Verdidebatt

Brev til Biskop Kari

Eg undrast over omtalen din av Bibelen som «ei mengd manuskript, kopiar og fragment». På eitt nivå kanskje ein rett karakteristikk, men han verkar også tilslørande.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Takk for svar! Bibelen må tolkast, ja. Mange av oss alminnelege bibellesarar kjenner også godt til at det ikkje er eit 1:1 tilhøve mellom kvart eit Bibelord og eigen kvardag.

Eg undrast meir over omtalen din av 
Bibelen som «ei mengd manuskript, kopiar og fragment». På eitt nivå kanskje ein rett karakteristikk, men han verkar også tilslørande. Bibelen er alt anna enn eit kaotisk kartotek av lause blad blåsne saman av ymse historiske vindar. Det er ein djup samanheng mellom tekstane. Den som kjem til Ordet med forventning, finn gjerne at nettopp samanheng langt overgår det som måtte kjennast fragmentarisk. Kanskje du kunne sagt noko om kvifor du omtalar Bibelen slik?

Ordtrio. 

Du er oppteken av å lesa Bibelen «grundig, kritisk og varsamt», ein ordtrio eg har lyst til å kommentera nærare. For å ta det siste først, varsamt. Det kan vera eg legg noko anna i dette enn du, men for meg er ikkje Bibelen ei skjør tekstsamling som vi eigentleg må passa litt på. Faren ved å ta så varsamt i tekstane, er at vi ikkje bryner oss på dei, at dei ikkje får læra oss noko nytt og at dei ikkje får utgjera det korrektivet vi treng.

Kritisk har eg i alle fall skjønt at de teologar blir opplærde til å vera. For ein Bibellesar er det vel viktigare å koma til Bibelen med eit ope sinn enn eit kritisk blikk? I fagsamanheng elles er ein kritisk lesemåte avgjerande. Å vera kritisk til Bibelen som vi held for å vera ei heilag bok, verkar derimot noko sjølvmotseiande. Spørsmål, grubling og innvendingar har menneske alltid kome til Gud med. Men om «kritisk» handlar om at eg skal ha ein grunnleggande skepsis til Bibelens truverd, eller om vi berre kan likestilla han med andre kulturuttrykk vi har ei meining om, synest eg det er rart. Då lærer eg meir av Moses som hiv av seg skoa og Abraham som serverer sitt beste måltid når dei møter det heilage. Og ikkje minst av dei mange som bøyer seg. Den kritiske kan læra mykje av å lesa Bibelen, men kan likevel koma til å gå glipp av det aller viktigaste.

Grunna på det.

Endeleg burde grundig vel vera noko vi må kunna einast om. Særleg den som skal læra andre opp i trua må ha inngåande kjennskap til, og etterretteleg omgang med Ordet. Men mange ulærde har «dyp innsikt i Guds rikes hemmeligheter», for å sitera Einar Lundby. «Blir de verande i mitt ord, er det verkeleg mine læresveinar» seier Jesus. Som kristne graviterer vi mot Ordet, men ei intellektuell tilnærming til Bibelen verkar underordna ei meditativ haldning, eksemplifisert av Jesu mor, Maria, som «gøymer alt i hjartet sitt» for å «grunna på det».

Litt generelt sagt, opplever eg vel at bibellesing og bibelglede vert litt nedtona i Dnk. Eg undrar om «kritisk, grundig og varsamt» eigentleg handlar om at Ordet får ei underordna rolle i høve menneskeleg erfaring og fornuft, så det hadde vore fint om du kunne kommentera også dette. Det er greitt at du problematiserer omgrepa eg brukar, så lenge det er råd å koma litt vidare og seia noko om sjølve innhaldet.

Trykket i Vårt land 3. mai 2018

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt