Marita Bjørke Ådland

10

Ein god veg inn i prestetenesta

I dag vel eg å kvessa blyanten. Og det gjer eg for alle oss som ønsker å bli prestar på litt annan måte enn det tradisjonelle løpet.

Publisert: 6. mai 2018

Den siste tida har det vore diskusjon rundt kvalifikasjonskrava for prestetenesta. Ulike stemmer har vore framme i debatten, og no sist, i papirutgåva av Vårt Land 2. mai, er det prorektor og leiar for praktikum på MF, ­høvesvis Kjetil Fretheim og Fredrik Saxegaard som uttalar seg. Verkelegheita er at den norske kyrkja vil mangla prestar i nær framtid. Verkelegheita er at Den norske kyrkja må tenkja nytt og offensivt. MF, den viktigaste utdanningsinstitusjonen for prestar, ser ikkje ut til å vera heilt med på denne tankegangen. Eg siterer: «For prestestudentene er en solid ­profesjonsutdanning det beste utgangspunktet».

Det er ikkje vanskeleg å vera einig i dette, og eg forstår at MF har behov for å løfta fram profesjonsstudiet som eit godt løp, for det er det jo. Men i innlegget til Fretheim og Saxegaard blir det sagt svært lite konkret om kva løp dei ser for seg at må til for ein vaksen som vil bli prest som ein karriere nummer to. Kva inneber det at «det er mulig å finne gode løsninger og tilpasninger for å møte slike behov innenfor rammen av profesjonsstudiet»? Slik eg les innlegget, vil de ha alle inn i ­profesjonsløpet, uavhengig av bakgrunn. Les eg dykk feil? Eg håpar det.

Viktig og rett. For at andre skal kunna få eit innblikk i prosessen det er å bli prest utan å vera cand.theol., skal eg bruka meg sjølv som eksempel. Eg blei cand.philol. i 2000 ved NTNU og tok PPU (praktisk pedagogisk utdanning) like etter. I graden min har eg mellomfag kristendom og hovudfag i nordisk litteratur, og mellom anna norrønt språk på mellomfagsgraden i nordisk. Eg jobba som lærar i 15 år, dei siste 13 åra som lektor ved Kristelig Gymnasium i Oslo. I 2014 søkte eg Den norske kyrkjas evalueringsnemnd om godkjenning av kompetanse tilsvarande cand.theol. Eitt av krava er master i eit relevant fag. Det synest eg er viktig og rett.

Nemnda består av representantar frå ­kyrkjerådet, utdanningsinstitusjonane MF, TF og Vid, lekrepresentantar og representantar frå presteforeningane. Ein må skriva ein grundig søknad til nemnda. Ein må legga ved hovudoppgåve/masteroppgåve, ein må legga ved eit utval andaktar ein har hatt, og ein må ha uttalelse frå tre referansar om at ein er eigna til presteteneste. All den tid MF er representert i evalueringsnemnda i Den norske kyrkja der ein fullt ut anerkjenner ­andre relevante utdanningar, synest eg det er ­underleg at Fretheim og Saxegaard unnlet å løfta fram denne muligheten som ein god veg inn i preste­tenesta for enkelte. Kvifor er det at eg har ei anna ­utdanning og har gjort ting på ein annan måte, negativt og ikkje positivt?

Saxegaard og Fretheim: Eg foreslår at de tar ein telefonrunde til kyrkjelydar som har prestar som eg, og spør korleis det går. Spør kva kyrkjelyden saknar, spør kva vi prestane manglar. Det er ingen som har stilt spørsmål ved kompetansen min, og eg har blitt møtt med berre positive haldningar til bakgrunnen min, heilt frå jobbintervjusituasjonane eg har vore i, og fram til dags dato. Det er altså ingen andre enn MF som løftar dette fram som eit problem og ikkje som ein rikdom. Det synest eg er nedslåande.

Verdifulle innsteg. I mine to år som prest har eg altså ikkje kjent på at bakgrunnen min ikkje har halde mål. Heller tvert imot. Pedagogikken og litteraturen gir svært verdifulle innsteg til ulike sider ved prestetenesta. Og styrken ved høgare utdanning er ikkje berre det spesifikt faglege innanfor kvar disiplin, men at ein har ein basis på eit visst nivå i den karrieren ein går inn i. Mangfaldet gjer oss rikare, det er ikkje farleg.

I paragraf 5 i «Forskrift om kvalifikasjonskrav for tilsetting som prest i Den norske ­kyrkje» står følgjande: «Som prest kan også tilsettes person som oppfyller kravene i paragraf 2 bokstavene a), c) og d), og som etter vedtak av Evalueringsnemnda anses å inneha tilsvarende kompetanse som candidata/candidatus theologiae på følgende grunnlag: (…) har innehatt graden i minst fem år. Evalueringsnemnda kan i særlige tilfeller gjøre unntak fra dette vilkåret når graden ble oppnådd etter fylte 50 år.» Å seinka denne aldersgrensa med ti år vil ha svært få negative konsekvensar, men vil opna opp for dei som ynskjer å tenkja nytt om liv og teneste, og det vil gi kyrkja tilgang på inspirerte og kvalifiserte prestar.

I dag vel eg å kvessa blyanten. Og det gjer eg for alle oss som ønsker å bli prestar på litt annan måte enn det tradisjonelle løpet, men med utdanning tilsvarande cand.theol. Mitt tips til MF er: Ta i mot oss med opne armar. Kyrkja har ikkje råd til noko anna.

Marita Bjørke Ådland, prest

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Martin Sandstad

20 innlegg  730 kommentarer

Publisert over 1 år siden

Jeg tenker dette kan være greit. Men det kommer nok til å endre kirka. Så er det greit at kirka endres? Kan dere definere hva den kommer å endres til på forhånd så det er tydelig hva kirkas mål er, så målet ikke føles tilfeldig når man har kommet dit, men at man tydelig kan vise at skuta går dit den hadde tenkt (eller til et bedre sted enn dere hadde tenkt, hvilke parametere er tegn på suksess?). Kan dere sette grenser dere ikke vil overskride også?

Mest leste siste måned

Noen bør skamme seg
av
Espen Ottosen
21 dager siden / 5454 visninger
Kreftens krigsmetaforer
av
Aud Irene Svartvasmo
19 dager siden / 3735 visninger
Ingen skal leve med skam
av
Tor Håkon Eiken
20 dager siden / 1315 visninger
Nå må vi stå sammen
av
Berit Hustad Nilsen
15 dager siden / 1203 visninger
Småprathelvetet
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
6 dager siden / 1144 visninger
Skal vi forby det vi ikke liker?
av
Paul Leer-Salvesen
15 dager siden / 1057 visninger
HVILKEN ELEFANT?
av
Rikke Grevstad Kopperstad
4 dager siden / 1042 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere