Øyvind Skartveit

1. Nestleiar Hordaland KrFU
1

EU=Fred?

Dette er eit svar på min vyrde partikamerat i KrFU Mats Skaar sitt innlegg om EU-medlemskap. Eg meiner at EU føre ei djupt urettferdig økonomisk ideologi, samt ei stadig samling av makt, og svikter som fredsskapar.

Publisert: 26. jun 2018

EU si rolle som fredsskapar er mildt sagt diskuterbar: NATO vart danna før EU sin forgjengar, «Kol og Stål-unionen» , og var første gong dei to tidlegare erkefiendane Frankrike og (Vest-)Tyskland var i allianse. På same vis vart dei fleste tidlegare austblokklanda medlem i NATO, før dei vart medlem i EU. Kroneksempelet er forhandlinga av grensa mellom Ungarn og Romania, nettopp for å bli medlem i NATO, fleire år før dei vart med i EU. Eit langt meir tragisk eksempel er kor inkompetente og handlingslamma EU viste seg å vera under Jugoslavia-krigane. Det vart opp til FN å skape fred i Bosnia og til NATO å hindre folkemord i Kosovo.

 

Mens EU-forkjemparar i vårt parti ofte trekk frem at EU-medlemskap på eit eller anna vis vil komme afrikanske småbønder til gode, er sanninga at det er danske og tyske storbruk som vil tene på medlemskap. Sjølv etter eurokrisa, er EU framleis styrt av neo-liberal økonomisk ideologi. Dette, saman med ei stadig føderalisering og byråkratisering i EU, har gitt legitimitet til nettopp dei kreftene Skaar vil svekke: Brexit, Viktor Urban i Ungarn og populistane i Italia. Ironisk nok vil Noreg med EU-medlemskap, måtte gje sine EØS/EU-midlar direkte til Urban si regjering, og ikkje til det ungarske sivilsamfunnet som i dag.

 

At EU er ein miljøforkjempar, er det eit svakt argument for å oppgje vår suverenitet. Dette undervurdere og FN sitt viktige arbeid med å få på plass Paris-avtala. FN er det viktigaste diplomatiske forumet i verda, og er difor langt viktigare som fredskapande institusjon, med eit langt meir vidt fokus enn berre Europa.

 

Toppen av kransekaka er korrupsjon og skattefjusk: EU-kommisjonen sin president Jean Claude Juncker har blitt avslørt av Luxpapers for personleg å ha stått bak å gjere Luxembourg til eit skatteparadis, i dei to tiåra han var finansminister og statsminister i landet. Kampen mot korrupsjon og skattesnusk er kanskje den viktigaste økonomiske oppgåva me har i vår levetid, og her viser EU seg atter ein gong for veik.

 

EU føre ei djupt urettferdig økonomisk ideologi, samt ei stadig samling av makt, og svikter som fredsskapar. Alt dette går i mot vårt parti sitt sosiale og skapande økonomiske fokus frå haugianismen, vårt fokus på lokaldemokrati frå subsidaritetsprinsippet og vår bibelske bodskap om å skape fred og sjå til vår Herre sine minste.

4 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere