Verdidebatt

Grundtvigs ambivalente arv

Vi treng ikkje gi N. F. S. Grundtvig siste ordet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Menneske først – kristen så, det var kongstanken til den danske teologen, salmediktaren og læraren N. F. S. Grundtvig. Grundtvig ramma rett nok sitatet inn i ei salme som gav ein klangbotn utover det som står att når ein ser på det som ei lausriven linje, men det er gode grunnar for å hevda at slagordet har fått langt meir gjennomslag enn godt er.

Heng uløyseleg saman. 

La det vera sagt med ein gong: Problemet er sjølvsagt ikkje at ein løftar fram det menneskelege. Det er noko ein heller bør gjera langt meir av i ei verd der det straumlinjeforma, umenneskeleg effektive og brutalt kapitalistiske altfor ofte ser ut til å få siste ordet. Problemet er at vi i Grundtvigs tradisjon så lett går med på å spela to kategoriar ut mot kvarandre som eigentleg heng uløyseleg saman. Det formar tanken vår og det forkludrar trua vår. Arven etter Grundtvig er i så måte svært ambivalent.

For oppdelinga og todelinga av på den eine sida «det menneskelege» og på den andre sida «det kristne» kviler på ein premiss som er grunnleggande feil. Fyndordet heng i lufta som svar på eit spørsmål som er fatalt feil stilt. For kva gagnar det oss å prioritera mellom det menneskelege og det kristne? Kva kan ei slik kunstig oppdeling tena til? Ut frå kristen tenking er jo det å følgja Kristus verkeleg å vera menneske i djupaste forstand. Det fører oss jo til vår heim i Gud, ja, til vårt opphav.

Evige sanningar. 

Det misvisande ved denne oppdelinga kan for det første skapa eit inntrykk av at evige sanningar bør vika til fordel for ei «her- og nå»-haldning – også for kristne. Skal ein prioritera ein viss ide om «det menneskelege», vert det gjerne til at ein at ein assosierer dette med pragmatikk og tilpassingsiver – When in Rome, do as the romans, som det heiter. Det konkrete og materielle må opp på prioriteringslista ettersom samfunnet elles legg mest vekt på dette.

Menneske først-tankegangen inneber vidare ei litt urealistisk oppvurdering av det «reint» menneskelege. Det er som om ein må rydda det kristne or vegen for at det menneskelege skal få armslag. Ein ser resultat av denne haldninga til dømes i læremateriell i skulen, der det lenge har vore svært viktig å tona ned kristen påverknad. Ein framstiller kanskje kristninga av Noreg som innføring av strenge påbod om kviledagen, og dermed ei avgrensing av menneskeleg fridom.

I realiteten er det jo «det kristne» som her banar veg for det høgst menneskelege behovet for kvile og rekreasjon. Men det hjelper jo heller ikkje å snu det på hovudet. Det menneskelege og det kristne står heilt enkelt ikkje i eit slikt konkurranseforhold.

Teken opp til himmelen. Menneskeleg fornuft, som dessverre så altfor fort tek form av snusfornuft, får også ei ufortent prominent plassering om ein har Grundtvig-sitatet som leiestjerne. Det har hopa seg opp mange nylege døme, til dømes frå debatten knytt til Kristi himmelfart. Om Lukas er ein aldri så påliteleg historikar, og om Bibelen aldri så mykje er vår heilage skrift, er det likevel merkeleg nok fleire teologar som har behov for å justera himmelfarten i tråd med det vi no reknar for det mest «fornuftige», nemleg at noko anna må ha skjedd med Jesus enn at han rett og slett vart «teken opp til himmelen», slik Lukas skriv. Men om ein går trua etter i saumane: har det nokon gong vore rein menneskeleg fornuft som driv oss til tru? Nei, på eitt tidspunkt må sjølv glitrande truverdig apologetikk tagna og ein står att med tørsten og svolten på Sanninga.

Liksom av eld. 

Og snart er det pinse, og inn susar heilaganden og røskar tak i den som vil. Han gjer truleg «menneske først, så kristen»-påbodet endå eit hakk meir brysamt enn ved himmelfarten. For kva skjedde eigentleg den første pinsedagen? Kom det «tunger, liksom av eld» og sette seg på folka som var samla? Tala dei på språk dei ikkje sjølv skjøna? Eller er det alt saman berre symbolske og kryptiske forteljingar som først får verdi og meining når dei vert dempa ned og fila til så fornufta vår rår betre med dei? Om det er «menneske først» vert det gjerne slik. Men vi treng altså slett ikkje gi Grundtvig siste ordet.

Trykket i Vårt land 18. mai 2018

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt