Verdidebatt

Urettferd erstattar urettferd

Innreiseforbodet i USA er eit døme på at i staden for å lære av historia, gjentar me dei same feila

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

26. juni vart det klart at fem av ni dommarar i amerikansk høgsterett har avgjort at presidenten har fullmakter til å ta avgjersler om nasjonal tryggleik, blant anna ved å regulere kven som kan kome inn i landet eller ikkje. Det berømte innreiseforbodet har dermed fått juridisk godkjenning.

Ein glad president. Muslimar er fienden, i følge Trump. Eit av løfta i valkampen var å nekte muslimar innreise til USA «until we know what's going on». Etter at innreiseforbodet, som hindrar innreise frå fleire land kor muslimar er ein majoritet, har blitt blokkert i fleire rundar i føderale domstolar var det tydelegvis jubel og glede i Trump-administrasjonen då dommen vart offentleggjort. Presidenten sjølv twitra: «HØGSTERETT OPPRETTHELD TRUMP TRAVEL BAN. Wow!»

Trass i at den viktigaste rettsinnstansen i USA no har sagt at presidenten kan forby personar av bestemte nasjonalitetar å reise inn i landet, er det likevel ei anna side ved dommen som får vel så mykje fokus i pressa: Etter 74 år har høgsteretten endeleg gitt uttrykk for at dommen i Korematsu v. United States-saka ikkje var riktig. Så kva har ei sak frå 1944 å gjere med eit innreiseforbod vedteke i 2017?

Under andre verdskrig vart nesten 120.000 av japansk opphav, 40.000 av dei med amerikansk statsborgarskap, flytta frå heimane sine og plassert i interneringsleirar. Politikken vart forsvart ved å seie at det var eit tryggingstiltak. Kven kunne vel vite kor lojaliteten til japanarane i USA låg?

Kampen for å bli. Ein av dei som vart råka var Fred Korematsu. Han vart født i Oakland i California i 1919. Foreldra var japanarar som kom til USA i 1905. Då vedtaket om interneringsleiarar vart fatta, bestemte resten av Korematsu-familien seg for å melde seg til myndigheitene slik dei vart fortalt. Fred Korematsu sjølv hadde ein italiensk kjærast, Ida Boitano, han ikkje ville reise i frå og bestemte seg derfor for å bli. For å unngå å bli oppdaga betalte han for plastisk kirurgi som skulle fikse augelokka og fjerne japanske trekk ved utsjånaden.

I følge dottera hans, Karen Korematsu, var det i utgangspunktet ikkje ein protest mot politikken som fekk han til å bli, men etter han vart arrestert og saka kom opp for retten vart avgjersla om å ikkje melde seg til noko langt større enn eit ønske om å tilbringe tid med Boitano. Fire år før FN vedtok Menneskerettserklæringa, og 15 år før Konvensjonen om eliminering av alle former for rasediskriminering trådde i kraft, saksøkte Korematsu interneringspolitikken som vart ført av den amerikanske regjeringa. Det skulle ikkje vere slik at regjeringa kunne internere ei heil gruppe av menneske berre fordi dei høyrte til ein bestemt minoritet i USA.

Seks av ni dommarar var usamde med Korematsu. Staten hadde i følge høgsterett moglegheita til å internere japanarar i USA i ein situasjon kor nasjonal tryggleik var førsteprioritet. Dei som vart plassert i interneringsleirar måtte etter krigen flytte austover sidan dei ikkje hadde lov å flytte tilbake til vestkysten kor dei budde før krigen.

Verda går ikkje framover. I 2018 kan det verke utruleg at seks av ni dommarar meiner at interneringsleirar for ein etnisk minoritet ikkje er grunnlovsstridig. Likevel viser den nylege dommen i Trump v. Hawaii, innreiseforbodsaka, at verda ikkje har gått så mykje framover som me skulle tru. Mindretalet av dommarane og saksøkarane påpeikte at innreiseforbodet har mange av dei same kjenneteikna som interneringsleirane under krigen: Menneske som tilhøyrar bestemte nasjonalitetar er offera, det føregår i stor skala og det blir grunngjeve med nasjonal tryggleik.

Fleirtalet på den andre sida hevda at innreiseforbodet ikkje har noko med Fred Korematsu og internering av japanarar under den andre verdskrigen å gjere. Likevel la dei inn ei setning om at avgjersla i Korematsu saka var alvorleg feil og grunnlovsstridig.

Då dommen vart kjent skreiv Karen Korematsu i The New York Times at ei urettferdig avgjersle har blitt erstatta med ei anna. For sjølv om det er store likskapar mellom Korematsu-saka og innreiseforbodsaka når ein samanliknar nedslagsfelt og grunngjeving, er det likevel dei prinsipielle og overordna spørsmåla som er viktigast å stille.

Om ein ikkje kan få rettferd i den høgaste rettsinnstansen i USA, kor kan ein få rettferd då? Kor går ein om det som skal vere vaktbikkja i eit demokratisk samfunn gir presidenten blankofullmakt så lenge grunngjevinga er nasjonal tryggleik? Og ikkje minst: Kvifor gjer me andre sine feil om igjen i staden for å lære av dei?

Denne kommentaren vart publisert i Vårt Lands papiravis onsdag 11. juli

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt