Verdidebatt

Når samfunn går i oppløysing

Då er det som regel familiane som ryk først.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den sterkaste boka eg har lese det siste året, er boka Hillbilly Elegy av forfattaren J.D. Vance – ei slags familiekrønike om ein dysfunksjonell familie og eit samfunn i oppløysing. På reise gjennom USA tre veker i februar prøvde eg med eigne auge å studere det samfunnet forfattaren skriv om, der forskjellane mellom folk er i ferd med å bli uoverstigelege. Boka kom allereie i 2016, men er framleis eit godt verktøy til å forstå noko av det som er i ferd med å gå fundamentalt gale i delar av det amerikanske samfunnet – og kva utslag det har fått i det politiske leiarsjiktet i Washington D.C. Djupast sett handlar det om familiar som går i oppløysing.

Løvetannbarn. Forfattaren skriv sterkt om sin eigen oppvekst. I Norge ville vi kalla han eit løvetannbarn. Ein som tidleg hadde oddsa mot seg i livet, men som likevel lukkast. Ein som vaks opp i ein dysfunksjonell familie med hyppige utskiftingar av farsfigurar. Ein som opplevde at mora drakk og misbrukte stoff. Ein som ikkje opplevde at familien hadde råd til noko. Ein som ikkje kunne kjenne seg trygg i sin eigen heim. Ein som ikkje vart oppmuntra til å ta høgare utdanning. I staden for å ta i bruk dei moglegheitene som framleis fins, vert ein oppmoda til å gje opp. Forfattaren fortel ei hjarteskjerande historie om korleis dette var nærare normalen heller enn unntaka i samfunna blant kvite, uutdanna, fattige arbeidarar i USA. I det såkalla rustbeltet i USA er det sørgesongen for hillbillyen som rår.

Mykje av dette har vi jo høyrt gjennom media og kommentarartiklar og innsiktsfulle reportasjar: Industridød. Arbeidsløyse. Globalisering og kapitalisme ute av kontroll. Manglande framtidsutsikter. Fenomen som har det til felles at dei er ytre faktorar der individet har liten påverknad på det som skjer.

Høna og egget. Spørsmålet er litt som det med høna og egget: Kor startar elendegheita? Startar den med dårlege tider i arbeidsmarknaden, eller startar den i heimane?

J.D Vance fortel ei anna og meir nyansert historie. Han skriv at folk i dei råka rustbeltesamfunna ikkje berre kan skulde på ytre faktorar for at det går gale med dei. Det handlar også om det som skjer rundt kjøkenborda. Eller kanskje rettare sagt det som ikkje skjer rundt kjøkkenborda. Kva som skjer når familiane ikkje fungerer. Når ingen tar ansvar for si eiga framtid eller framtida til borna sine? Forfattaren fortel om korleis lærarar i lokalsamfunnet blir spurt om kvifor dei ikkje gjorde noko for å redde slike barn som han sjølv, der lærarane svarar med spørsmål om korleis dei kunne vere gjetarar for sånne som han på skulen – når dei resten av døgeret blei sett til av ulvar i deira heimane sine?

Den klaraste refleksjonen som gjekk gjennom hovudet mitt medan eg las boka var den følgande: Mange tenker på familiepolitikk som soft politics, altså politikk som sekundært kan prioriterast dersom alle andre behov er dekka. Først gjeld det å halde styr på økonomien, arbeidslivet, helsevesenet og utdanningssystemet. Vi ser for eksempel ikkje så ofte at typisk familiepolitikk toppar listene over viktigaste saker før eit val, verken der ute eller her heime. Men er det verkeleg slik, at familien er mindre viktig enn skule, arbeid eller helse? Eg vil argumentere for nei.

Startar i heimen. Grunnen er ganske enkel: Funksjonelle familiar er livsviktig for at eit samfunn skal fungere og henge i hop. Når familiar ikkje klarar å beskytte borna sine, er det ikkje sikkert at skulen, helsevesenet eller arbeidslivet heller kan redde dei. Det startar i heimen. Når familiane ryk, er det mykje som ryk.

Med det argumenterer eg ikkje nødvendigvis for betre permisjonsordningar eller meir kontantstøtte. Det hamnar kanskje i kategorien familiane sin valfridom. Det er viktig, det òg. Men viktigare er faktisk at samfunnet i størst mogleg grad stiller opp for å sikre funksjonelle familiar. Kall det gjerne familievern og set det gjerne høgare på prioriteringslista. Skal det skje, trur eg vi også må tørre å snakke om konsekvensane av dysfunksjonelle familiar. Og det er der eg oppmodar alle som ein til å kjøpe Hillbilly Elegy i næraste bokhandel.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt