Verdidebatt

Trang meiningskorridor

Dei siste 15 - 20 åra har debatten om reproduksjonsteknologien gradvis endra seg frå å ha barnet i fokus til å handle om likestilling og likebehandling for dei vaksne. Den underliggande ideologien er at viktigheita av det biologiske bandet mellom barnet og foreldra har blitt nedtona i forhold til det sosiale foreldreskapet. Eg har undra meg over kva som har bidratt til denne snuinga.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei siste 15-20 åra har debatten om bioteknologi  og reproduksjonsmetodar dreia frå å ha barnet i fokus, til å bli dominert av vaksenperspektivet. I dag er det relativt få i den offentlege debatten som tar den svakaste parten sitt parti; nemleg barnet. Eg har undra meg over dette skiftet og meinar at dreiinga er kopla til framveksten av sterke pressgrupper sin rettigheitskamp og debattklimaet som har utvikla seg i takt med denne.

Det har frå tidleg på 1980-talet vore ein sterk allianse mellom Forening for ufrivillig barnløse (no kalla Ønskebarn) og behandlingsmiljøet i reproduksjonsfeltet. Etter kvart som rettigheitskampen for homofile, lesbiske og transpersonar har fått fotfeste, så har pressgruppa som ivaretar dei vaksne sine interesser på dette området, blitt sterkt utvida. Ettersom stadig nye grupper vert inkludert (no står dei einslege for tur) så er den rådande argumentasjonen blitt ; like rettigheiter og likestilling for alle når det gjeld barneproduksjon.

At menn og kvinner frå naturen av er gitt ulike roller i reproduksjonen, er det visst ingen grunn til å problematisere? For ved bruk av likestillingsargumentet, så er det ingen grenser for inkludering. Resultatet blir overvekt av dei som har interesse av å gi vaksenperspektivet stor plass i debatten. Når det i tillegg er sterke lobbykrefter frå den internasjonale reproduksjonsindustrien som jobbar på mange frontar, så vert overmakta stor.

I forsøket på å foreine likestillingsargumentasjonen og barna sine behov, så har nokre viktige argument slått rot i debatten. Desse har fått gjennomslag langt inn i den norske Kyrkja og i Bioteknologirådet. Nemleg; at det viktigaste for barnet er å vere ønska og elska. Dette vert påstått å trumfe både behovet for å kjenne sine biologiske foreldre, og retten til, så langt som råd, å få vekse opp med dei  (ref. barnet sine rettar ifl. Barnekonvensjonen).

Det andre argumentet er;  at i omsorgsrolla så er foreldra sitt kjønn utan betydning for barnet sin identitetsutvikling  og den psykososiale utviklinga.

Det vert også stadig hevda at forskinga visar at donorbarn som veks opp hos likekjønna foreldre klarer seg godt psykososialt; ja endåtil bedre enn andre barn hevdar enkelte. MEN faktum er at vi idag ikkje veit nok om dette, og ingen kan hittil vise til forskingsresultat som grunnlag for slike påstandar.

Vaksne donorbarn som dei siste åra har stått fram med sine historier, har fortalt at saknet av den andre genetiske foreldreparten har skapt alvorlege emosjonelle vanskar og bidratt til ein tung identitetsprosess.  Dei fortel om tøffe kostnadar med å stå fram og om kraftige sanksjonar i deira oppvekstmiljø. Historia til australske Millie Fontana er eitt gripande eksempel på dette. Fordømminga og dei sanksjonane som donorbarna har blitt møtt med i LHBT- miljøet vitnar om kor "farleg" denne informasjonen er for deira rettigheitskamp i høve reproduksjonsspørsmålet.

I forhold til den norske offentlege debatten, er det interessant å lese journalist Anki Gerhardsen sitt innlegg i Aftenposten 16.februar iår der ho skriv under tittelen "Minoritetenes makt" ; " Den som vil beholde sitt gode navn  og rykte, stiller ikke spørsmål ved minoritetenes krav. Det gjør ikke pressen heller." Ho hevdar også; "... vår tids tabu i de progressive kretser, og der kryr det av journalister, er en problematiserende og kritisk holdning til minoritetenes krav og virkelighetsbeskrivelse."

Anki Gerhardsen visar til eit sjeldant unntak der T. Ulserød, som er homofil, i Aftenposten 13.februar hevdar at homoeliten, inkludert delar av den norske pressen, er intolerant og at meiningar utanfor eit smalt register blir møtt med sterke sanksjonar og hatefull respons.

Eg meinar at den skeive meiningsrepresentasjonen i debatten om eggdonasjon også handlar om debattkilmaet og vanskar med å komme til orde.

Gerhardsen tar utgangspunkt i systemteoretikeren Nassim Taleb sin påstand i essayet " The most intolerant wins"; at samfunnsvitere feilaktig går ut frå at fleirtalet i eit samfunn bestemmer. Ho refererar så til Klassekampen sin tidlegare omtale av dette essayet og deira slutning; at det ofte heller er minoritetar som får viljen sin, gjennom at eit lite mindretal av høglydte grupperingar får diktere norma i eit heilt samfunn.

Som deltakar i eggdonasjonsdebatten har eg erfart eit debattklima med velkjente hersketeknikkar som tausheit og neglisjering. Det har, med nokre viktige unntak, vore utfordrande å få sleppe til i media og har kravd tolmod og stå-på-vilje. Dersom andre har opplevd det same, så forstår eg at det er lett å miste motet for så å trekke seg som aktør i debatten. Stemplinga av meinigsmotstandarane som gamaldagse, bakstreverske og til og med som befruktningsmoralister og homofobe, gjer det heller ikkje enklare å stå fram.

Det er synd om angst for å bli stempla og frykt  for "å risikere sitt gode namn og rykte", held folk borte frå å delta i denne viktige verdidebatten. Mine erfaringar både privat og i yrkessamanheng, har gjort det påtrengande viktig for meg å ivareta og å framheve barneperspektivet i debatten; uavhengig av kva som vert utfallet når Stortinget mot sommaren skal evaluere Bioteknologilova. For dersom det blir fleirtal for eit ja til eggdonasjon, så vil dei etiske dilemmaene og utfordringane stå i kø vidare i debatten.

Utfallet av debatten om eggdonasjon (og surrogati) vil prege samfunnet vårt på så mange områder i tida framover.                                                 Det handlar ikkje berre om barna sine rettigheiter i høve Barnekonvensjonen (som Norge har skrive under på), men kor mykje vi vil vektlegge betydninga av slekt og kontinuiteten mellom generasjonane i vår kultur. I vår tid med så rask utvikling og forandringar på så mange områder i samfunnet, vil det å fasthalde slike viktige identitetsmarkørar bidra til å skape sterkare tilhørigheit og oppleving av samanheng for barna som skal vekse opp.

Nedtoninga av betydninga av biologisk opphav til fordel for betydning av sosialt foreldreskap, meinar eg er eit stort eksperiment. Idag veit vi ikkje kordan dette eksperimentet vil prege barna sin identitet.

Den ustabiliteten som vi ser i samfunnet med mange skilsmisser og skifte av sosiale foreldreskap, skulle tilseie at biologisk foreldreskap gir eit tryggare grunnlag for lovgivninga omkring barnet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt