Verdidebatt

Er vi nordmenn verkeleg så ulike andre europearar?

Eg synest det er leit at Nei til EU og fleire norske politiske partier protesterer mot internasjonal solidaritet og reinare luft - også i Norge.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg har undra meg lenge over debatten om det europeiske energibyrået Acer. Bakgrunnen min er over førti års miljøinteresse, som Venstremedlem. Eg har gått i demonstrasjonstog mot sur nedbør i Hamburg i juli 1975, hadde gleda av å leie den store Aksjonen Norge mot Dounreay frå 1986 til 1989. Heilt frå 1970-talet var eit av dei sentrale krava våre å få internasjonalt forpliktande avtalar for å stoppe den sure nedbøren over Sørlandet og i kampen mot Dounreay, Sellafield, Tsjernobyl og annan atomkraft. Ei samla miljørørsle ville forplikte dei store landa og store forureinarane til å binde seg til å redusere forureininga.

Nå har EU skapt denne mekanismen, og markert ei heilt anna linje enn Donald Trump, som støttar sterkt forureinande kolkraft. I heile Europa er det sterk støtte til Acer. Dei som støttar energipakka og Acer er alle søsterparti i alle land sør for Kristiansand og aust for svenskegrensa til Venstre, Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Miljøpartiet De Grønne, Kristeleg folkeparti, SV og i dei fleste land også partia som tilsvarar Framstegspartiet.

Dei som IKKJE støttar Acer er engelske UKIP med Nigel Farage som leiar, franske Le Pen, nederlandske Geert Wilders, ungarske Fidez med Viktor Orbán, tyske Die Linke, Liga Nord og andre i italiensk politikk som ofte blir kalt meir og mindre fascistiske, det nynazistiske Gyllent Daggry i Hellas. I tillegg er talspersonane for kolkraftselskap og atomkraftindustri sterkt skeptiske til opnare grenser, som kan svekke økonomien i kolgruvene og atomkraftanlegga.

Nei til EU, Senterpartiet, SV, Rødt, delar av LO og langt inn i Arbeidarpartiet og Kristeleg folkeparti er motstandarar av europeiske samarbeid for å hindre forureining og styrke den langsiktige klimapolitikken. Miljøpartiet De Grønne blør og har mista folkevalte til SV som følge av den norske kampanjen mot Acer. Arbeidarpartiet har store problem med å roe gemytta internt i partiet.

Argumenta er nasjonal sjølvråderett og straumprisen. På årskonferansen i Norske kraftfylke var den framtidige kraftmarknaden tema. Høg kraftpris gir meir i inntekt til fylke og kommunar. Eg spurte innleiarane og kraftanalytikarane om dei trudde Acer ville føre til høgare straumpris i Norge og at andre enn norske styresmakter kan avgjere norsk kraftutbygging. Svara var at dei hadde leita og leita, men dei var ikkje i stand til å sjå at Acer hadde noen som helst verknad på verken straumprisen eller kven som bestemmer utbygging.

Eg helsar Acer velkomen. Acer vil bli viktig i kampen for å nå FNs klimamål, og det utan å ha den minste av innverknad på norske straumprisar og norsk sjølvråderett. Eg veit at eg, som vanleg, er sterkt usamd med Nigel Farage, Marine le Pen, Silvio Berlusconi og Geert Wilders. Eg synest det er leit at Nei til EU og fleire norske politiske partier protesterer mot internasjonal solidaritet og reinare luft - også i Norge.

Trykket i Vårt land 18. juni 2018

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt