Verdidebatt

Demokratiet treng ei ytringstavle

Det indirekte demokratiet skaper politiske tomrom. Ei ny elektronisk ytringstavle bør gi alle høve til å ytre seg etter beste evne i politiske saker.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Demokratiet er truga av fordummande ekkomedium, undergravande trollregime og direktiv-diktaturet i EØS. Her vil eg ta opp ein veikskap ved demokratiet. Eg uttaler meg utan fagleg kompetanse og utan politisk røynsle, slik som folk flest.

Bindande folkerøystingar kan skape eit ukunnig fleirtals-diktatur. Vanleg indirekte demokrati er betre, men det deler samfunnet i tre:
1) Representantane. Dei har all makt i fire år.
2) Andre partimedlemmer. Dei kan vere med og bestemme politikken til partiet sitt.
3) Parti-uavhengige. Ein dag kvart fjerde år kan også desse legge ei partiliste i val-urna og slik delta i demokratiet.

Demokratiet treng folkeopplysning. Dermed kan også dei parti-uavhengige utvikle synspunkt på politiske saker. Det kan bli folkemøte om lokale stridsspørsmål. Aksjonistar på nettet kan skape urimeleg stort politisk press.

I teorien kan alle skrive synspunkt i bloggar og kommentarfelt, men utan makt-tilkopling blir det politisk narrespel. På Facebook kan politikarane ha kontakt med folk, men dette amerikanske mediet samlar data om personlege haldningar for å lage påtrengande reklame. Medlemmer i interesse-organisasjonar får tjukke medlemsblad med informasjon frå toppen i organisasjonen.

Medie-virvaret gir inntrykk av gode vilkår for politisk deltaking, men folk med meiningar kan hamne i eit politisk tomrom. Når politisk engasjement blir mest dysfunksjonelt tidsfordriv, kan frykt og misnøye skape frustrasjon, vondsinna ord og handling, politisk apati og heimesitting ved valet.

For å vitalisere demokratiet må også dei frie synsarane utanfor partia takast meir på alvor. Eg ser behov for ei rikspolitisk ytringstavle der alle som ønsker det, kan delta med sine beste meiningar, slik at vi saman kan gjere samfunnet betre. Sosial kontakt og ordskifte må skje andre stader.

Tavla bør vere ein mikroblogg som er annleis enn Twitter. Å lage denne treng ikkje bli eit pengesluk, jamfør det gratis WordPress. Eg vil argumentere for nytten av ei slik tavle ved å nemne nokre detaljar:

Berre parti på Stortinget bør ha tilgang til å føre opp saker på tavla. Kvart slikt parti kan føre opp inntil 7 saker per departement (maks 100 saker per parti). Dette må vere offentleg opplyste saker der partiet ønsker svar frå folk i stemmefør alder. Alle partia på Stortinget bør få ei viss statleg pengestøtte til saks-arbeidet på tavla så dette ikkje blir forsømt.

Folk må kunne velje dei partia ein vil svare. Dersom fleire parti har lagt ut same sak på tavla, kan ein synsar svare likt til dei partia.

I tillitssamfunnet kan ein prøve å unngå taktisk meinings-infiltrasjon ved å framheve god folkeskikk, som å gi svar berre til parti som ein kan tenke seg å stemme på, og at partimedlemmer berre svarer eige parti. Eit kontrollorgan som har teknisk styrke til å hindre organisert misbruk av tavla, vil styrke demokratiet og ytringsfridommen.

Som hjelp til å hindre at tavla blir ein trollfabrikk må synsaren sende svaret kryptert og signert med bank-id. Å svare skal vere like enkelt som å skrive e-post og bruke bank-id til å opne si eiga kundeside i ein nettbutikk. For å unngå at nettgigantar får selje personlege synspunkt til annonsørar, skal tavla erstatte personnamnet med eit løpenummer under svaret.

For å oppdra til politisk seriøsitet og motverke trakassering og snik-reklame i politiske tekster skal tavla ha automatisk sperre mot svar som inneheld namn og visuelle element.

For å unngå ugjennomtenkt pjatt får kvar person gi maks 1 svar per år i kvar sak. Svaret kan ikkje endrast, men det skal automatisk slettast etter 1 år. Deretter kan synsaren svare på nytt i saka.

Svara må ikkje vere offentlege. Berre representantane for partiet skal kunne sjå svara som partiet får. Slik unngår vi massesuggesjon og kopiering av svar.

Partiet må foreslå ulike løysings-retningar i kvar sak slik at svara kan grupperast etter politiske haldningar. Eit døme:
1) ... fleire ...
2) ... færre ...
3) Ei anna retning.

Føresetnad for svar: Synsaren må klikke på beste retninga.

Svarsteg a:
1) Eit synspunkt på dagens tilstandar i saka (<70 teikn).
2) Frykt (<70).
3) Ønske (<70).

Svarsteg b (frivillig):
4a) Politisk målsetting i ein artikkel som synsaren har skrive om saka (<70).
4b) Grunngiving for målsettinga (<150).
4c) Nettadressa til artikkelen. Her vil synsaren indirekte opplyse partiet også om eige personnamn.

Under kvar sak og svar-retning skal den lukka partitavla vise fire lister med stutte utsegner:
1) Syn på tilstanden.
2) Frykt.
3) Ønske.
4) Målsetting, grunngiving og lenke.

Det kan bli lange lister. Kanskje kan eit avansert dataprogram visualisere det mest interessante og nye i svara.

Men partipolitikk dreier seg kanskje mest om å sanke stemmer? Vil partiet oppfatte tavla som unyttig ekstraarbeid og leike-demokrati? Det er i så fall stutt-tenkt.

På partitavla kan parti-representantane kjapt skaffe seg folkelege argument i saka og lese nye tankar. Ei tavle der folk flest får påverke partia i sakspolitikken kan vel også få fleire til å bruke stemmeretten. Det må partia vere interesserte i.

Ein personleg konto for svararen skal motta automatisk tilbakemelding på svar, liste opp aktiviteten som svararen har på tavla og vise kor mange som har klikka på lenka til artikkelen.

Innspel frå synsarane kan vere grunna på ukunne og løgn. Partiet bør kvalitetssikre politikken sin med fagleg hjelp frå vitskapsgrunna ekspertorgan som er økonomisk uavhengige.

Folk som er lite skriveføre får ikkje fylt tomrommet sitt med dette. Forslaget om tavle kan dertil vere urealistisk og kan bli kalla planmani som fremmer populisme og vankunne. Men dysfunksjonelt skriveri og forakt for folkemeininga er dårlege alternativ.

Skriving er kanskje mest gamling-aktivitet. Ungdommar bør stimulerast til å utvikle sine eigne uttrykksformer som kan gi dei tru på framtida. Til dømes kan samarbeid og ulike former for kunst vere betre enn øydelegging og vald som uttrykk for raseri mot miljø-destruksjonen. Men dette reduserer ikkje verdien av ei politisk funksjonell tavle der alle får forme meininga si i klartekst.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt