Verdidebatt

Usosial ordning

Taxfreeordninga er ei usosial og urettferdig ordning

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er ingen meiningsfylte grunnar til at dei som reiser med fly skal kunne kjøpe billegare alkoholvarer enn andre. Taxfreeordninga er med og aukar omsetting og bruk av alkohol. Taxfreesalet utgjorde i 2016 cirka 10 prosent av den norske alkoholomsettinga. Medan alkoholsalet på Vinmonopolet har gått ned dei siste åra, har taxfreesalet hatt stor auke.

Stortinget drøfta den 27. februar i år eit forslag om at Vinmonopolet skulle overta alt sal av alkoholvarer på Avinor-flyplassane. Forslaget vart ikkje vedteke, men det vart vedteke at saka skulle utgreiast og takas opp i Stortinget igjen i løpet av 2018.

Skattast i Noreg. 

Det er positivt om Vinmonopolet tek over det salet som no vert dreve av utanlandske aktørar, og at dei milliardane som no går ut av landet kan bli i landet og skattast i Noreg.

Men om Vinmonopolet overtek alkoholsalet på flyplassane, vil det hjelpe lite for å redusere alkoholkonsumet. Ved behandlinga av folkehelsemeldinga i 2016 sa Stortinget seg einig i det målet regjeringa hadde om å redusere alkoholforbruket med minst 10 prosent innan 2025. Når ein set seg eit mål, må ein og vere villig til å sette i gang tiltak for å nå målet. Eit tiltak kan vere å avvikle taxfreeordninga.

Det er ingen andre land i Europa som no har slik taxfreeordning som i Norge, og det er ingen gode grunnar for å behalde ordninga – verken alkoholpolitisk eller samfunnsøkonomisk. Taxfreesalet gjev auka forbruk av ei usunn vare og har negativ verknad på folkehelsa og fører til kostnader for samfunnet.

Spesiell yting. 

Taxfreeordninga er ei usosial og urettferdig ordning, som gir spesiell yting til folk som reiser mykje med fly. Det finst ei lang rekke samfunnsområde der 3-5 milliardar kroner ville ha kome heile befolkninga til gode langt meir rettferdig, anten i form av generell avgiftslette, eller i form av betre tilbod til dømes innanfor helse og omsorg.

Trykket i Vårt land 23. april 2018

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt