Kommentator Sofie Braut

Det godes paradoks

Kampen mot det vonde er ofte sett på som ein sentral del av menneskelivet. Men kvifor skal det samtidig vera så vanskeleg å ta vare på det gode?

Publisert: 8. jun 2018

Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det’ formanar Paulus i brevet til Filipparane. Denne burde vera grei. Trass nokre tilbakeslag: vi gler oss vel over det som godt er, og strekkjer oss mot gode ideal? Stort sett, i det minste? Nokre assosiasjonar frå det nære kan illustrera at det er langt meir komplisert. 

Kulturforvitring.

 Vårens nyleg gjennomførte sidemåleksamen for tredjeklassingane mine på vidaregåande, baud på nokre nedslåande døme på kulturforvitring. I staden for å løfta fram slitesterk litteratur som gir ungdomane ein kulturell nistepakke med høg næringsverdi, kva møter dei? Utdrag frå Lothepus-biografien, som knapt kvalifiserer som ein kulturell parentes, vert opphøgd til analyseobjekt i oppgåva som var obligatorisk for alle kandidatar. Det styrande er sikkert visse idear om å vera aktuell og relevant. Men kor vart det av det som fortener ros? 

Media, det kvilelause hamsterhjulet vi ser som ei felles forplikting, røper i minimal grad behovet vårt for det som godt er. «Gladsaker» tek vi imot med eit skeivt smil, og det er langt mellom positive oppslag som har særleg vekt som verkelege nyheiter. Media let i det store og heile til å følgja ei lov som langt på veg formanar det motsette av Paulus. «Alt som det heftar tvil ved, alt diskutabelt, alle gråsoner, alt vi elskar å hata, alt som gremmer og skremmer oss og er til irritasjon, legg vinn på det». Til dette høyrer gjerne at tvil er meir pop enn tru. Tru, forstått som fast overtyding, vert gjerne feilaktig sett som motsett av nyfikne og utforsking. Dessverre. Etter tiår på tiår med postmoderne påverknad, er det å ha ei fast overtyding nesten litt fornærmande - sjølv teologar bør vera gode relativistar i vår tid.

Kortsiktig profitt. 

Kva så med estetikken sine kår? Ei folkeleg tilnærming er å løfta blikket og kikka rundt seg. Her eg bur, i vakre jærske omgjevnader, er det naturen som gjer at adjektivet «vakker» framleis passar. Mange grøne marker har blitt ofra for kortsiktig profitt, til dømes «Norges største Biltema». Matjorda meia ned av betong-kolossar utan så mykje som eit nabovarsel. At byggeskikk og estetikk har ein eigen passus i kapitlet om «Stedsutvikling» på regjeringa sine nettsider, tek kapitalismen med ei klype salt. Det er det funksjonelle som vinn kampen om fellesareala: Du skal vera bra velvillig om du meiner å ha sett eit vakkert kjøpesenter i det siste, for å seia det slik. 

Det kristne menneskesynet har ein velsigna realisme til hjelp for oss som aldri heilt kan fatta paradoksa knytt til det gode. På den eine sida, at det å ta vare på det gode ser ut som eit umogeleg prosjekt på eit overordna samfunnsmessig plan. Det er mange tilløp, mykje som lovar godt, men det skjører seg opp og snører seg att før ein får sukk for seg. På andre sida, at dette også speglar seg av i mitt eige liv. Kvifor kultiverer eg ikkje meir av det gode innan min eigen vesle radius? Kvifor er eg ikkje rausare, kvifor møter eg einkvan med mistru, kvifor let eg ein bitande kommentar ramma og såra? Realismen i trua ligg som slitne, men solide botnplankar i båten der ein seglar på livets hav. Noko har faktisk gått opp i liminga. Det er ei brest i alt saman. Vi har faktisk ein motstandar som stel glede og gode frå oss. 

70.000 favner. 

Denne grublinga gøymer eit spørsmål til alle sekulærhumanistar. For dersom vi, slik til dømes HumanEtisk Forbund postulerer, gjennom evolusjonen er «tilpasset et liv i samfunn med andre mennesker og har utviklet en samvittighet og en evne til å leve oss inn i andres situasjon», så fattar eg ikkje at vi ikkje er betre. At vi ikkje byggjer vakre bygningar, tek vare på beitemarkene og gjer godt ustanseleg. 

Skulle eg greidd å tru på sekulærhumanismens optimistiske evolusjon i møte med det godes paradoks måtte eg ha teke slike sprang i tru at Kierkegaards «70.000 favner» til forveksling minner om å trø på ei fjellstø klippe.

Trykket i Vårt land 8. juni 2018 i spalten Livssyn.

6 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Oddbjørn Johannessen

184 innlegg  13478 kommentarer

"Det gode som jeg vil,

Publisert 12 måneder siden
Sofie Braut. Gå til den siterte teksten.
Det kristne menneskesynet har ein velsigna realisme til hjelp for oss som aldri heilt kan fatta paradoksa knytt til det gode. På den eine sida, at det å ta vare på det gode ser ut som eit umogeleg prosjekt på eit overordna samfunnsmessig plan. Det er mange tilløp, mykje som lovar godt, men det skjører seg opp og snører seg att før ein får sukk for seg. På andre sida, at dette også speglar seg av i mitt eige liv. Kvifor kultiverer eg ikkje meir av det gode innan min eigen vesle radius? Kvifor er eg ikkje rausare, kvifor møter eg einkvan med mistru, kvifor let eg ein bitande kommentar ramma og såra?

gjør jeg ikke, men det onde som jeg ikke vil, det gjør jeg" (Rom. 7, 19).  Dette er et Pauli ord som de fleste kan kjenne seg igjen i - ikke bare troende kristne. Refleksjonene dine i det jeg har sitert ovenfor, kan vel dermed oppfattes som uttrykk for en allmennmenneskelig erfaring.

Det er mange tanker i innlegget ditt jeg kan slutte meg til, men jeg skjønner ikke helt hvorfor du kopler "det gode" og "det onde" til estetikk.  Jeg reagerer også på den polariserende tonen (kristendom vs humanetikk) i denne konteksten.

Kommentar #2

Daniel Krussand

16 innlegg  2003 kommentarer

Romerbrevet kap 6 er nøkkelen.

Publisert 11 måneder siden
Sofie Braut. Gå til den siterte teksten.
Kvifor kultiverer eg ikkje meir av det gode innan min eigen vesle radius? Kvifor er eg ikkje rausare, kvifor møter eg einkvan med mistru, kvifor let eg ein bitande kommentar ramma og såra? Realismen i trua ligg som slitne, men solide botnplankar i båten der ein seglar på livets hav. Noko har faktisk gått opp i liminga. Det er ei brest i alt saman. Vi har faktisk ein motstandar som stel glede og gode frå oss. 

Kanskje denne beskrivelsen ikke er sann?

I min Bibel stemmer det overhode ikke

Ordet i Rom 7:19 er da heller ikke en beskrivelse av å vandre i Ånden, men hva loven kan prestere.

«Iklæ eder da, som Guds utvalgte, hellige og elskede, inderlig barmhjertighet, godhet, ydmykhet, saktmodighet, langmodighet, så I tåler hverandre og tilgir hverandre om nogen har klagemål imot nogen; som Kristus har tilgitt eder, således og I! Men over alt dette iklæ eder kjærligheten, som er fullkommenhetens sambånd. Og Kristi fred råde i eders hjerter, den som I og blev kalt til i ett legeme, og vær takknemlige!»
‭‭Kolosserne‬ ‭3:12-15‬ 

Nøkkelen ligger i å være korsfestet med Kristus.  I dåpen er syndelegemet begravet og tilintetgjort.  Men Kirken med sin lære forstår ikke dette.

«vet I ikke at når I byr eder frem for nogen som tjenere til lydighet, da er I også tjenere under den som I så lyder, enten det er under synden til død eller under lydigheten til rettferdighet?

Men idet I er blitt frigjort fra synden, er I trådt i rettferdighetens tjeneste.»
‭‭Romerne‬ ‭6:16, 18‬ ‭

Nåden er ikke til kun til tilgivelse, men fører til hellig liv.  Les her:

«For Guds nåde er åpenbaret til frelse for alle mennesker, idet den optukter oss til å fornekte ugudelighet og de verdslige lyster og leve tuktig og rettferdig og gudfryktig i den nuværende verden,»
‭‭Titus‬ ‭2:11-12‬ 

Står det der at du strever, synder og faller i fristelse hver dag?

Uten rett lære om dåp, ingen seier.  Det gode er ikke et paradoks, det gode er gjort ferdig for oss så vi kan vandre i det.  

1 liker  

Mest leste siste måned

Bli i kirken, Märtha Louise!
av
Vårt Land
6 dager siden / 4917 visninger
Fra utskudd til kraft?
av
Vårt Land
17 dager siden / 4740 visninger
Slutt å gjøre kirken kul!
av
Merete Thomassen
6 dager siden / 2538 visninger
Bekreftet allerede
av
Joanna Bjerga
22 dager siden / 2301 visninger
Befri oss fra 1. mai
av
Ole Jakob Warlo
20 dager siden / 1783 visninger
Barns frihet til å velge
av
Berit Hustad Nilsen
7 dager siden / 1734 visninger
Hauge og Marx
av
Vårt Land
19 dager siden / 1504 visninger
Biskoper som blir realpolitikere
av
Espen Ottosen
12 dager siden / 1344 visninger
Taper-gutta
av
Vårt Land
11 dager siden / 1291 visninger
Kristne som lar seg bruke
av
Vårt Land
7 dager siden / 1141 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere