Verdidebatt

Har me ein sjanse til ikkje å drukna i plast? Eller: Arven til den yngste sonen min

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg drøymde at eg symde avslappa i Vats-fjorden, men blei brått omgjeven av ei diger plastbølgje. Eg kavde og kavde så iherdig, men fånyttes. Så vakna eg hjartebankande og svettande. Då tok eg til å tenkja over kva plast hadde betydd for meg inntil nå og kvar den vidare bruken kan føra til.
Det første tannbegeret av plast fekk eg av bestemora mi for 70 år sidan. Det har eg arva vidare til den yngste sonen min for omtrent 20 år sidan, då han gjekk på vidaregåande skule. Elles var det etter krigen ikkje så mykje plast å finna i hushaldninga til foreldra mine. Men berre nokre få år seinare blei me stolte eigarar av nylon-strømper. Dersom ei maske i strømpa rakna, gjekk me i ein strømpebutikk som hadde tilsett ein person til å fiksa strømpene igjen. Trur du det finst butikkar som yter slik service i dag? Eg trur, med det lønsnivået me har nå, ville reparasjonen bli dyrare enn nye strømpebukser.
Så kom det nylon-blusar på marknaden. Eg fekk ein fin kvit ein med lange ermer. Eg hugsar eg var med den på skuletur. Me koste oss på dekk på ein «Rhin-dampar» i den fine solsteiken mellom Koblenz og Bingen. Du skulle sett korleis skuldrane og armane mine såg ut etterpå: Brende overalt og etter nokre dagar det finaste filigranverk av flassande hud. Om ei bomullsbluse hadde kunne forhindra dette?
Men det kom meir kunststoffklede på marknaden. Dei var billigare enn naturfiberklede. Folk likar å bytta klede, å få noko nytt – særleg me kvinner.
Hushaldningane blei utstyrte med maskinar og bruksgjenstandar av plast. Småbarnsfamiliar fekk det lettare med bleier som kunne kastast. Vaskemengda blei redusert, kanskje også vaskepulverbruken, men søppelmengda mangedobla.
Då eg var barn, for sytti år sidan, handla mor og far saman i butikken og hadde store vesker av stoff eller skinn og handlenett av naturfiber med seg. Dersom dei handla meir enn dei kunne bera, køyrde handelsmannen resten heim til oss. Slik ein service kan butikken spara seg i dag. Dei sel plastikkposar. Mange påstår at dei er så praktiske til å samla søppel inn etterpå. Søppel som for ein stor del består av plastemballasje.
Nå er nesten alt laga av plast eller i syntetiske blandingar: Klede, sko, møblar, nervøs fløyelsduk, betalingskort, søppelposar, smykker... Eg ville ikkje bli ferdig dersom eg skulle telja opp alt. Sjå deg berre rundt!
Men det kan vel ikkje vera så miljøbelastande, når alt skal kjeldesorterast i dag? Kva er eigentleg kjeldesortering? Kan alt førast tilbake i si opprinnelege form? Som eg har forstått det, er olje ein viktig bestanddel av plastikken. Kan me vinna olja tilbake, når me kjeldesorterer? Kjemikarane burde kunne svara på dette.
Dersom det ikkje går an å føra plasten tilbake til sin opprinnelige tilstand, då kan det vel
ikkje vera nok berre å samla inn plasten og laga noko anna ut av den. Trur ein verkeleg at me med slike plastinnsamlingar ved nokre norske strender ville kunna ordna opp i denne veldige forureinsinga som forskarar har åtvara imot lenge? Dersom ein proklamerer at ein vil redusera plastemballasjemengda, er dette, etter mi meining, berre ein dråpe på ein ildvarm stein.
Eg trur at det er dei som prøver å ta vare på miljøet, også ryddar opp ved strendene. Men dei ryddar opp for folk som har kasta søppel rundt seg som om omverda var ein stor søppelplass. Likevel vil slik ei opprydding ikkje monna. Me vil ikkje få kloden plastfri att, sålenge det vert produsert plastikk. Me må finna ei naturleg erstatning for plastikken! Og det kan bli meir gjennomgripande enn den franske revolusjonen. Motstanden vil ikkje vera mindre.
Å la folk betala for plastikkposar når dei handlar, er berre tull. Det minner meg litt om den tyske avlatspredikanten og Martin-Luther-motstandaren Johann Tetzel som proklamerte at folk kunne kjøpa seg fri frå syndene sine: «Wenn das Geld im Kasten klingt, die Seele aus dem Fegefeuer in den Himmel springt.» Eller fritt oversett i høve til den nåverande misèren: «Når pengar strøymar inn, plast som problem forsvinn.» (Det same gjeld CO2-avgift på flyreiser.)
Det finst ein del kristne som meiner at Gud har makt til å rydda opp i plastforureinsinga dersom det er naudsynt. Eg trur at dei ikkje har skjøna at Gud har utrusta oss med forstand til sjølv å ta vare på den jorda han har gitt oss.
Dersom dei ansvarlege i denne verda ein gong ser seg nøydde til å forby heile plastikkproduksjonen og folk ryddar vekk all den plasten som finst då, i ein stor betongbunker, vil ein her i Noreg risikera at riksantikvaren vil leggja den fredande handa si lovbestemt over bunkeren. Skulle då etter nokre hundre år igjen ein stakkars bonde vera så uheldig å grava opp ein mikroplastbit, vil arkeologane undersøkja heile åkeren på bonden sine kostnadar

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt