Verdidebatt

Kva er føremålet med Mentor Medier?

Lar hendingane rundt Åshild Mathisen sin avgang som redaktør i Vårt Land seg best tolke i eit personkonfliktperspektiv? Eg meiner nei. Konsernleiinga i Mentor Medier synest å svikte med omsyn til ansvaret for det som er hovudoppgåva til konsernet, nemleg å bidra til utgjevinga av Vårt Land og med dette ei positiv avisutvikling. Med dette vil det, uansett kva utfallet av den ekstraordinære generalforsamlinga blir, å stå att ein stor jobb: Å finne ei konstruktiv retning for Mentor Medier og Vårt Land si rolle i konsernet. Denne utfordringa vil vere der med eller utan Åshild Mathisen

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ifølgje Mentor Medier sine eigne vedtekter (§3) heiter det at selskapet sitt føremål er å eige "direkte eller indirekte selskapet Vårt Land AS for derigjennom å legge forholdene til rette for utgivelse av Vårt Land. I tillegg(mi kursivering) kan selskapet drive annen medievirksomhet, herunder delta i andre selskaper med liknende virksomhet, handelsvirksomhet og kjøp og salg av aksjer eller på annen måte gjøre seg interessert i andre foretak."
 
I den pågåande konflikten, som eg håper den ekstraordinære generalforsamlinga 16. april vil kaste ljos over, synest forholdet mellom Vårt Land og resten av konsernet vere omdreiingspunktet. Leiinga av konsernet, med Brunegaard og Tveiten i spissen, synest for ein utanforståande å agere meirmed tanke på sjølve konsernet og mindremed tanke på å tene og drifte avisa Vårt Land. Kritikken som konsernleiinga har retta mot dåverande publisher Åshild Mathisen, og som eg antar ligg til grunn for oppseiinga av henne, synest paradoksalt nok å handle om at ho har teke Mentor Medier sine vedtekter på alvor. Mathisen har blitt kritisert for å ikkje ville samarbeide om fellesløysingar med dei andre avisene i konsernet. I staden har ho prioritert utvikling og utgjeving av avisa Vårt Land. Dette ser eg, i motsetnad til konsernleiinga si gjentaking av at dette er ein personkonflikt, som ein strid om Vårt Land sin eigenart i norsk kristeleg og, under Mathisen si leiing i aukande grad også, allmennoffentlegheit.
 
Konsernleiinga synest med dette å svikte med omsyn til ansvaret for det som er hovudoppgåva til konsernet, nemleg å bidra til utgjevinga av Vårt Land og med dette ei positiv avisutvikling. Med dette synest det, uansett kva utfallet av den ekstraordinære generalforsamlinga blir, å stå att ein stor jobb: Å finne ei konstruktiv retning for Mentor Medier. Dette spørsmålet vil vere der med eller utan Åshild Mathisen,noko som stadfestar at det det heile går om er noko meir og anna enn ei personkonflikt. Passar dei til dels svært ulike selskapa og publikasjonane som er kjøpt opp strategisk sett inn i eit konsern som har som hovudoppgåve å drifte Vårt Land? Skal Vårt Land sin eigenart og avisa si rolle i norsk kristeleg og allmenn offentlegheit ofrast for andre og (etter konsernet sitt føremål) mindre sentrale publikasjonar?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt