Verdidebatt

Spor i hjertene og stier med lavmælt lys

Kva er det å preika i ei gudsteneste i 2018?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Guds hjerte vet vi ikke,
men vi vet
noe som overstrømmer oss
som et regn over hendene.

Hans øyne ser vi ikke,
men vi ser
usynlig lys over alle ting
som i sommernatten.

Hans stemme hører vi ikke,
men vi finner
veier overalt og spor i hjertene
og stier med lavmælt lys.

Rolf Jacobsen, fra Sommer i gresset, 1956

Det er alltid spanande å sjekka ut søndagens tekstar. Kva blir denne søndagens karakter? Kva salmar skal vi velja? Er det dåp? Er teksten vanskeleg eller enkel å preika over på akkurat denne søndagen? Kor skal eg finna inspirasjon og tankekraft til det eg skal produsera? Kjem stoffet fort, eller blir det mykje arbeid?

Å skriva preik er å vera i søndagens tekstar nokre veker på førehand. På vegen plukkar eg opp setningar, bilete, utdrag frå kronikkar, ordtak, lyrikk, salmevers og mykje anna som kan kasta lys over dagens tema. Med mange moglege inngangar er det artig, stort sett, å skriva preik. Ofte finn eg inspirasjon i preikesamlingar, av og til i forum på Facebook, nokon gongar i gode kafésamtalar med kollegaer på førehand. Orda kjem til meg frå her og der, fort eller sakte, jamt og trutt. Å skriva preik er ein kreativ prosess meir enn ein intellektuell prosess, vil eg seia. For meg er det slik. For andre er det annleis.

Preikearbeid er eit fag. Det finst ulike inngangar, ulike vinklingar, ulike fokus, ulike tilnærmingar. Denne teksten er berre mi eiga tilnærming og gjer ikkje krav på å gå inn verken i ein bestemt tradisjon eller retning. Det er enkelt og greitt nokre observasjonar av og betraktningar over kva det inneber å forkynna Guds ord sånn omtrent kl. 11.20 tre søndagar i månaden.

Det fine med å vera prest i Den norske kyrkja er at vi ikkje kan velja sjølv kva tekstar vi ska preika over. Det utfordrar og hindrar at vi kjører oss inn i altfor djupe spor. Vi blir utfordra av tekstane og av det som dei menneska har tenkt, som har sett saman dei tre tekstane som utgjer søndagens tekstmateriale. (Og det kan av og til vera ein utfordrande øvelse!) Stort sett er det å finna rommet mellom desse tre tekstane er noko av det som er morsomt med preikearbeidet.

Ofte er det vanskeleg, nokre gongar kjennest det umogleg å skulla preika over desse tekstane i 2018. I forkant av enkelte søndagar ser eg at mange prestar slit – meg sjølv inkludert. Av og til gruar eg meg til å høyra tekstane lest høgt i kyrkja, og eg kan kjenna at det er nokon ord som nærast heng att i kyrkjerommet lenge etter at medliturgen har sett seg; det kan vera ord som «forbannet være», «synd», «skam», «djevel», «satan» – spesielt når det er dåp kjennest desse orda harde, nesten øydeleggande og overskyggande over det andre som blir sagt. Likevel les vi dei. Vi vågar å gå inn det vanskelege. Vi vågar å oppsøka det som luggar, det som røskar og det som provoserer. Det synest eg er fint. Det hadde vore kjedeleg å berre tala om det som er lett og godt.

4. søndag i treeiningstida var det ein umogleg tekst. Om å ta opp sitt kors, om å fornekta seg sjølv, om å sjå at det ikkje er nokon verdi i å vinna heile verda og tapa sjela, om å få lønn som fortent. Det er utfordrande og vanskeleg. Men eg liker det. Og eg liker motstanden i tekstane. Fordi eg tenker: det er mi oppgåve som prest å finna evangeliet i tekstane til dei menneska som kjem i kyrkja i 2018. Det er mi primæroppgåve. Då eg blei ordinert, var noko av det eg lova å gjera, å «forkynna Guds ord klart og reint». Det er mange måtar å gjera det på. Eg vel å gjera det på den måten at målet er å leita fram eit evangelium for alle oss som er der. Eg grublar ikkje så mykje i preikene mine, eg grev ikkje så djupt i bibelsoga eller i orda, kanskje. Men eg leitar. Kanskje leitar eg meir hjå tilhøyraren enn hjå evangelisten? Kva treng dåpsfamilien, læraren som sit på sin faste plass, forsongaren som er med for fyrste gong, den eldre kvinna på bakerste rekke, konfirmanten på fremste benk, den frivillige slitaren som alltid stiller opp?

Eg trur det er éin fellesnemnar for alle desse, det er éin måte å nå inn til menneske på; det er å prøva å bevega. Eller «movere» som Augustin kallar det. Dei færraste går i kyrkja for å få tekstutleggelse som først og fremst er føde for intellektet. Dei fleste er på jakt etter noko som bevegar dei, noko som opnar opp, noko som set ord på kjensler og tankar som allereie bur i dei. Folk vil bli møtt, sett, utfordra til handling, bevega, berørt, betatt – det er det vi må peila oss inn på.

Er det så «folk flest» vi skal preika til? Ja, vil eg meina. Det viktigaste som kan skje på ei gudsteneste, er at nokon finn noko dei ikkje visste dei leita etter, ikkje visste at dei trong. For at det skal skje, må det vera noko som gir gjenklang i eige liv, det må vera nokre berøringspunkt mellom det presten seier, og livet til den som er der. Målet mitt for preika er at menneske skal kjenna dette: kyrkja er også min heim – anten ein er der ofte eller sjeldan. Her kan også eg gå til nattverd. Difor må ei preik invitera. Den må invitera menneske inn i fellesskapet, inn i mysteriet, inn i trua, inn i nåden. Då får det heller vera at intellektet kanskje ikkje får sitt, så lenge det blir servert føde for hjarta. Då kan dei greske orda glimra med sitt fråvere eller den grundige, faglige gjennomgangen venta til ein annan gong. Ikkje fordi det ikkje er gøy, ikkje fordi eg ikkje liker det sjølv.

Preika i gudstenesta er ein del av ein dramaturgi som ikkje først og fremst kallar på vårt intellekt, men på vår medvirkning, vår meddikting, vår deltaking, vår handling. Det må også preika gjera. Derfor er ein viktig del av mi førebuing å gjera som Rolf Jacobsen skriv i diktet Guds hjerte: å finna «spor i hjertene / og stier med lavmælt lys» hos alle dei som sit i benkeradene. Finna den stien som går der inne ein stad, som fører innover til hjartet og utover til fellesskapet, som kanskje er gjengrodd, som kanskje har nokre avstikkarar, som kanskje er mørk eller kanskje er lys. Slik at vi denne søndagen, 4. søndag i treeiningstida, 17. juni 2018 skulle kunna lytta til evangeliet om korset, om dom, om straff, oppreising, om livet med Gud, om nåden og fridomen og kjenna at det gav oss eit «usynlig lys over alle ting / som i sommernatten».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt