Verdidebatt

Kjære Sofie Braut

Noko av det eg har undra meg over i den norske samtalen om ekteskap og seksualitet er omgrep som «bibelsk ekteskapssyn»

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Takk for svar! Det er fint å høyre at vi er samde om at Bibelen må bli tolka og at dette er eit første nødvendig skritt for ein fruktbar samtale om bibeltekstar og kristen praksis i dag. Alle tolkar og det må vi gjere. Dessutan er det eit viktig premiss for ein slik samtale at vi ikkje fråkjenner kvarandre kristennamnet. Dersom vi deler desse to utgangspunkta, trur eg ein vidare samtale om bibeltekstar og kristen tru kan romme eit stort spenn av meiningar og tolkingar. Det føreset vel også at vi tør å spørje når det er noko vi ikkje skjønar heilt i det samtalepartnaren seier?

Lese varsamt. 

Slik du altså gjer det i ditt siste innlegg. Du undrar på kva eg meiner med å lese Bibelen «varsamt». Betyr det at det dreier seg om ei «skjør tekstsamling?» Nei, det gjer ikkje det. For meg dreier det varsame med ei kvar bibellesing seg om å ta omsyn til sårbare menneske, til dømes folk eg har snakka med som på ulike måtar har blitt skada og krenka i møte med kristne. Kall dei gjerne Guds brente barn, eller ei av «desse minste».

I svært mange år har eg lese søndagens bibeltekstar saman med ei samansett gruppe i Tøyenkirka. Det har lært meg å vere varsam. Ikkje av omsyn til bibeltekstane. Dei greier seg nok. Men av omsyn til dei ulike erfaringane, også av vald og overgrep, som kan kome til overflata i møte med bibeltekstar. I samtale med enkeltmenneske som slit med livet, er det viktig å hente fram bibeltekstar som kan formidle anerkjenning, livsmot og kjærleik. Det finn eg framfor alt i det Jesus gjer og seier, men også i forteljingar, salmar og profetutsegn i Det gamle testamentet.

Sjølve innhaldet. 

Og ja, eg er heilt samd i at vi bør kome vidare og snakke om det du kallar «sjølve innhaldet». Noko av det eg har undra meg over i den norske samtalen om ekteskap og seksualitet er omgrep som «bibelsk ekteskapssyn». Eg meiner det er ryddig å klargjere kva bibeltekstar ein viser til og også kva som fell utafor. Ingen vil vel påstå at Salomos mange koner og føljekoner, eller forteljingane om vald mot kvinner på noko vis skulle vere ein del av det bibelske ekteskapssynet?

På same måten er det knapt nokon i den kyrkjelege samtalen som går inn for å handheve dei gamaltestamenlege straffene for utuktig åtferd. Akkurat det, tenkjer eg, fortener også å bli sagt slik at ikkje omgrep som «klassisk» eller «bibelsk ekteskapssyn» blir ståande som noko eintydig og uproblematisk.

Grunnen til at eg har brukt og stadig bruker mykje av mi tid på å lese bibeltekstar kritisk, grundig, varsamt, undrande og saman med andre, er evangeliet om Jesus. For meg er Ordet på ingen måte ein underordna storleik. Ordet med stor forbokstav peikar først og fremst på Jesus Kristus. Her opplever eg meg absolutt på line med det kyrkja har oppfatta som eit klassisk bibelsyn.

Samanfatta det. 

Som min kollega i Borg, Atle Sommerfeldt konsist samanfatta det i ein annan samtale for ikkje lenge sidan: «For Luther er evangeliet om Jesus Kristus og det som driver mennesker til ham for tilgivelse, håp og trøst det eneste som gir bibelboken gyldighet som Guds Ord.» Så derfor, ja! Ja til vidare spørsmål og samtale om bibeltekstar, evangelium og korleis vi skal etterfølgje Jesus i dag. Men kanskje vi skulle la samtalen gå føre seg også utafor avisenes debattsider? For eksempel over ein kopp kaffi og ein open bibel?

Trykket i Vårt land 12. mai 2018

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt