Verdidebatt

Eg har tatt snarvegen...

Eg er ein av dei som er i ferd med å bli B-prest. Eg kom igjennom på «profetvegen» no i mars, på paragraf 6. Eg er vigsla kateket etter gamal ordning frå Volda, adjunkt med opprykk, med litt tilleggsfag, men ikkje master. Eg har vore tilsett som kateket i 17 år.Tanken om å bli prest kom snikande, månad etter månad, år etter år. Etterkvart gav eg etter og prøvde å finne fram i studiejungelen. Eg tok kontakt med MF, TF, MHS, NLA Oslo og Bergen, VID Oslo og Bergen, KUN, HIV og alle andre plassar eg kunne tenke meg at dei kunne ha fag som eg kunne ta. Det var ikkje lett. Eg bur i Selje. Eg har barn. Eg kan ikkje flytte. Eg måtte ha fag med undervisning i bolkar eller nettbasert. Det vart utallege telefonar og epostar som eg ikkje fekk svar på, og om eg fekk svar, hadde svært få skular fag eg kunne ta, særskilt om eg ønskja å ta teologiske fag.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eit år etter at eg starta leitinga fekk eg Morten Holmquist frå MF på telefonen. Han høyrde på meg og sa, -dette skal vi ordne. Same dag var eg inne i eit system. MF rekna ut kva eg hadde og trengte vidare, og dei ville koordinere studiet og sørgje for at det eg tok vidare vart godkjent inni ein erfaringsbasert master i kyrkjeleg undervisning. Det var heilt avgjerande for meg. Eg hadde nok gitt opp om ikkje dei hadde gjort det. MF anbefalte paragraf 5. Teologi var utelukka utan å flytte. No held eg på med mitt tredje fag på den tredje utdanningsinstitusjonen i den andre byen. Framleis er det ein kamp å finne fag og organisere dei.

Som Margrethe Kvalheim og understreker, så ønskjer dei aller fleste av oss å studere. Vi ønskjer å ta meir utdanning på vegen til å bli prest, men det er svært få fag vi kan ta, sjølv om vi verkeleg prøvar. Men det er ikkje berre studiestadane sin feil, for dei kan ikkje køyre fag det ikkje er studentar til. Eg gler meg derfor over Bernd Krupka (KUN) sitt innlegg (16.4) der han skriv at dei jobbar med å få til meir e-læring i samarbeid med VID for oss vaksne studentar som ønskjer å jobbe som prest, kateket, kantor eller diakon. MF startar og frå hausten opp med erfaringsbasert master i kyrkjeleg undervisning. Det er lyspunkt vi må ta med.

Eg trur både vi nestenprestar, prestar, biskopar og studiestadane er einige om at kompetanse er viktig, men problemet er altså at vi må ha fag å studere. Eg startar på praktikum på KUN i Tromsø til hausten. Eg vert mest truleg ordinert til prest neste sommar. Ordinert til B-prest. Utan positivt svar i kyrkjerådet si evalueringsnemd ville eg mest truleg ikkje vore ferdig før i 2025.

Det manglar fast tilsett prest i tre av dei sju «prestegjelda» i Nordfjord. Å vere kyrkjetenar, kateket, organist, kyrkjeverje eller ein annan jobb i kyrkja utan fast prest er svært krevjande. Det påverkar og gjer jobben vanskeleg for alle dei tilsette når det manglar prest. Eg var sjølv kateket i fire år med fire ulike sokneprestar. Dei var alle svært dyktige, men det var krevjande. Svært krevjande. Krevjande å ikkje få kontinuiteten og ikkje ane kven som skulle vere prest det neste halvåret og korleis ein kunne planlegge. Behovet for prestar er udiskutabelt, særskilt på bygda.

Det er flott med alle som med ein gong bestemmer seg for at dei vil bli prestar og går den strake vegen og tek teologi, men det blir fleire og fleire som meg, som treng tid. Tid til å la tanken modnast fram. Tid til å våge.

Eg vart fortalt etter intervjuet i evalueringsnemnda i kyrkjerådet at det er elleve som har kome gjennom «profetvegen» dei siste fem åra. To kvart år. Eg er takksam for muligheita eg har fått, og eg kjem til å studere vidare. Eg vil ha meir utdanning, men no treng eg ikkje ta alt som er mogleg uansett om eg syns det er relevant eller ikkje, berre for å få ein master. No kan eg jobbe som prest og kanskje ta eit fag i året. Eit fag som verkeleg er relevant når eg skal jobbe som prest. Eg gler meg til å starte i jobben som prest til hausten. Eg er glad for at det er fleire vegar til å bli prest. For meg vart snarvegen berre 4 år. Eg var svært heldig.

Takk for debatten! Vi treng den, og vi treng å legge til rette på ulike måtar for dei som ønskjer å jobbe i kyrkja, sjølv om vi er over 40 år og bur på bygda. Kyrkja har ikkje råd til å ikkje gjere det, og mykje kan bli lettare om vi som ønskjer å studere kan få det, litt enklare.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt