Leder

Dataspel som diagnose

Speletid åleine avgjer ikkje om spelinga utgjer eit problem

Verdas helseorganisasjon (WHO) har nyleg sett avhengnad av dataspel på ei liste over psykiske lidingar. Spelavhengnad blir dermed å rekne som ein psykisk diagnose, dersom vedtaket går igjennom på den årlege helsekonferansen World Health Assembly neste mai.

Det er positivt at WHO ønskjer å ta grep om eit samfunnsproblem som går ut over folkehelsa. Spelavhengnad kan få negative konsekvensar både for sosialt samvær, daglege aktivitetar, personleg helse, utdanning og jobbkarriere. Samfunnet er ikkje tent med å lukke auga for denne problematikken.

Samtidig er det viktig å understreke at avhengnad ikkje er det same som å bruke mykje tid på dataspel. I så tilfelle kunne WHO vore farleg nær å diagnostisere store delar av ein heil ungdomsgenerasjon som psykisk sjuke. Ifølgje Barn og medier-undersøkinga 2018, utført av Medietilsynet, er dataspel ein aktivitet som 96 prosent av gutane og 63 av jentene i alderen 9 til 18 år brukar tid på. Nesten halvparten av alle 15-årige gutar spelar to timar eller meir per dag.

Medietilsynet gjekk i går ut og åtvara om at vi ikkje må stigmatisere barn og unge som følgje av WHOs klassifisering. Det er berre visse former for spelavhengnad som skal reknast som psykisk sjukdom, og dei aller fleste spelande er ikkje i nærleiken av ein diagnose. Eit viktig poeng er at speletid åleine ikkje avgjer om spelinga utgjer eit problem.

Somme personar kan ha eit lidenskapeleg forhold til dataspel, og til dømes spele Fortnite i fleire timar dagleg, utan at det treng å gå ut over verken helse eller livskvalitet. Problema oppstår der spelarane sluttar med andre aktivitetar, kuttar sosialt samvær med vener og familie, og skulkar skulen på dagtid mens dei sit oppe og spelar om natta.

Medietilsynet og Lotteritilsynet, som står sentralt i å utarbeide ein ny handlingsplan mot spelproblem, sette i februar i gang kampanjen «Snakk om spill». Der peikar dei på kor viktig det er at familien snakkar saman om dataspel, og at vaksne lagar gode rammer og avtalar for spelinga.

Dataspel kan gi glede, spenning og kunnskap. Der spelinga tek overhand, må spelarane få hjelp.

Trykket i Vårt land 21. juni 2018

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder