Verdidebatt

Prest skal eg i alle fall ikkje bli!

Når ein ser på dagens situasjon i Den norske kyrkja, kan ein kanskje byrje å lure på om Gud ikkje kallar nok menneske til teneste i kyrkja.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg trur nok at dei aller fleste vil vere samde i at det ikkje er Gud som har svikta kyrkja. Gud kallar utvilsomt stadig nye menneske til teneste i kyrkja – så kva er då grunnen til at rekrutteringa er så svak?

Kall til teneste.

På tampen av mitt tredje år som profesjonsstudent ved VID Misjonshøgskolen, kjenner eg at tida er mogen for å dele av mine eigne erfaringar med kall til teneste og rekruttering i kyrkja.

I Bibelen finst det mange historier om menneske som vert kalla av Gud. Jesaja ser ein mektig visjon av Gud som sit opphøgd på si himmelske trone, Saulus vert blenda av eit sterkt ljos, Moses møter Gud i ein brennande busk, og mange fleire.

Slike sterke, tydelege og overnaturlege kallsopplevingar er jo ikkje akkurat daglegdagse. Det hadde kanskje gjort rekrutteringa mykje enklare! For dei aller fleste av oss, er nok kallet mykje meir subtilt, og noko ein stadig må arbeide med.

Tenaren din høyrer.

Forteljinga om profeten Samuel sitt kall har alltid vore ein av mine favorittar. Midt på natta høyrer Samuel røysta til Gud, som ropar namnet hans. Men han «kjende enno ikkje Herren» (1. Sam. 3,7), og trur det er Eli, som han gjer teneste under, som ropar. Tre gonger spring Samuel inn til Eli, før Eli skjønar at det er Gud som ropar, og ber han svare «Tal, Herre, tenaren din høyrer!» (1. Sam. 3,9) Samuel gjer som Eli seier, og får si fyrste openberring frå Gud.

Samuel trong nemleg hjelp til å kjenne att Guds røyst.

Sjølv vaks eg opp i ein kristen familie som var aktiv i lokalkyrkjelyden, og har alltid sett på meg sjølv som ein kristen. Eg vart engasjert i friviljug arbeid frå eg var svært ung, i sundagsskule, ungdomskor, klubb, trusopplæring, og mykje anna. Kyrkja og trua var ein stor del av livet mitt – men tanken om å verte prest råka meg aldri.

Opptak på teologi.

Det var nær sagt ein tilfeldighet at eg byrja å studere teologi på Misjonshøgskolen. Teologi, filosofi, og religion hadde alltid vore blant dei faga som interesserte meg mest, og difor kunne eg tenke meg å forske på og undervise i teologi. Då eg hadde nokon kompisar som skulle studere i Stavanger, googla eg meg fram til Misjonshøgskolen, og søkte opptak på teologi der.

Sjølvsagt kom spørsmålet frå vener, familie og eigentleg dei fleste eg fortalde at eg skulle studere teologi: «Åja, så du skal verte prest?» Men eg blånekta. Prest, det var ikkje noko for meg. Eg starta studia mine på Misjonshøgskolen hausten 2015 med eit mål om å ta bachelor, master, og kanskje ein Ph.D.

Men lærarane på skulen var ivrige etter å fortelje varmt om prestetenesten, båe gjennom undervisning og meir uformelle samtalar i kantina, og utfordra alle oss som ikkje gjekk profesjon til å vurdere teneste i kyrkja. Like eins var Stavanger bispedøme aktive i rekruttering inn mot studentane, og me hadde jamnleg besøk av biskopar og prestar som snakka varmt om tjeneste i kyrkja.

Skulle verte prest.


Det tok ikkje lang tid før eg oppdaga kallet. Snøgt eit år hadde eg gått på Misjonshøgskolen då eg bestemte meg for at eg skulle verte prest.
Eg seier at eg oppdaga kallet. Då eg bestemte meg for å verte prest, var det nemleg som om brikkene falt på plass.

Det kjendest som om Gud hadde kalla meg til teneste heile livet, at kallet hadde låge latent i meg sidan den dagen eg vart døypt – som om Gud ropa på meg, slik han gjorde med Samuel – men det var fyrst no eg hadde fått hjelp til å kjenne att røysta hans.

Det var mange kjensler involvert – det var litt flaut å plutseleg ombestemme seg, litt skummelt å skulle verte prest. Men fyrst og fremst var det ei kjensle av takksemd og kjærleik: til dei som hadde vist meg kallet og oppmuntra meg til presteteneste, og ikkje minst til Gud, som hadde bruk for vesle meg.

Forstå kallet.

Dersom det er slik at Gud framleis kallar folk til kyrkjeleg teneste, er det nok mange som treng hjelp til å oppdage og forstå kallet. Eg ser på meg sjølv som heldig som oppdaga det då eg byrja på teologistudiet, men det burde jo ikkje vere nødvendig å studere teologi for å finne ut at ein har eit kall til teneste.

Som tilsette og friviljuge i kyrkja, står me på frontlinja i rekruttering. Det er vår oppgåve å hjelpe unge menneske til å oppdage, forstå og realisere kallet. Det er vår oppgåve å utfordre dei til å tenke på å arbeide i kyrkja. Eg er ikkje i tvil om at Gud kallar nok prestar, kateketar, diakonar, kantorar, og alle andre kyrkjeleg tilsette, men mange av dei treng, som eg gjorde – som sjølv profeten Samuel gjorde! – hjelp til å oppdage kallet.

Trykket i Vårt land 30. mai 2018

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt