Kjersti Toppe

13    2

Teknikk framfor etikk

Om ingen av foreldra har biologisk tilknyting til barnet. Kva er eigentleg den store skilnaden då mot surrogati?

Publisert: 15. mai 2018 / 172 visninger.

I dag skal Stortinget vedta Bioteknologimeldinga. Det er snart eitt år sidan regjeringa fremma denne meldinga. Regjeringa la fram ei melding der ein på fleire viktige punkt ikkje tok stilling. Dei hadde inga meining. Statsråd Bent Høie lot ansvaret gå frå seg.

Sjeldan kost. 

Han har sidan latt regjeringspartnar Frp og Venstre skape fleirtal på kryss og tvers i Stortinget. Ofte imot det Høgre sjølv står for. Det er sjeldan kost, og uvanleg. Dette fører no til ei sterk liberalisering av bioteknologifeltet. Feltet blir meir individretta. Det handlar om dei vaksne sin rett til å få barn, og mindre om til barns rett til foreldre. 

At eit fleirtal på Stortinget vil opne for eggdonasjon, har vore kjent. I alle fall etter Høgre sitt landsmøte. Senterpartiet meiner dette er uheldig. Det bryt eit viktig prinsipp om at den som fø- der barnet, er barnets biologiske mor. Det kan ikkje samanliknast med sæddonasjon. 

Dette handlar ikkje om likestilling, som mange vil bagatellisere det til. Men det som er enno meir oppsiktsvekkjande, er at fleirtalet på Stortinget også vil tillate dobbeltdonasjon. Altså å donere både egg og sæd samstundes. Donasjon av ferdig befrukta egg. Foreldra vil ikkje ha nokon biologisk tilknyting til barnet. Kva er eigentleg den store skilnaden då mot surrogati?

Frå tre foreldre. 

Likeeins er det oppsiktsvekkjande at eit fleirtal vil opne for mitokondriedonasjon. Det betyr at barnet vil få genetisk arvemateriale frå tre foreldre. Det er diskusjon om metoden er medisinsk trygg. Ein lagar genetiske forandringar i kjønnsceller enten før eller like etter befruktninga. Eg hadde aldri trudd at Norge ville tillate dette. Men nei då. Med Ap, Frp og Venstre i førarsetet, ber dei regjeringa sjå til Storbritannia for å lære meir og innføre dette i Norge – når det er trygt. Men kor er prinsippa vorte av? Fins inga grenser lenger for rammer rundt det å skape det friske foster? 

Så til forslaget om la friske kvinner skal få rett til å lagre eggceller, heilt uavhengig om det er nokon medisinsk grunn for det. Friske kvinner skal få tilbod frå staten om å fryse ned egg, sånn i tilfelle. Slik kan ein kan ha «unge og friske» egg i reserve. Kjekt å ha når ein seinare i livet vurderer å få barn. For det fyrste er dette i høgste grad ein drivar for å gjere barn til ei bestillingsvare. For det andre er det mykje andre ting velferdsstaten bør bruke sine ressursar på, enn å gi friske kvinner tilbod om dette. Å snakke om ein stor eigenandel, som Arbeiderpartiet gjer, hjelper ikkje. Er det så viktig for Ap, Frp og Venstre gjere dette til eit offentleg tilbod, er det eit paradoks at det berre skal gjelde dei som har råd til det.

Vil utfordre prioriteringane. 

Det same har Høgre sagt om assistert befruktning til einslege. Det skal komme ein «betydeleg» eigenandel. Det verkar som at Høgre prøvar det dei kan for å kamuflere det faktum at tilbodet sjølvsagt vil utfordre prioriteringane i helsevesenet vårt. Alt kan ikkje løysast ved høge eigenandelar. Er det fyrst blitt eit offentleg tilbod for einslege kvinner å få barn, utan at dei har ein partner og utan at dei slit med infertilitet (barnløyse), kvifor gjere det til eit tilbod for dei med ressursar? 

Det viktige her er at ein bryt prinsippet om at assistert befruktning skal vere eit tilbod – innanfor visse rammer – for dei som slit med å få barn. Altså at det er ein medisinsk problemstilling. Å vere einsleg er ingen sjukdom. Barn har rett til to foreldre. Staten bør ikkje legge til rette for noko anna.

Trykket i Vårt land 15. mai 2018

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Siste innlegg

Den svarte slangen
av
Rebecca Solevåg
rundt 3 timer siden / 42 visninger
0 kommentarer
Biskop Currys utopi
av
Vårt Land
rundt 3 timer siden / 71 visninger
1 kommentarer
Til mine ureligiøse venner
av
Åste Dokka
rundt 3 timer siden / 432 visninger
2 kommentarer
Helligdager
av
Ronnie Eckholm
rundt 16 timer siden / 141 visninger
2 kommentarer
Guds hjerte
av
Thor Ivar Hornnes
rundt 20 timer siden / 102 visninger
0 kommentarer
De har seg selv å takke?
av
Odd-Egil Auran
rundt 22 timer siden / 111 visninger
0 kommentarer
Les flere

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Martin Sandstad kommenterte på
Historie som forkynnelse
2 minutter siden / 633 visninger
Tove S. J Magnussen kommenterte på
Regjeringen vil fjerne Odelsloven.
10 minutter siden / 706 visninger
Egil Andre Gjerde kommenterte på
Til mine ureligiøse venner
12 minutter siden / 432 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Helligdager
21 minutter siden / 141 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Til mine ureligiøse venner
24 minutter siden / 432 visninger
Hans Ingvald Røed kommenterte på
Regjeringen vil fjerne Odelsloven.
26 minutter siden / 706 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Biskop Currys utopi
38 minutter siden / 71 visninger
Tove S. J Magnussen kommenterte på
Den åpne kroppen
41 minutter siden / 1859 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Åndens mangfold
rundt 2 timer siden / 2782 visninger
Dag Løkke kommenterte på
Tegn og undre i den arabiske verden
rundt 2 timer siden / 394 visninger
Alf-Erik Hallert kommenterte på
Grundtvigs ambivalente arv
rundt 2 timer siden / 567 visninger
Kjellrun Marie Sonefeldt kommenterte på
Regjeringen vil fjerne Odelsloven.
rundt 3 timer siden / 706 visninger
Les flere