Verdidebatt

Det barnlause Europa

Overbefolkning fører til økologiske problem, fattigdom, kamp om ressursane og folkevandringar. I Europa er problemet heilt motsett. Her får vi ikkje nok barn til å sikre framtida for sivilisasjonen og kulturen vår.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Europa er styrt av barnlause politikarar

Dei vi har valt til å styre oss, ser ut til å tenkje meir på neste val enn på komande generasjonar. Prioriteringane deira i privatlivet kan tyde på det. For statsleiarane i Tyskland, Frankrike, Storbritannia, Nederland, Sverige, Sveits, Skottland og Luxemburg er alle barnlause! Fram til regjeringsskiftet for få dagar sidan gjaldt dette også for Italia. Men både der og i Aust-Europa må fertiliteten auke mykje skal utviklinga bli berekraftig.

Lasta fiskebåtar og gravide kvinner

Noreg er ikkje noko unntak, trass fødselspermisjon med løn og subsidiert barnehage. I fjor fekk kvinner i fruktbar alder berre 1,62 barn i snitt, det lågaste talet i historia vår. Steinar Bastesen sa som formann i Kystpartiet at det gildaste han såg var full-lasta fiskebåtar og gravide kvinner. Det vitna om optimisme og tru på framtida. Han hadde sjølvsagt rett. Frå låge fødselstal i dei økonomisk vanskelege 30-åra, auka barnetalet då krigen lei mot slutten og heldt seg høgt og stabilt i tretti år. Med prevensjon, ny abortlov og utdanningseksplosjon på 70-talet, fall fertiliteten til under reproduksjonsgrensa og har halde seg der sidan.

Færre må forsørgje fleire

Frå om lag 2025 og i ein generasjon framover må difor færre arbeidsføre forsørgje fleire eldre enn i dag, i tillegg til sjuke og uføre personar og mange ikkje-europeiske innvandrarar. For slik innvandring gjev ikkje noko netto tilskot av arbeidskraft, same kor hardnakka mange påstår det motsette. Både Frisch-rapporten frå 2003 og seinare forsking har gitt oss eintydige fakta, som då bør erstatte synsing om dette.

Barn ikkje berre ei privatsak

Framståande gynekologar og somme framsynte politikarar har foreslått å leggje om fødselsstønaden slik at fleire kvinner ser seg tente med å få sitt første barn tidleg i 20-åra, når komplikasjonane er færre. Då kan også nokre ha tid og overskot til å få to eller tre til for å kompensere for alle dei barnlause. Spørjeundersøkingar i fleire land har vist at kvinner i dag ikkje får akkurat så mange barn dei ønskjer, men faktisk litt færre. Offentlege støtteordningar legg i alle tilfelle mange føringar på kva folk vel å gjere, så politiske myndigheiter kan ikkje tvette sine hender og påstå at barnetal er ei rein privatsak.

Sjølvforakt like ille som nedvurdering av andre

Skal nordmenn og andre europearar sjå optimistisk på framtida, lyt dei også lære å setje pris på seg sjølve og sin eigen kultur og sivilisasjon. Frå ei nedvurdering av andre i tidlegare tider har vi no snudd til forakt for oss sjølve og oppskatting av alt eksotisk. Både pensum i skulen og innhaldet i dei fleste media er gjennomsyra av denne tankegangen. Seinast i dag er kjem tendensen godt fram i dette innlegget. Men sjølvforakt er like ille og skadeleg som å forakte andre, både for personar og for samfunn.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt