Dag Sele

5    6

Naivitet ­eller strategi, Solberg?

Når Høgreleiaren etter landsmøtet legg stor vekt på at spørsmålet om ­egg­donasjon og assistert befruktning for einslege ikkje handlar om sorterings­samfunnet, gir det grunn til å spørja om ho trur på det ho sjølv seier.

Publisert: 12. apr 2018 / 435 visninger.

Landsmøtet til Høgre tok i helga alvorlege og store steg. Dei valde då å leggja mindre vekt på barn sin rett til, så langt det er mogeleg, å veksa opp med sine biologiske foreldre, for så å leggja meir vekt på vaksne sine høgst forståelege ønskje om å få barn.

Dette er ein trend me har sett i lang tid, i store deler av det politiske Noreg, ein trend som har kome så langt at det ikkje lenger er uvanleg å argumentera med at alle skal ha lik rett til å få barn. Og allereie når me tenker tanken at nokon har rett til å få barn, vil mange tenka at me er komne ut i nokså ulendt terreng.

Dei viktigaste hindera. Høgre-landsmøtet vedtok å gå inn for eggdonasjon, medan forslag om å gå inn for surrogati vart tydeleg avvist. Står eit slikt tydeleg skilje mellom desse sakene til truande? Det er jo nettopp forbodet mot eggdonasjon som har vore eitt av dei viktigaste hindera for surrogati i Noreg. Og den som verkeleg trur at me no berre skal gå eitt steg lengre og så stoppa heilt opp, kan ikkje ha vore mykje orientert og til stades under den utviklinga me har hatt dei siste åra.

Og kva er så problemet med å godta surrogati? Eg skal her avgrensa meg til å nemna to viktige innvendingar. Uansett kor frivillig og «altruistisk» tilhengjarane meiner ordninga skal vera, er det all grunn til å frykta at ein slik praksis gir opning for utnytting av kvinner, anten det er den norske kvinna som blir spurt om å hjelpa si ulukkelege søster eller det er den lutfattige og desperate kvinna i India. I tillegg vil dette medføra ei ekstrem oppløysing av banda mellom mor og barn. Barnet får ved bruk av surrogati i prinsippet tre mødrer: Ei genetisk mor, ei mor som har gitt liv, varme og næring gjennom svanger­skapet og ei sosial mor. Kan me tru at dette i lengda ikkje skal bety noko som helst for barnet?

Noko heilt anna. Men den viktigaste grunnen til at eg grip pennen er Solberg sin påstand om at desse spørsmåla er noko heilt anna enn sortering, og at me difor framleis kan stola på Høgre i kampen mot sorteringssamfunnet. Her må eg heilt oppriktig stilla spørsmålet: Trur ho på dette sjølv? Hittil har rett nok kartlegging av foster vore det tydelegaste eksempelet på utviklinga mot sorteringssamfunnet som mange fryktar. Men etter kvart som utviklinga går vidare, vil metodane til å «designa» barn med ønska eigenskapar raskt bli fleire.

Og ein av dei viktigaste skilnadene på å bruka denne genteknologien til å behandla eller hindra sjukdom og det å laga ­«designar-barn» er spørs­målet om du tek utgangspunkt i den unike blandinga av mor og far sine genar eller om du vel genar og eigenskapar fritt frå ein «meny».

Her er det at spørsmålet om eggdonasjon og surrogati representerer vegen mot ei stadig større frikoling mellom genane til barn og foreldre. Det er ingen tvil om at utviklinga innan genteknologi vil gje oss mange framsteg i kampen mot sjukdom og plager. Men samtidig kan teknologien altså brukast i jakta på det ­stadig meir «perfekte», ei framtids­utsikt eg trur det er fleire enn eg som får frysningar av.

Steg og retningsval. Difor framstår det farleg å bagatellisera viktige steg og retningsval på desse områda. Historia er full av eksempel på at merkesteinar har blitt flytta litt og litt, i steg som enkeltvis har verka uskuldige, anten det stod kyniske strategar eller litt naive og velmeinande politikarar bak vedtaka, inntil kursen har blitt umogeleg å endra tilbake. Og når terrenget langt framme er litt uoversiktleg, kan det å flytta på dei merke­steinane me i dag har nett framføre oss lett føra oss til ein stad me slett ikkje hadde tenkt.

Eg tvilar ikkje på at Solberg også er oppriktig bekymra for sorteringssamfunnet og difor i dag kanskje også er bekymra over retninga i partiet. Men når dei no hevdar at dei vedtaka som er gjort ikkje endrar partiet sin posisjon i høve til sorteringssamfunnet, er det altså all grunn til å spørja seg om det er velmeinande naivitet eller kynisk strategi for flytting av merkesteinar som ligg bak.

Dag Sele

Fylkesleiar, Hordaland KrF

2 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Geir Wigdel

14 innlegg  1920 kommentarer

Det er merkelig

Publisert 7 dager siden

at en  går mot eggdonasjon med begrunnelse å ivareta barnets beste. Da må en i det minste være enda strengere mot sæddonasjon. Dette fordi statistikk viser at barn unnfanget med donorsæd løper høyere risiko fra sine sosiale fedre enn barn som vokser opp med sin biologiske far. Selv om vi mangler tilsvarende statistikk for eggdonasjon, er det grunn til å tro at en kvinne som bærer fram et barn, vil føle det fullt ut som sitt selv om det har en annens arvestoff. Dette er en naturlig følge av de tette bånd som bindes mellom mor og barn gjennom svangerskap og etterfølgende ammeperiode/stell.

At en kan mene at eggdonasjon ikke lar seg skille fra surrogati, er helt meningsløst. Ved surrogati er jo prinsippet det motsatte: Den som bærer fram barnet skal IKKE fortsette som barnets mor. 

Svar
Kommentar #2

Dag Sele

5 innlegg  6 kommentarer

Publisert 6 dager siden

Mitt poeng er at eg ser det som barns beste å ha relasjonar til sine genetiske foreldre, så langt det er råd. Og i tråd med menneskerettane burde vel dette liggja til grunn i dei tilfelle der samfunnet «medverkar» til nye barn. Det nye ved eggdonasjon er at ein bryt genetisk band mellom mor og barn, noko som tidlegare har vore udiskutabelt.

Samanhengen mellom eggdonasjon og surrogati handlar vel om at det første er ein forutsetning for det siste og at debatt og argumentasjon tyder nokså sterkt på at det blir neste sak for mange. Eg er i alle fall ikkje blant dei som blir overraska om mange av dei som no argumenterer for eggdonasjon om få år brukar same argumentasjonen for surrogati...

1 liker  
Svar
Kommentar #3

Bjørn Blokhus

0 innlegg  746 kommentarer

KrF utenfor maktens korridorer

Publisert 6 dager siden
Dag Sele. Gå til den siterte teksten.
Dei viktigaste hindera. Høgre-landsmøtet vedtok å gå inn for eggdonasjon, medan forslag om å gå inn for surrogati vart tydeleg avvist. Står eit slikt tydeleg skilje mellom desse sakene til truande? Det er jo nettopp forbodet mot eggdonasjon som har vore eitt av dei viktigaste hindera for surrogati i Noreg.

Det var en stor seier å kaste Listhaug i opposisjon, men hva nå som kjernesakene til KrF er i spill ?

I regjering kunne KrF påvirke politikken i slike saker, nå er det SV og Ap som spiller med regjeringen.

Er Hareide å betrakte som en eksilpolitiker ?

Svar
Kommentar #4

Geir Wigdel

14 innlegg  1920 kommentarer

Men hvem er

Publisert 6 dager siden

modig nok til å si klart nei BÅDE til sæd- og eggdonasjon. Begge deler fratar barn i lik grad å vokse opp med sine biologiske foreldre, men eggdonasjon er klart å foretrekke sett fra barnets side.

Svar
Kommentar #5

Dag Sele

5 innlegg  6 kommentarer

Publisert 6 dager siden

No er vel saka slik at Høgre stiller meir likt med dei fleste andre partia, ved at dei har eit primærstandpunkt som er ulikt vårt og at gjennomslag er avhengig av forhandlingar med nokon som ønskjer samarbeid med oss... :-)

Svar
Kommentar #6

Dag Sele

5 innlegg  6 kommentarer

Publisert 6 dager siden

KrF har av denne grunn programfesta motstand mellom både sæd- og eggdonasjon. Men det er vel i denne samanheng også eit poeng at det hittil aldri har vore usikkerhet om kven som er genetisk mor, medan ein no vil innføra eit nytt skille der.

Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Fredrik Evjen kommenterte på
Hviledagen
5 minutter siden / 96 visninger
Rune Holt kommenterte på
Farlig omskjærings-vedtak fra SV
15 minutter siden / 757 visninger
Geir Wigdel kommenterte på
Farlig omskjærings-vedtak fra SV
25 minutter siden / 757 visninger
Jørgen Lund kommenterte på
Farlig omskjærings-vedtak fra SV
44 minutter siden / 757 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Finn en ny Gud
rundt 1 time siden / 904 visninger
Rune Holt kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 1 time siden / 5466 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Kultur og enhetspolitikk
rundt 1 time siden / 35 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Klare svar i kirkerommet?
rundt 1 time siden / 157 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Farlig omskjærings-vedtak fra SV
rundt 1 time siden / 757 visninger
Jørgen Lund kommenterte på
Farlig omskjærings-vedtak fra SV
rundt 1 time siden / 757 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Klare svar i kirkerommet?
rundt 1 time siden / 157 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 1 time siden / 5466 visninger
Les flere