Kommentar

Betre enn verda

Eit fleirtal nordmenn er så stolte av vår eigen kultur at det stig eit nytt nasjonalvers fram frå grasrota: Vi er kanskje ikkje perfekte, men verda er iallfall ikkje det.

Innimellom er det nyttig å få blikket retta mot seg frå omverda. Dersom omtalen er fordelaktig, styrkar det sjølvbiletet vårt. Når ei amerikansk avis skriv om kor gode vi nordmenn er til å gå langrenn, er det mest så vi kjenner at blodet brusar. Men når utanforståande ymtar frampå med noko kritisk, er vi flinke til å avfeie det heile. Kritikarane har uansett ikkje god nok innsikt i norske forhold. Vi veit betre enn å la oss såre av slikt.
Nordmenn er eit stolt folkeslag, oppfostra på knattar og berg, langs fjordar og strender. Vi er vande med å stå oppreiste i blesten, lett framoverlente, stadig på offensiven.
Dei 434 åra vi var i union med Danmark, blei av Henrik Ibsen kalla for 400-årsnatta, ei formulering frå Peer Gynt. Uttrykket fekk raskt bein å gå på. Betre enn den mørke natt, er den klåre dag, og etter at nasjonen hundre år seinare blei feit på olje, har sola knappast gått ned her i nord.


Overlegen kultur. Når vi attpåtil nyleg har sett ny verds-rekord i medaljefangst under Vinter-OL, er det hardt å få ein fersk rapport frå det amerikanske Pew Research Center i fleisen no på forsommaren. Seks av ti nordmenn meiner at vår norske kultur er overlegen andre kulturar, har Pew funne ut. Og dette resultatet kjem altså i ei tid der det er tjue år sidan sist det norske herrelandslaget var med i Fotball-VM.
Norsk kultur og norske verdiar er i vinden, ikkje berre som eit resultat av politisk retorikk på den ytre høgresida. Det finst ei ­rimeleg stor semje blant nordmenn om at nokre verdiar, nokre kulturar, er å føretrekke. 58 prosent er samde i utsegna «Folket vårt er ikkje perfekt, men vi har ein kultur som er betre enn andre.» Det er nesten så ein skulle tru at Pew har stole frå og skamfert artisten Cezinando: «Vi er perfekt men verden er ikke det».


Tyn til jul. Det er freistande å minne om julehelsinga til tidlegare kulturminister Linda Hofstad Helleland. Helleland fekk for eitt og eit halvt år sidan ualminneleg mykje tyn for å formulere seg om det norske som vi skulle vere stolte av. Så viser det seg altså at fleirtalet av folket går mykje lenger enn det Helleland gjorde i si varme omfemning av Bjørgen, Bjørndalen, brunost og graut. «Ver stolte av det norske», sa Helleland. «Vår norske kultur er overlegen», svarer folkehopen nokre månader seinare. Tala viser at Noreg er det einaste av 15 vesteuropeiske land i undersøkinga der over halvparten av befolkninga meiner at deira eigen kultur er best.


Sjølvgodheit. Sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen uttalte seg om Pew-undersøkinga i gårsdagens Vårt Land og peika på at tala reflekterer ei utbreidd norsk sjølvgodheit, der vi har ein tendens til å meine at vi får til alt: «Mens vi klarer oss også gjennom økonomiske kriser, kan andre gjerne steke i sitt eget fett.» Sosialantropologen saknar meir audmjukskap, nysgjerrigheit og openheit mot andre samfunn og kulturar.
Det er lett å vere einig med han. Der Gro Harlem Brundtlands «Det er typisk norsk å vere god» frå 1992 var eit sjarmerande klapp på vår eiga skulder, står vi no faretruande nær å seie at «Det gode er typisk norsk». Det er ein farleg veg å gå.


Ein vekkar. Eg trur eigentleg ikkje at nordmenn flest kjenner seg igjen i den sterke sjølvgodleiken og farlege nedvurderinga av andre kulturar som kjem fram i undersøkinga frå det amerikanske forskingssenteret. Og stolte over landet vårt skal vi framleis vere. Likevel er undersøkinga ein vekkar. Vi gjer klokt i å ikkje børste ho av oss sånn utan vidare. Kan det tenkast at vi er i overkant sikre på kor fabelaktig den norske kulturen er?
Eit land i verda. I ei verd som i større og større grad deler felles utfordringar og der alt heng saman med alt, er det lite tenleg å male seg inne i eit hjørne og vere stolte av vi har den beste målarkosten. Noreg er eit land i verda, sjølv om vi står støtt utanfor EU. Stordomstankar om eigen kultur kler ikkje ein liten nasjon som vår, det minner fort om mindreverdskompleks.
Vi er ikkje betre enn verda. Derimot kan vi jobbe for å gjere verda til ein betre stad.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar