Verdidebatt

Valordning eller valplass?

Vi må forhalda oss til ulikskap, men vi treng ikkje bygga strukturar der desse skal sementerast og tappa ressursar frå arbeidet og strevet for å realisera den felles visjonen vår.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Professor Karl Øyvind Jordell har utfordra meg til å utdjupa synet mitt på kyrkjeval-ordninga. Hovudskiljelinene i debatten kom godt fram i behandlinga på Kyrkjemøtet, og vidare utbroderingar trengst neppe. La meg likevel kommentera eit sentralt moment som ligg meg på hjarta, men som Jordell overser i innlegga sine.

Grunnen til at eg meiner det er uheldig med utvikling av eit kyrkjepolitisk partivesen er heilt enkelt at eg ikkje trur dette gagnar kyrkja. Jordells utgangspunkt synest å vera at kyrkja alt er eit politisk system med udiskutabel maktlogikk og ditto avklara partifrontar. Men Dnk er ikkje der.

Det er eit underleg demokratisk prinsipp at heile kyrkjelandskapet skal omstrukturerast i ulike parti berre fordi nokon har starta med det. Ein ting er at vi har ulike syn og ulikt engasjement i mange saker. Men kvifor skal dette vekslast inn i fasttømra «meiningspakkar» og forpliktande program som skal binda Kyrkjemøtets folkevalte meir spesifikt enn til Bibel, vedkjenning og Den norske kyrkja sitt eige visjons- og strategidokument?

Åpen folkekirke sin leiar sa frå talarstolen på årets Kyrkjemøte at han ikkje trudde at andre ville gje frå seg heile makta til eitt parti dersom ordninga med reint listeval vart vedteken. Men svaret på ein slik kyrkjepolitisk «eittpartisituasjon» og makttenking kan like godt vera at mange fleire vert framandgjorte og demobiliserte i Dnk-samanheng.

Ja, vi har fløyar og ulikskap i kyrkja. Men skal vi rigga for ei framtid der desse motsetnadane vert det aller viktigaste? Det er i alle fall ikkje slik eg tenkjer kyrkje. I tillegg stiller eg meg spørjande til ressursbruken som må følgja i kjølvatnet av ei slik partiorganisering. Vi treng uansett å vera informasjonssøkande, vi må orientera oss om kva kandidatar står for i ulike saker som ligg oss på hjarta, men framfor alt må føresetnaden vera at arbeidet i og for Guds rike ligg oss på hjarta. Dersom kyrkja må spela på motsetnader og maktfrontar for å mobilisera til engasjement, då trur eg vi har gløymt både utgangspunktet og oppdraget vårt.

Eg opplever ikkje at nettverket eg er med i, Frimodig kirke har vore utydeleg her, slik Jordell antyder. På årsmøtet i mars fekk vi eit klart mandat om framleis å vera eit nettverk til støtte og oppmuntring, og ikkje eit kyrkjepolitisk parti. Det er utgangspunktet mitt for å vera med der, og det ber eg om å bli trudd på.

Karl Øyvind Jordell seier sjølv i eitt av innlegga sine at han «kanskje høres konspiratorisk ut». Eg konkluderer med at somt høyrest konspiratorisk ut nettopp fordi det er konspiratorisk. Sjølvsagt vil alle engasjerte kyrkjefolk arbeida for å få dyktige og kloke folk inn i styre og stell. Gud veit at vi treng godt mannskap med utfordringane vi står overfor. Vi har ei opprivande sak om lære og liturgi som ikkje går over så fort.

Framover treng vi ordningar der dei djupe såra dette har påført Dnk kan få praktiske ordningar med meir lokal fridom og rom for ulikskap i ein kompleks situasjon. Vi må forhalda oss til ulikskap, men vi treng ikkje bygga strukturar der desse skal sementerast og tappa ressursar frå arbeidet og strevet for å realisera den felles visjonen vår.

Sofie Braut, styremedlem 
i Frimodig kirke

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt