarar av Andrew Brunson i det protestantiske kyrkjefellesskapet. Brunson har sidan 25. juli vore i husarrest i heimen sin, med stramme reguleringar. Han får ikkje møta media, til dømes. Og det er grunn til å tru at dersom pastoren skulle senda ut kommentarar gjennom dei få som får lov til å møta han, ville det hissa opp dei kreftene som offentleg krev at han blir fengsla igjen. No samlar Brunson krefter til det neste rettsmøtet 12. oktober.

Det var isolert sett eit framsteg å bli overført til husarrest frå nedbrytande soningsforhold i ei fengselscelle han måtte dela med mange andre – og med langt fleire enn cella var meint for. Dottera til Andrew Brunson har vore tydeleg på at soningsforholda har vore helsemessig direkte nedbrytande. Samstundes har dottera sagt kor stolt ho er over at faren står oppreist i forfølginga.

Ikkje bevis

Både støttespelarane til Brunson og vestlege observatørar som har følgt saka gjennom rettsmøta, det første i april, slår fast at det ikkje finst fnugg av prov. Han har, seier dei etter å ha lese tiltalen og høyrt vitnemål frå vitna til aktor, ikkje gjort noko ulovleg. Likevel er Brunson skulda for grove brotsverk mot staten.

Andrew Brunson leia i 23 år ein protestantisk kyrkjelyd i Izmir på vestkysten i Tyrkia. Så kom det mislukka kuppforsøket sommaren 2016. President Erdogan svarte med massive utreinskingar frå hæren og resten av statsapparatet. Mange journalistar og menneskerettsforkjemparar blei arresterte. Nokre lokalt tilsette på USAs ambassade blei fengsla. I oktober 2016 blei Andrew Brunson, opphaveleg frå Nord-Carolina, bura inne, dei første dagane sat kona hans også i arresten.

Då tiltalen blei offentleg kjend i mars, kom det fram at Brunson ikkje berre er skulda for å ha band til Fetullah Gülen, som Erdogan skuldar for å stå bak kuppforsøket. Han er også skulda for å band til kurdiske PKK som blir stempla som terrororganisasjon. At Brunson er skulda for å støtta to diametralt motsette opposisjonar viser kor absurd og politisk tiltalen er. Brunson er også skulda for militær spionasje. Det er ikkje måte på kva pastoren må svara for.

Oppskakande
Hadde ikkje Brunson risikert opptil 35 års fengsel, ville mange punkt i den 62 sider lange tiltalen kalla på smilebandet. Pastorens sterke ord om at han er uskuldig og at klagemåla er «skammelege og avskyelege», har for påtalemakta ingen verdi. Aktor stolar derimot på hemmelege vitne som ifølgje Brunsons støttespelarar spreier reine løgner.

Aykan Erdemir som tidlegare sat i det tyrkiske parlamentet og som i 2016 fekk Stefanusprisen, seier dette om tiltalen: «Den er ei skitten samling av konspirasjonsteoriar som gjer banale og kvardagslege detaljar frå ein pastors liv til terrorhandlingar». I ein artikkel i World Magazine tek Erdemir og ein forskarkollega føre seg 12 punkt frå dokumentet.

Matvideo
Lat meg ta eit utval. Andrew Brunsons dotter sende han ein gong ein video av ein tradisjonell arabisk matrett med ris, kjøtt og grønsaker – maqluba. Påtalemakta hevdar at dette er signaturretten til ein terrororganisasjon, ein rett terroristane set til livs i dei hemmelege husa sine. Videoen er difor, seier aktor, eit prov på band til ei terrorcelle.

Ein dag fekk Brunson ei tekstmelding frå eit medlem i kyrkjelyden. Vedkomande kunne ikkje delta på eit bønemøte fordi han hadde diaré. Kva har det med Brunson som påstått spion å gjera, tru?

Dømt for drap
Eit vitne, som er dømt for drap og flukt, vert også brukt av påtalemakta. Vitnet hevdar at han høyrde frå ein «israelsk misjonær» at Brunson hadde vore på eit møte i eit konferansesenter i Istanbul i mars 2013. Der planla deltakarane det som seinare skulle bli Gezi Park-protestane, landsomfattande demonstrasjonar mot regjeringsplanane om å rasera ein park sentralt i Istanbul, i mai 2013. Regjeringa ville byggja ei militær kaserne der.

Det er meir av same absurde sorten, inkludert påstandar om band til amerikanarar som er medlemmar i mormonarkyrkja – desse er, ifølgje påtalemakta, knytte til amerikansk spionasje. Artikkelen til Erdemir finst på nettsidene til Stefanusalliansen, www.stefanus.no.

Gissel
Det finst ikkje prov for at Andrew Brunson er knytt verken til terror eller spionasje. Derimot er han er eit offer for president Erdogans storpolitiske kamp. I USA sit Fetullah Gülen som vert skulda for å stå bak kuppforsøket. Erdogan har både i september i fjor og seinare vore klar på at Tyrkia kan utlevera Andrew Brunson dersom USA utleverer Fetullah Gülen. Pastor Brunson er altså eit storpolitisk gissel.

Tiltalen viser at saka mot Brunson er «den mest absurde i Tyrkias historie», for å låna Aykan Erdemirs ord igjen.

Ikkje minst etter utreinskingane som også ramma rettsapparatet etter kuppforsøket, er det liten grunn til å tru at domstolane i Tyrkia er frie og uavhengige. Vi må halda oppe presset og minna regjeringa i Ankara på at Andrew Brunson er uskuldig og at han må setjast fri. 

 

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 6.8.2018

5 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere