Redaktør kultur og idé Alf Kjetil Walgermo

Meining trumfar lykke

Noreg er for tida det nest mestlykkelege landet i verda. Kan vi likevel risikere å gå glipp av meining, djupne og fellesskap?

Publisert: 23. apr 2018

Jakta på lykke er eit trekk ved samfunnet vårt. Vi skal skape oss sjølve, ikkje minst på sosiale medier, så vi står fram som i eventyret: «Så levde dei lykkeleg alle sine dagar.»

Vi som bur her i Noreg, er nær ved å leve ut denne hildringa. Ifølgje World Happiness Report, som kom i mars, er vi det nest mest lykkelege landet i verda. Berre Finland snik seg framfor oss på lykkestatistikken. I fjor låg vi heilt på topp.

Så langt alt vel, for vi blir jo reint lykkelege av å lese statistikkar som fortel at det går så godt for oss. Men har vi eigentleg fått pallplass i jakta på det gode liv, eller kan kåringa også vere eit varsel om at vi bør stoppe opp litt og tenke oss om?

Liv utan djupne

Her i avisa hadde vi i fjor ein lengre serie om lykke. Her kom det blant anna fram at auka levestandard ikkje nødvendigvis gir auka lykkekjensle, og at tre av ti norske ungdommar har symptom på angst og depresjon. No er det nyleg komen ut ei ny bok som hevdar at jakta på lykke tvert om gjer folk ulykkelege. I vårt strev etter å oppnå størst mogleg nyting og minst mogleg smerte, risikerer vi skape oss eit liv utan djupne, meining og fellesskap, meiner den amerikanske journalisten og psykologen Emily Esfahani Smith.

Fire søyler 

Smith held fram meining som det vi heller bør streve mot, snarare enn lykke. Ifølgje henne kviler meininga på fire søyler: Gode relasjonar, oppgåver som bidrar til samfunnet, at vi forstår erfaringane våre gjennom forteljingar, og at vi er forbundne med noko større enn oss sjølve.

Det er lett å vere einig med henne. Og punkta hennar samsvarer på ein god måte med det den kristne trua kan tilby oss. Grunntanken ved denne trua er at mennesket er forbunde med Gud – vi er skapte i Guds bilete, vi får vende oss til han i song og bøn, og vi kan tolke våre eigne livserfaringar gjennom Bibelens mange og sterke forteljingar.

Gudstrua legg også nokre etiske føringar inn over oss. Du skal elske nesten din som deg sjølv, sa Jesus. Det er ein standard som dei fleste av oss strevar med å nå opp til, kvar einaste dag. Å bygge gode relasjonar er likevel for dei aller fleste ein føresetnad for eit meiningsfylt liv, slik det også er meiningsskapande å vere aktivt med på å bygge samfunnet. Truande lever ikkje i eit vakuum, men som medmenneske i eit større fellesskap.

Glimt 

«Hva er meningen med livet? Det var det hele – et enkelt spørsmål; et spørsmål som hadde en tendens til å rykke en inn på livet med årene. Den store åpenbaringen hadde hun aldri fått. Den store åpenbaringen fikk en kanskje aldri. I stedet var det små, daglige mirakler, glimt av lys, fyrstikker som uventet ble revet av i mørket; her var ett.»

Forfattaren Virginia Wolfs ord frå romanen Til fyret fortel oss noko om korleis denne meininga kan opplevast – til tider nokså fragmentert, og sjeldan som ei openberring av typen Paulus opplevde på veg til Damaskus. Vi kan bruke eit heilt liv på finne meininga med livet, samtidig som ein truande også skal få stole på at det finst eit fundament for all meiningsfylde – og ferdiglagte gjerningar det er mogleg å gå inn i.

Barn og lykke 

Å finne meining i tilveret handlar ikkje alltid om å finne størst mogleg lykke. Tvert om kan meiningskjensle og lykkekjensle innimellom stå eit godt stykke frå kvarandre. Faktisk viser forskinga at hektiske småbarnsforeldre skårar lågare på lykkeskalaen enn par som ikkje har barn. Kvardagslogistikken går ut over lykkekjensla. Derimot veit alle som har barn kor meiningsfullt det er. Då kjenner ein både lykke og meining på eit djupare plan.

Det gode liv 

Det er eit godt råd i vår tid å vere mindre opptatt av å jakte på individuell lykke, og i staden søke meining og fellesskap i tilveret. Som Smith er inne på i boka Glem lykke, finn mening, gir livet meining når vi utviklar våre sterke sider og brukar dei til å hjelpe andre. Det er også i pakt med den kristne nestekjærleikstanken, og med folkevisdomen destillert i uttrykket «Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad».

Der søken etter meining får trumfe jakta på eiga lykke, ligg forholda til rette for det gode liv.

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Tove S. J Magnussen

513 innlegg  2074 kommentarer

Fellesskap med mening

Publisert nesten 2 år siden

I Russland er alkohol en viktig del av kostholdet. Det fører til vold, drap og overgrep i høy hastighet. Kvinner og barn blir ofrene. Ingen skal fortelle meg at en viktig årsak til nøden vi ser i mange land ikke er rusmidler. Menn oppsøker steder der de serverer alkohol, dealer dop og lever det frie, avhengige liv. Kvinner som kommer i deres vei blir bare utnyttet.

En annen faktor er pornoindustrien. der maktmenn kjøper seg sex og selskap. Resultatet av dette spillet blir fornedrende meldinger og fornærmelser av ens intelligens. 

Umoden drikking skaper utrygge forhold over alt. Kriminalitet lukter  og smaker likt, av lureri.

Ingen har så mye penger i sirkulasjon til enhver tid. De strør rundt seg selv og overlater problemene til andre.  

I mellomtiden bruker lederne de store overskriftene, mens landet og befolkningen forgår. 

Vi kan ikke godta dette. Norge har mindre kriminalitet enn før, men rusmidler tar fortsatt kaken.

Folkemøter er en effektiv metode for å redusere dop trafikken og utryggheten på steder der det er en utfordring. Gapet mellom politiet og folket reduseres. Man kjenner den enkelte og skaper en relasjon til befolkningen som de kan følge opp på sikt. 

Lavterskelmøter gir tillit og respekt. Jeg har selv etablert det på Kvinneklinikken , AHUS i sin tid. Det fungerte bra.  


Mest leste siste måned

Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
16 dager siden / 1202 visninger
Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
22 dager siden / 1201 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
8 dager siden / 844 visninger
Hjemmesentrert kirke
av
Joanna Bjerga
4 dager siden / 800 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 2 måneder siden / 619 visninger
Humanismens hellige skrifter
av
Didrik Søderlind
nesten 2 år siden / 577 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere