Kommentar

Kyrkja som del av fellesskapet

Nye norske kyrkjer blir bygde som ein del av kommunale kulturhus. Blir den kristne bodskapen vatna ut, eller blir han tvert om tydelegare?

Kyrkja er eit gamalt hus, men tuftene er i ferd med å endre seg. I Røyken kommune har ein ny signalbygning reist seg, eit kombinert kyrkje- og kultursenter med både kyrkjerom, livssynsnøytralt seremonirom og kulturscene i same etasje.
Døra er med andre ord høg og porten vid. Den nye kyrkja på Spikkestad er eit delt gudshus.
Det same skjedde i Stjørdal for tre år sidan. Kronprins Haakon Magnus opna Kimen kulturhus, der kyrkja er integrert som eitt av romma, stor nok for 250 personar.
Spikkestad og Stjørdal gir uttrykk for ei ny vindretning i Den norske kyrkja, der kyrkjelydar synest det er ein god idé å dele kyrkjebygningen sin med menneske av ulike livssyn.


Respekt. Sentralt er Den norske kyrkja imot denne nytenkinga. Kyrkjemøtet har bestemt at livssynsnøytrale rom ikkje skal vere ein del av ei vigsla kyrkje. Kyrkjebyggkonsulent i Kyrkjerådet, Ove Morten Berge, er imot løysingar som på Spikkestad, der store skyvedører skil kyrkjerommet frå eit livssynsnøytralt rom som kan brukast av andre trussamfunn.
Berge meiner at det handlar om respekt både for kyrkja sin del og for dei som ikkje ønskjer å ha noko med kyrkja å gjere. «Et bygg med kors på gjør det jo vanskelig for de andre», sa Berge til Vårt Land då kyrkje- og kultursenteret opna for litt over to veker sidan.


Defensivt. Berge har til dels rett i dette. I Stjørdal prøvde Sosialistisk Venstreparti både å hindre bygginga av kyrkja og å fjerne krossen frå veggen på kulturhuset. Det kan tenkast at det også finst andre som kjenner ubehag ved å møte ein lysande kross kvar gong dei skal på kino.
Gir ikkje Kyrkjerådet likevel uttrykk for ei litt forsiktig og nærmast defensiv haldning? Skal kyrkja la vere å samarbeide med kommunen om lokalar fordi nokon kunne bli støtt av det? Kva ideologiske argument ligg bak den kyrkjelege motstanden mot å gjere felles bu med andre aktørar? Bibelordet om ikkje å dra i same åk?


Kraftsentrum. Historisk sett har kyrkja vore eit kraftsentrum i lokalsamfunnet. Det var på kyrkjebakken folk møttest i gamle dagar. Kyrkjene, med sine høge tårn, er symbolske påminningar om eit samfunn som har rekna Gud med i likninga.
Dei rundt 3.000 kyrkjene som gjennom tidene er blitt bygde her til lands, er eit uttrykk for den sentrale rolla kristendommen har spelt og framleis spelar i samfunnet vårt. Men er det avgjerande for samfunnsutviklinga at kyrkjene kan forkynne den glade bodskapen bak sine eigne fire veggar?


Bygger bru. Vi veit at Gud ikkje bur i hus bygd av menneskehender. Særleg har dette vore hugsa på innanfor den protestantiske tradisjonen. Den sterke lekmannsrørsla i Noreg i etterkant av Hans Nielsen Hauge førte til at kristne forsamlingar fritt kunne samlast også utanfor kyrkjene, ofte med enkle rammer. Det er dei truande og ikkje bygningen som skaper ein kristen lyd.
Men har det noko å seie for den kristne trua dersom gudstenesta går føre seg i det same huset som ein borgarleg konfirmasjon? Opnar fleirreligiøse bygningar for synkretisme eller er dei tvert om brubyggarar for samtalar på tvers av livssyn?
Eg trur dei færraste vil hevde at soknepresten i Røyken vatnar ut den kristne bodskapen ved å la kyrkjelyden samlast med eit livssynsnøytralt seremonirom vegg i vegg. Tvert om kan denne imøtekommande haldninga, der kyrkja er ute blant folket, føre til at det dukkar opp fleire på gudstenesta.


Positivt. Kristne har sjeldan godt av å isolere seg frå resten av samfunnet. Jesus var ute og møtte menneske, det gjorde også Paulus. Sjølv om dei første kristne heldt saman i tette fellesskapar, var dei også kvar dag ute blant folk på tempelplassen.
Eg kan ikkje sjå anna enn at det er positivt med kyrkjer som ligg midt blant menneska der dei ferdast. I Stjørdal og Spikkestad er kyrkja både ein kristen fellesskap og ein tydeleg deltakar i å bygge det lokale fellesskapet. Om dette blir rekna som ei dårleg løysing, kan det jo også vere at det er Kyrkjerådet som bør tenke nytt.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar