Redaktør kultur og idé Alf Kjetil Walgermo

Ein måke over skriftas hav

Jon Michelet fullførte det litterære løpet. Med sin vilje til å ta dei største spørsmåla på alvor, blir han ståande som eit førebilete for oss alle.

Publisert: 18. apr 2018 / 1042 visninger.

Det finst somme forfattarar som lèt etter seg eit større tomrom enn andre. Jon Michelet var forfattar i heile mi levetid. Han var også journalist, redaktør og bryggearbeidar. I ungdommen segla han på dei blå hav. Han gjekk i land og var blodraud politikar. Til Kapital sa han for fire år sidan at han stadig rekna seg som kommunist. Den politiske overbevisinga blei ikkje truga av at pengane omsider hadde begynt å strøyme inn på kontoen, etter suksessen med storverket En sjøens helt. «Penger kan forandre folk, men ikke meg!» uttalte Michelet.


Suksess

Eg trudde han, sjølv om eg må innrømme at eg drog litt på smilebandet. Men, nei, Jon Michelet var neppe blitt kapitalist på sine eldre dagar. Dessutan hadde han plassert ein god del av bokpengane i eit fond som skulle komme norske krigsseglar og deira pårørande til gode. Det var så flott! Eg unna Michelet all suksess med bøkene om krigsseglarane, ein bragd som han makta å fullføre heilt på tampen av livet, liggande i sjukesenga. Det siste bandet i En sjøens helt-verket blei ferdig rett før han døydde. Det får tittelen Krigerens hjemkomst og kjem ut til hausten.


Gjennomføringsevne

At han makta å skrive storverket ferdig, er ufatteleg. Men det seier noko om gjennomføringsevna hans. Den var stor. Lista over alle bøkene hans er lang, som eit uvêr, kunne ein tilføye. Romanar, ikkje minst krim, noveller, sakprosa, skodespel, barne- og ungdomsbøker, fotballbøker i tospann med Dag Solstad. Og så skulle han altså krone livsverket med En sjøens helt, som etter alle dei gode kritikkane må kunne kallast eit litterært høgdepunkt.


Ateist

Eg møtte Jon Michelet mange gonger og hadde stor respekt for ein mann eg opplevde som heil ved. Dumskapar i ungdommen var han open om og angra på. Sjømannslivet hadde vore tøft.
Han stilte til Min tro-intervju i Vårt Land hausten 2005, og det var eg som intervjua han. Der gav han uttrykk for sin ærlege ateisme: «Jeg tørster nok etter troen, men for meg blir det en ørkenvandring. Jeg finner ikke noen kilde.»
Intervjuet utløyste ei rekke av brev frå Vårt Lands lesarar til Jon Michelet. I første omgang las han dei og la dei til side. Sommaren 2007 blei han ramma av livstruande prostatakreft. Då fann han fram igjen breva, og med utgangspunkt i desse skreiv han boka Brev fra de troende. Ei bok om tro og tvil.


Ville ikkje jukse

Eg hugsar framleis korleis det banka i brystet då eg fekk manuset til gjennomlesing. Her hadde Jon Michelet skrive ei heil bok med utgangspunkt i eit intervju eg gjorde med han for Vårt Land! I boka skildrar Michelet blant anna korleis eg hadde pressa han «mildt, men bestemt» på spørsmålet om den manglande trua hans. Intervjuet hadde han avrunda på følgjande vis: Vaya con Dios. Gå med Gud.
Med Brev fra de troende bestemte Michelet seg for å tenke igjennom det ateistiske livssynet sitt på nytt. Med sin vilje til å ta dei største spørsmåla på alvor, blir han ståande som eit førebilete for oss alle. Michelet var ærleg i alt han gjorde, også i kva han trudde på. Han ville ikkje jukse seg til tru, som han sa.


Redningsbøye

Respekten min for Michelet blei ikkje mindre dei seinare åra. Eg skulle gjerne hatt ein ny samtale med han om tru og tvil. Ikkje for å overtyde han om noko, eller sjekke kvar han stod no. Men for å fortelje at han faktisk hadde hjelpt meg den gongen, både med intervjuet og med det han skreiv i boka si. Den gongen var eg sjølv på veg bort frå trua. Helsinga frå den rause ateisten, om å gå med Gud, står i ettertid som ei redningsbøye.
Eg trur ikkje Michelet ville tatt seg nær av det. Han ville ha humra godt.


Sveve over vatnet

No har Jon Michelet kasta loss for siste gong. Eg veit ingenting om kva han trudde og tenkte til sist. Men eg veit at han var ei ærleg sjel. Eg tenker på draumen han skildrar i slutten av Brev fra de troende, der han såg seg sjølv som ein gammal måke over skriftas hav. I ein skumtoppa sjø av bokstavar, der sette han punktum.

6 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Oddbjørn Johannessen

173 innlegg  13395 kommentarer

Fin omtale

Publisert 6 måneder siden

Takk for ein særs leseverdig og fin omtale.

2 liker  
Svar

Siste innlegg

Vårt Land og politikken
av
Alf Gjøsund
rundt 1 time siden / 109 visninger
0 kommentarer
Skudd for baugen
av
Odvar Omland
rundt 5 timer siden / 75 visninger
1 kommentarer
Bollestad blander kortene
av
Berit Austveg
rundt 5 timer siden / 116 visninger
0 kommentarer
Gud, - "den vannmektige"?
av
Oddvar Haugland
rundt 7 timer siden / 70 visninger
0 kommentarer
Den store glemselen
av
Lars Gilberg
rundt 9 timer siden / 359 visninger
2 kommentarer
Ulikhetens pris
av
Vårt Land
rundt 10 timer siden / 69 visninger
0 kommentarer
Utidig innblanding
av
Ingrid Vik
rundt 10 timer siden / 598 visninger
2 kommentarer
KrF-måten
av
Knut Arild Hareide
rundt 10 timer siden / 849 visninger
5 kommentarer
Les flere

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Vårt Land og politikken
av
Alf Gjøsund
rundt 1 time siden / 109 visninger
0 kommentarer
Skudd for baugen
av
Odvar Omland
rundt 5 timer siden / 75 visninger
1 kommentarer
Bollestad blander kortene
av
Berit Austveg
rundt 5 timer siden / 116 visninger
0 kommentarer
Gud, - "den vannmektige"?
av
Oddvar Haugland
rundt 7 timer siden / 70 visninger
0 kommentarer
Den store glemselen
av
Lars Gilberg
rundt 9 timer siden / 359 visninger
2 kommentarer
Ulikhetens pris
av
Vårt Land
rundt 10 timer siden / 69 visninger
0 kommentarer
Utidig innblanding
av
Ingrid Vik
rundt 10 timer siden / 598 visninger
2 kommentarer
KrF-måten
av
Knut Arild Hareide
rundt 10 timer siden / 849 visninger
5 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Bernt Torvild Oftestad kommenterte på
Kristen politikk i et sekularisert demokrati
3 minutter siden / 740 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Personlig åpenbaring
7 minutter siden / 1487 visninger
Joanna Bjerga kommenterte på
Personlig åpenbaring
11 minutter siden / 1487 visninger
Geir Wigdel kommenterte på
KFUK-KFUM Global og den israelske okkupasjonen
14 minutter siden / 237 visninger
Tor Egil Hansen kommenterte på
Personlig åpenbaring
rundt 1 time siden / 1487 visninger
Johannes Taranger kommenterte på
KrF-måten
rundt 1 time siden / 849 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
KFUK-KFUM Global og den israelske okkupasjonen
rundt 1 time siden / 237 visninger
Fredrik Glad-Gjernes kommenterte på
KFUK-KFUM Global og den israelske okkupasjonen
rundt 1 time siden / 237 visninger
Morgan Lindstrøm kommenterte på
KrF-måten
rundt 1 time siden / 849 visninger
Fredrik Glad-Gjernes kommenterte på
KFUK-KFUM Global og den israelske okkupasjonen
rundt 1 time siden / 237 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Personlig åpenbaring
rundt 1 time siden / 1487 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Personlig åpenbaring
rundt 1 time siden / 1487 visninger
Les flere