Eg kjenner deg ikkje så godt, men møtte deg på kyrkjemøtet i Trondheim og synest du verkar som ei bevisst og tydeleg talskvinne for svake og utsette grupper. Det er fint. Du sa frå talarstolen at du er «var» for korleis vi snakkar om og til kvarandre, og det er eit godt uttrykk og ein god eigenskap. Her høyrer eg at du ønskjer å vera ivaretakande, og det er nettopp derfor eg skriv.
På eit tidspunkt i debatten under årets Kyrkjemøte kom omgrepet «klassisk Bibelsyn» opp. Det var brukt av ein lekmann for å seia noko om eigen ståstad. Slik situasjonen har vore dei to siste Kyrkjemøta, trur eg ikkje at slikt omgrep er kontroversielt, men heller ærleg på at det er djupe teologiske skiljeliner i kyrkja, og at vi, om vi skal ha eit truverdig mangfald, gjer vel i å skjøna noko av dette, etter beste evne.
Men omgrepet «klassisk bibelsyn» var noko du tydeleg reagerte på, tok replikk, og bad vedkomande greia ut om kva som ligg i dette omgrepet. På 30 sekund, slik omfanget på ein svarreplikk er på Kyrkjemøtets talarstol. Eg må spørja deg om du meiner det er ein høveleg måte å adressera det viktige og samansette spørsmålet om bibelsyn på. Eg opplevde det i alle fall som temmeleg tabloid.
Ein ting er at vi ikkje skjønar eit uttrykk og ynskjer å få vita meir om kva som ligg i det. Vi har sikkert nok av språklege slør og opake omgrep i våre samanhengar. Etter nett dette (for meg) viktige ordskiftet, sat eg igjen med kjensla av at replikken din ikkje handla om nysgjerrigheit på kva vi som har eit klassisk bibelsyn legg i det, men om å stilla til oss til veggs. Frå talarstolen fekk du eit svært godt og kortfatta svar, nemleg at eit klassisk bibelsyn legg meir vekt på Guds ord enn på menneskeleg erfaring. Det vart hengande igjen i salen. Men samtalen om Bibelsyn bør likevel ha ei langt grundigare tilnærming.
Eg håpar at du som no er biskop i alle fall ikkje vil halda fram med å stilla deg fremst i køen for å krevja slagordprega svar på vesentlege og grunnleggande spørsmål. Gode samtalar om bibelsyn og teologi er det derimot mange som gjerne helsar hjarteleg velkomne!
Sofie Braut, lektor ved Tryggheim vidaregåande skule