Verdidebatt

Evna til å tenkje konkret

Den som godtek og trur at Jesus stod opp frå dei døde og viste seg for læresveinane, må naturleg spørje: Korleis skulle Jesus så forlate dei?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Teologane våre fornektar seg ikkje. Dei trur ikkje på nokon konkret himmelfart. Men vi, Vårt Land-lesarar flest, har vel rekna med at dei stort sett trur konkret på Jesu oppstode. Men ut frå det Halvor Moxnes skriv 14. mai, kan ein få inntrykk av at også oppstoda berre er «en antikk myte med åndeliggjort innhald», for å låne Magne V. Kristiansen sine ord 11. mai.

Endå om eg opplever at tolkinga og analysen av dei gamle mytane er opplysande og interessante, for eksempel myten om skya som går att i Bibelen, har eg reagert på dei mange fagteologiske abstraksjonane som har prega himmelfartsdebatten no i år, til liks med dei mange innlegga om oppstoda før påske i fjor.

Der er som om evna til å tenkje konkret manglar! Dei har ikkje fått med seg at den paranormale fysiske skikkelsen som Jesus viste seg for læresveinane i, er noko tusenvis av nolevande menneske har erfart, og eg kjenner frå min eigen nære familie eit eksempel som er uråd å forklare psykologisk

Den som godtek og trur at Jesus stod opp frå dei døde og viste seg for læresveinane, må naturleg spørje: Korleis skulle Jesus så forlate dei? Berre ved å bli borte, som det blir fortalt eit par gonger at han vart, eller ved å gå frå dei bortover vegen? For meg er det som det blir fortalt at Jesus gjorde, det mest formålstenlege valet. Og eg meiner så visst ikkje at Gudsriket er ein konkret stad der oppe.

Moxnes legg vekt på å forklare oppstoda som ei trusoppleving i ein ikkjefysisk dimensjon. Også dei teologiske skribentane før påske i fjor var lite konkrete i sine trusuttrykk. Eg las det eine innlegget føre og det andre etter, men ingen av dei så mykje som tøtsja det vi faktisk veit om oppstoda: At Torinokledet er eit grunnsolid bevis. Til slutt måtte forfattaren av boka «Likkledet i Torino», Jostein Andreassen, gripe ordet og fortelje dei at Likkledet faktisk er eit slikt bevis, heva over all rimeleg tvil.

Det undrar meg ikkje at dette beviset er eigna til å skape ugreie i den teologisk-akademiske lærdomsdebatten både om oppstoda og himmelfarten.

Trykket i Vårt land 22. mai 2018

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt