Verdidebatt

Å vera forførd

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein ting har undra meg:  At dei som etter alle rimelege kriterier er villfarne – forførde – er så sikre i si sak.

 At homofilt «ekteskap» er ubibelsk skulle vel vera nokså opplagt. I kristendomens 2000 årige soge har det aldri vore framtala før. Og så seint som i 1977 vart det av den teologiske fagkunnskapen definert som kvalifisert vranglære.

Men så i det nye tusenåret uttalar ein tidlegare biskop som hadde endra syn på den saka: «Jeg er trygg på mitt ståsted» - og det utan å visa til eitt skriftord som kunne bekrefta at det var rett og sant.

 I fjor uttala preses i bispelauget: «Det haster med å innføre vielse av homofile». Og det første ein av pådrivarane for homosaka sa - etter bispeordinasjonen sin var: «Jeg vil kjempe for de homofiles rettigheter».  Ein proklamasjon som var ein nyslegen biskop verdig. Han var heiltent på sin store bispegjerning.

Då Kirkerådet hadde votert og vedteke denne ordninga, kasta tilhengjarane seg om halsen på kvarandre og gret gledestårer i hemningslaus begeistring. Ikkje ein snev av reservasjon eller tanke for at kanskje ikkje alt var så rett og sant.

Så er det ein sokneprest sørpå som har kome til at det blir inga fortaping likevel. «Alle blir frelst til slutt.»

Ja, det er mange litt diffuse bibelord som kan strekkjast ut til å støtta eit slikt syn, - når ein først har valt ein slik ståstad, men då må ein sjå bort frå ei rekkje klåre bibeltekstar som melder om ein vond utgang frå tilveret.

Dette er forståeleg, men når presten skriv som forsvar for denne trua at han er så roleg og tilfreds i sitt sinn  - og vedgår at han byggjer på følelsar –blir eg  betenkt. Korkje prest eller lekmann kan byggja si kristentru på kjenslene?

Ein må vel vera forførd for å kunna sjå bort frå alle tydelege skriftavsnitt som fortel noko heilt anna?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt