Harald Myklebust

Høgskulelektor
1    1

Eit radikalt parti

Det er færre som fylkar seg om Guds Ord. Vekkingslivet er svekka. Dette kan ikkje politiske parti gjere noko med.

Publisert: 12. apr 2018 / 246 visninger.

Magne Roland har eit kritisk blikk på stoda i KrF i dag, som eit «uforutsigbart og vinglete (parti) som ingen vet hva finner på i morgen» (Vårt Land, 4. april). I ingressen seier han at likevel har han bruk for KrF, om det er villig til å velge side i norsk politikk.

Subsidaritetsprinsippet. Roland har fleire interessante
vurderingar, som eg ikkje her kan gå nærare inn på, men utfordre han på nokre punkt. For det første: Kvar er det KrF har fråvike sitt subsidaritetsprinsipp, eit prinsipp som har vore, og er grunnleggande for KrFs politiske liv?

For det andre: KrF gjekk til val for eit borgarleg
regjeringssamarbeid med Erna Solberg som statsminister. Vi veit korleis det gjekk: Ho valde Frp, og ville ikkje prøve eingong ei sentrum-Høgre-regjering.

For det tredje: Ja, den bioteknologiske utviklinga i samfunnet, og i politikken generelt, treng meir enn nokon sinne eit kristent ide-forankra parti «i førersete». Eg greier ikkje å sjå, Roland: Kvar har KrF svikta?

Når så dette er sagt, vil eg nemne to uromoment: Det er færre som fylkar seg om Guds Ord. Vekkingslivet er svekka. Dette kan ikkje politiske parti gjere noko med. Men gudstenestelivet, forsamlingane og bedehuslivet må fornyast innanifrå.

Her kan verdimedvitne borgarar finne styrke til
aktivt samfunnsliv, også politisk, til å gjere partia merksame på kva menneske-, kultur- og samfunnsliv ein vil skal prege folket vårt. I dette ligg òg korleis vi forvaltar alle goda våre, ikkje i pur egoisme, men i det å dele med alle dei verdiane vi har, i gjensidig respekt.

Asylinstituttet. Dette må vi kunne forvalte slik at dei som vert drivne bort frå sine land av autoritære regimer, terror, krig og svolt, kan kjenne seg forstått, verdsatt - og velkomne, trass i at ein stor del av dei har andre religiøse referansar enn våre. Så får vi utruste dei som tek imot slike ved grensa, at dei som prøver seg utan grunn vert stogga, men at dei som treng oss opplever opne hender, og samstundes vise at vi har ein identitet som nasjon, som har hatt og vil ta vare på våre kristne-humanistiske verdiar.

Harald Myklebust

styremedlem i Åsane KrF

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Daniel Krussand

5 innlegg  1179 kommentarer

Sier 3% - partiet?

Publisert 9 dager siden
Harald Myklebust. Gå til den siterte teksten.
Ho valde Frp, og ville ikkje prøve eingong ei sentrum-Høgre-regjering.

Selvsagt valgte hun FrP, de var jo allerede i regjering sammen!

FrP er da også et tydelig parti.  Det har Venstre forstått.  Trine skryter nå til og med deres raushet, de tre damene har lært kommunikasjonens kunst.

Nei, KrF må nok vente tre år, så får vi se.

Svar
Kommentar #2

Harald Myklebust

1 innlegg  1 kommentarer

Publisert 9 dager siden

Krussand: Eit tydeleg FrP ? Det er nett det som er saka, - og det i for mange saker som KrF ikkje vil eller kan identifisere seg med. Sjølv Erna må svelgje kameler for å takle partiet, - ikkje berre i saker, men i FrPs retorikk, som ho ved fleire høve har distansert seg ifrå. Eller kva skal ein seie til statsrådar som audmjuker sin regjeringssjef med sine statsrådar ? At Venstre, i panikk over å kome under sperregrensa, likevel ville tilpasse seg FrP, som var vel så harde i sine uttrykk over FrPs politikk og retorikk, det er heilt utruleg. KrF har det vanskeleg å kome tilrette med dette" 2-regjerings"-alternativa, fordi sentrum - vippepunktet, no er redusert til berre eitt parti, KrF. Sp har gåtttil venstresida, og Venstre til høgresida. Vi er i ferd med å misse mangfaldet i eit levande demokrati.... Så får vi sjå korleis KrF maktar å vise sine politiske kvalitetar i sin vippeposisjon. 3 år i politikken er lang tid. Partiet kan reise seg att dersom ein maktar å få profilert sin eigenart på ein tydeleg måte.

Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Robin Tande kommenterte på
Ser du ulven?
2 minutter siden / 8553 visninger
Anne Jensen kommenterte på
Ser du ulven?
13 minutter siden / 8553 visninger
Anne Jensen kommenterte på
Ser du ulven?
16 minutter siden / 8553 visninger
Robin Tande kommenterte på
Ser du ulven?
24 minutter siden / 8553 visninger
Rune Staven kommenterte på
To sider av samme lov.
39 minutter siden / 47 visninger
Kjell Haugen kommenterte på
Tanker om kirketilhørighet
40 minutter siden / 89 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 1 time siden / 8553 visninger
Dan Lyngmyr kommenterte på
Far fortsatt savnet
rundt 1 time siden / 11908 visninger
Mona Ekenes kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 1 time siden / 8553 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Tanker om kirketilhørighet
rundt 1 time siden / 89 visninger
Stefan Bonkowski kommenterte på
Farlig omskjærings-vedtak fra SV
rundt 2 timer siden / 1973 visninger
Martin Sandstad kommenterte på
Farlig omskjærings-vedtak fra SV
rundt 2 timer siden / 1973 visninger
Les flere