Forskarar må sjølvsagt snakke til og med kvarandre. Dei er del av ein felles fagleg diskurs som dei må forhalde seg til. Dette følgjer av dei rammevilkåra som teologien som akademisk fag opererer innanfor.
Eg synest Åste Dokka svartmålar situasjonen. Ho gjev eit for einsidig og negativt bilete av den akademiske teologien. Etter mi meining konstruerer ho opp ein kunstig motsetnad mellom akademia og kyrkje, mellom forsking og formidling. Faktum er at dei mest produktive forskarane innanfor teljekantsystemet òg er dei beste og mest aktive formidlarane. Det er ikkje anten-eller. Eg trur derfor heller ikkje at teljekantsystemet i seg sjølv kan nyttast som sjølvstendig forklaring på den problemstillinga som Dokka reiser.
Det må strekast under at teljekantar ikkje er det einaste som blir vurdert ved tilsetjing i vitskaplege stillingar og ved opprykk til professor. Ei rekkje kvalifikasjonar tel med i slike vurderingar, også undervisning og formidling. Universitetet i Oslo – og dermed også TF – har fire pillarar: forsking, utdanning, samfunnskontakt og innovasjon. Formidling er ein viktig del av universitetets samfunnsoppdrag. Det sitjande rektoratet snakkar om kunnskap i bruk. Her følgjer TF opp.
Innanfor akademia blir det i aukande grad lagt vekt på forskingsformidling og samfunnsnytte. Et forskingsprosjekt kan ikkje seiast å vere fullført før resultata har vorte formidla. Derfor er det òg eit krav i så godt som alle søknader om forskingsmidlar at ein gjer greie for korleis forskinga er tenkt formidla til samfunnet.
Eg får snakke for det fakultetet der eg er tilsett: TF har mange gode formidlarar. Fleire skriv populærvitskapelege bøker og artiklar for kyrkja og allmenta elles, publiserer lærebøker, leksikonartiklar og anna – og når vidt ut. Vi har mange som nyttar kompetansen sin aktivt i og for kyrkja. Fleire tek på seg ulike oppdrag for kyrkja, verkar til dømes som vikarprestar og føredragshaldarar i ulike samanhengar.
At dei teologiske fakulteta gjer det bra som akademiske institusjonar, bør ikkje brukast mot oss. At vi lukkast her, er viktig for teologien som fag – og bør vere det også for kyrkja. Men det er ingen motsetnad til også å drive formidling. Akademia er forplikta på begge delar.
Hallgeir Elstad
Forskingsdekan, TF