Verdidebatt

Naivitet eller strategi, Solberg?

Når Høgreleiaren etter landsmøtet legg stor vekt på at spørsmålet om eggdonasjon og assistert befruktning for einslege ikkje handlar om sorteringssamfunnet, gir det grunn til å spørja om ho trur på det ho sjølv seier.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Landsmøtet til Høgre tok i helga alvorlege og store steg. Dei valde då å leggja mindre vekt på barn sin rett til, så langt det er mogeleg, å veksa opp med sine biologiske foreldre, for så å leggja meir vekt på vaksne sine høgst forståelege ønskje om å få barn. Dette er ein trend me har sett i lang tid, i store deler av det politiske Noreg, ein trend som har kome så langt at det ikkje lenger er uvanleg å argumentera med at alle skal ha lik rett til å få barn. Og allerede når me tenker tanken at nokon har rett til å få barn, vil mange tenka at me er komne ut i nokså ulendt terreng.

Eggdonasjon men ikkje surrogati?

Rapportane fortel at Høgre-landsmøtet vedtok å gå inn for eggdonasjon, medan forslag om å gå inn for surrogati vart tydeleg avvist. Står eit slikt tydeleg skille mellom desse sakene til truande? Det er jo nettopp forbodet mot eggdonasjon som har vore eitt av dei viktigaste hindera for surrogati i Noreg. Og den som verkeleg trur at me no berre skal gå eitt steg lengre og så stoppa heilt opp, kan ikkje ha vore mykje orientert og til stades under den utviklinga me har hatt dei siste åra.

Og kva er så problemet med å godta surrogati? Eg skal her avgrensa meg til å nemna to viktige innvendingar. Uansett kor frivillig og «altruistisk» tilhengjarane meiner ordninga skal vera, er det all grunn til å frykta at ein slik praksis gir opning for utnytting av kvinner, anten det er den norske kvinna som blir spurt om å hjelpa si ulukkelege søster eller det er den lutfattige og desperate kvinna i India. I tillegg vil dette medføra ei ekstrem oppløysing av banda mellom mor og barn. Barnet får ved bruk av surrogati i prinsippet tre mødre: Ei genetisk mor, ei mor som har gitt liv, varme og næring gjennom svangerskapet og ei sosial mor. Kan me tru at dette i lengda ikkje skal bety noko som helst for barnet?

Ingen samanheng med sorteringssamfunnet

Men den viktigaste grunnen til at eg grip pennen er Solberg sin påstand om at desse spørsmåla er noko heilt anna enn sortering og at me difor fortsatt kan stola på Høgre i kampen mot sorteringssamfunnet. Her må eg heilt oppriktig stilla spørsmålet: Trur ho på dette sjølv? Hittil har rett nok kartleggjing av foster vore det tydelegaste eksempelet på utviklinga mot sorteringssamfunnet som mange fryktar. Men etter kvart som utviklinga går vidare, vil metodane til å «designa» barn med ønska eigenskapar raskt bli fleire. Og ein av dei viktigaste skilnadene på å bruka denne genteknologien til å behandla eller hindra sjukdom og det å laga «designer-barn» er spørsmålet om du tek utgangspunkt i den unike blandinga av mor og far sine gener eller om du vel gener og eigenskapar fritt frå ein «meny». Her er det at m.a. spørsmålet om eggdonasjon og surrogati representerer vegen mot ei stadig større frikopling mellom genene til barn og foreldre. Det er ingen tvil om at utviklinga innan genteknologi vil gje oss mange framsteg i kampen mot sjukdom og plager. Men samtidig kan teknologien altså brukast i jakta på det stadig meir «perfekte», ei framtidsutsikt eg trur det er fleire enn meg som får frysningar av.

Difor framstår det farleg å bagatellisera viktige steg og retningsval på desse områda. Historia er full av eksempel på at merkesteinar har blitt flytta litt og litt, i steg som enkeltvis har verka uskuldige, anten det stod kyniske strategar eller litt naive og velmeinande politikarar bak vedtaka, inntil kursen har blitt umogeleg å endra tilbake. Og når terrenget langt framme er litt uoversiktleg, kan det å flytta på dei merkesteinane me i dag har nett framføre oss lett føra oss til ein stad me slett ikkje hadde tenkt.

Eg tvilar ikkje på at Solberg også er oppriktig bekymra for sorteringssamfunnet og difor i dag kanskje også er bekymra over retninga i eige parti. Men når dei no hevdar at dei vedtaka som er gjort ikkje endrar partiet sin posisjon i høve til sorteringssamfunnet, er det altså all grunn til å spørja seg om det er velmeinande naivitet eller kynisk strategi for flytting av merkesteinar som ligg bak.

Dag Sele

Sentralstyremedlem, KrF

Fylkesleiar, Hordaland KrF

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt