Kommentar

Barnet er ein jordvenn

Nærleik til naturen gir omtanke og ansvarskjensle for skaparverket. Dette bør stå sentralt i den kristne trusopplæringa.

Det er ingen naiv idé å vere ven med jorda. Dei færraste blant oss er motstandarar av å ta vare på skaparverket. Derimot varierer det kor flinke vi er til å gjere nettopp det.
Også innanfor den kristne trua er forvaltaransvaret ein sentral tanke. Gud har skapt verda for at vi skal ta vare på henne. Det vil vere ei overdriving å seie at vi har lukkast godt. Samtidig er det mange som gjer ein ekstra innsats, også innfor kristne ­miljø, med å auke medvitet vårt om ulike miljøproblem og peike på vårt felles ansvar for å motverke den negative utviklinga.


Ressursar. I miljøkampen høyrer også barna naturleg med. Barn har formidable ressursar til å bli miljødetektivar, slik dei nesten meir intuitivt enn vaksne reagerer på forsøpling av naturen og plukkar plast med liv og lyst langs strendene. Blekkulf er ein gammal helt for mange som i dag har fått barn sjølve, og nye versjonar av miljøblekkspruten dukkar framleis opp på TV-en heime i stua.
Difor er det svært positivt at det no er utvikla eit kyrkjeleg opplegg som for alvor tek ­naturen inn i trusopplæringa retta mot barn. I dag kjem boka Jordvenn – venn med hele skaperverket ut på IKO-forlaget, eit konkret resultat av eit prosjekt som IKO – Kirkelig pedagogisk senter har hatt gåande i fleire år. Boka blir lansert på Samisk ­kirkelivskonferanse i Tromsø, før ho også skal lanserast i Oslo seinare denne veka.


Genialt. Jordvenn er eit relativt nytt ord som er like enkelt som det er genialt. Det handlar om å leve i nærleik med naturen og utvikle eit ansvar for å ta vare på han. Kort sagt: Å vere glad i jorda. I dette ligg det ikkje snev av «jordisk» tankegods, men rommar tvert om essensen av det forvaltaransvaret som mennesket er blitt tildelt frå starten av.
Barn er i utgangspunktet jordvennar, det ser vi gjennom den naturlege gleda dei fleste barn viser i møte med ulike plantar og dyr. Samtidig er det kjær-­ kome med meir kunnskap om og forslag til korleis vi kan bruken naturen på ein integrert måte når vi snakkar med barna om Gud.

Styrke. Dette praktiske aspektet verkar boka Jordvenn – venn med hele skaperverket å vere gjennomsyra av. Det er også ein styrke­ at ho er blitt til etter innspel frå heile landet, inkludert samisk kyrkjeliv. Nettopp samane har mykje å lære bort når det kjem til å leve nært naturen, og samisk kristent tankegods – og praksisar - utgjer eit tyngdepunkt i boka. Eit prosjekt som på denne måten inkluderer både dei ulike landsdelane og det samiske perspektivet i ei viktig kyrkjeleg miljøsatsing, fortener mange heiarop – og skal iallfall få det frå meg.


Nyttig. Kunstnaren Solveig Egeland, som står bak miljø- og kunstprosjektet Ocean Hope, har også eit kapittel i boka. Kunstnariske perspektiv på miljø-­tematikken er nyttig, og Egeland viser korleis barn og vaksne kan vende det vonde til det gode ved å skape kunst av søppel. Dette gir gode erfaringar av at det ikkje er fåfengt å engasjere seg til beste for jorda.
Trusopplæringa kan godt ­legge vekt på pilegrimstradisjonen og det å oppleve stille i naturen. Både vandringa og stilla er viktige perspektiv som utgjer ei viktig motvekt mot andre typar rørsler barn er utsette for i dag. Barnekulturen er ikkje utprega av stille, noko vi blant anna kan kjenne att i det raske tempoet i moderne barnefilmar og TV-program. Støy er ikkje berre negativt i seg sjølv, for leik kjem sjeldan i lågt volum, men i ei tid der dagane elles blir raskt fylte opp av hektiske aktivitetar og gjeremål, er det eit viktig perspektiv å lære barna opp til også å kjenne på stille.

På tur. Vandringa, som vi finn i pilegrimstradisjonen, er også eit fint aspekt ved det å vere jordvenn. Barn likar å gå tur når det finst ting å sjå på og snakke om, og ofte er dei ikkje langt unna å vere små pilegrimsvandrarar i utgangspunktet. Turen er ein god reiskap til å gjere barn – og vaksne! – betre kjent med store og små under i naturen. Kan ein tenne bål eller smake på frukt og bær i tillegg, kan opplevingane bli minneverdige for små og store barnesinn.
Jordvenn-perspektiva bør framover vere ein viktig del av den kristne trusopplæringa.
Barn blir fort entusiastiske­ jordvennar, og kan i neste ­omgang hjelpe oss vaksne til også å vere det.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar