Leder

Heilagdagar gir rotfeste

I staden for å kutte i heilagdagar, treng vi å synleggjere bakgrunnen for dei ekstra fridagane på nytt. Heilagdagane gir rotfeste.

I helga er det pinsehøgtid. Det inneber også at dei fleste nordmenn får måndagen fri. Men bør vi eigentleg ha fri på 2. pinsedag? Dei seinaste tida har debatten skote fart på nytt, etter at presten Per Anders Nordengen i eit intervju med Vårt Land den 30. april meinte at Den norske kyrkja burde fråseie seg denne typen heilagdagar.

Denne veka var det leiaren av Norges kristelige studentforbund, Ingvild Yrke, som helte bensin på bålet ved å føreslå at dei såkalla andredagane – 2. juledag, 2. påskedag og 2. pinsedag – burde bli «gitt» til kvinnerørsla, miljørørsla og den muslimske minoriteten i landet vårt. Overfor Klassekampen grunngjev Yrke forslaget med at kristne er kalla til å kjempe for dei svake. Difor ser ho på å avstå heilagdagar som ei nestekjærleg handling.

Nestekjærleiken bak forslaget har vi stor sans for, men ei innskrenking av eksisterande kristne heilagdagar er ikkje rette vegen å gå. For mange er desse heilagdagane lite forbunde med kyrkjelege markeringar, mens dei derimot gir folk ein sjanse til å komme seg på hytta, reise på utanlandstur eller rett og slett ta ein pust i bakken. Likevel skaper dagane ein rytme som vi skal vakte oss for å rokke ved.

Tradisjonar skal ein ikkje kimse av. Frå gammalt av har andredagane vore til for å skape rom rundt sjølve høgtidsdagen. Mange måtte reise langt for å komme seg til gudsteneste, og dei lange avstandane i landet vårt skulle ikkje vere hinder for deltaking. Sjølv om dei geografiske langdistansane i landet vårt i stor grad er blitt overvunne av moderne samferdsel, er det framleis ingen dum tanke å ha ro rundt seg når ein skal halde høgtid. Vår tids menneske er kanskje effektive nok til kunne feire pinsegudsteneste i lunsjpausen, men verken sjela eller samfunnsøkonomien går til grunne av ein ekstra dag med kontemplasjon.

I staden for å kutte i heilagdagar, treng vi å synleggjere bakgrunnen for dei ekstra fridagane på nytt. Her har dei ulike kyrkjelege miljøa både ein sjanse og ei stor utfordring. Heilagdagane gir rotfeste. Kanskje ligg det også ei utfordring her til aktive kyrkjegjengarar: Pinseunderet er ikkje forbi så fort vi går ut kyrkjedøra på søndag.

Trykket i Vårt land 18. mai 2018

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder