Verdidebatt

Kvinneperspektivet og Høyres Kvinneforum

Høyres Kvinneforum ved leiar Tina Bru hevdar å tale kvinnene si sak i den brennaktuelle debatten om eggdonasjon. Syner til hennar uttalelser gitt til NRK 12.februar iår i samband med at programkomiteen i partiet la fram sitt forslag til vedtak; nemleg å seie nei til eggdonasjon.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Mitt syn i eggdonasjonsdebatten er at den viktigaste parten i dette spørsmålet, må og bør vere barnet. Barnet er den svake parten som relativt få i dagens tilhardna debattklima, vågar å kjempe for.

MEN; dersom ein likevel skulle forenkle dette viktige og komplekse verdispørsmålet til "berre" å vere eit kvinnepolitisk spørsmål, så bør ein - med respekt å melde - i alle fall ta eit litt breiare perspektiv enn å avgrense det til at spørsmålet handlar om kvinnas rett til å bestemme over eigen kropp.

Vi bør då i det minste sjå spørsmålet som eit breiare kvinnehelsespørsmål, og også som eit solidaritetsspørsmål i forhold til kvinner som kan oppleve seg pressa til å donere egg til ei søster eller til ei nær venninne (sokalla alltruistisk eggdonasjon).

Som kjent er det også eit internasjonalt aspekt ved spørsmålet som gjeld utnytting av fattige kvinner i ein stadig meir kynisk billion fertilitetsindustri. Den internasjonale bevegelsen "Hands off our ovaries" er eitt eksempel på positive og stadig veksande motreaksjonar i høve denne industrien.

Idag fins det internasjonale firma som Facebook og Gooogle som tilbyr kvinneleg tilsette nedfrysing av egg; slik at kvinnnene først kan gjere karriere før dei planlegg å få barn- noko som vert rekna å ta ei 10 års tid. At suksessraten for desse "taken home babies" er lav, vert det i liten grad opplyst om.

Dette illusterar at spørsmålet også omhandlar viktige kvinnepolitiske tema som krav i arbeidslivet og styring av kvinner i forhold til reproduksjon.

Når det gjeld den helsemessige risikoen ved eggdonasjon, så har det i norske medier vore påfallande taust. Eg er ei av dei aller første her i landet som fekk barn ved prøverørsbehandling og har i over 30 år levd med informasjon om auka kreftrisiko.

På internett kan ein lese om den prisbeløna dokumentaren EGGSPLOITATION laga av amerikanske Jennifer Lahl. I denne dokumentaren fortel eggdonorar om alvorlege  helsemessige forhold som slag og kreft og barnløshet som dei mistenkar har samanheng med hormonbehandlingane dei har vore igjennom. Lahl er mest av alt uroleg for at det idag ikkje finst forskning som kan seie noko om langtidseffektane av hormonbehandlingane som donorkvinnene gjennomgår; som forøvrig er sterkare enn dei hormonkurane kvinner får ved prøverørsbehandling.

Det som skjer  ved eggdonasjon, er at donor må gå på hormon i fleire veker for å modne flest mogleg egg. Menstruasjonssyklusen til donor må synkroniserast med syklusen til mottakarkvinna, og når egga er modne vert desse henta ut ved ultralyd og ei nål.

Ein kjent risiko ved sjølve hormonbehandlingane, er tilstanden overstimuleringssyndrom (OHHS) som forekjem i fleire alvorligheitsgrader. Dei mest alvorlege krev sjukehusinnlegging og overvaking og kan i verste fall føre til døden. I avisa The Guardian finn ein 13.nov.2016 å lese om Lee Cowden som fekk hjerteinfarkt som følge av OHHS. Pga av dette må ho ta hjertemedisin resten av livet.

Kva som er årsak til at nokre utviklar tilstanden OHHS, er ein idag ikkje sikker på. Hanevik som er fertilitetslege og leiar i Norsk forening for assistert befruktning har forska på ein mogleg samanheng mellom OHHS og genetiske faktorar hos kvinnene som utviklar dette syndromet.

Når sæddonasjon og eggdonasjon vert sidestilt av enkelte i eggdonasjonsdebatten, så vil eg påstå at dei ikkje veit kva dei snakkar om. Det er heilt klart at til skilnad frå kvinnene, så tar mennene som donerar sæd, absolutt ingen helsemessig eller medisinsk risiko.

Når det gjeld spørsmålet om alltruistisk eggdonasjon, så kan alle som har kjent kor følelseslada og sterkt eit barneønske kan vere og gi seg uttrykk som, forstå at ei søster eller ei nær venninne kan komme i ein svært vanskeleg følelsesmessig situasjon. Dvs. ein situasjon  der ho kan kjenne seg følelsesmessig pressa til å bidra som donor. Ho kan komme i klemme mellom eit ønske om å hjelpe og frykt for eigen helsemessig risiko, eigne ønskar og behov, og også nokre gongar eigne verdiar. Dersom vi tar eit kvinneperspektiv i denne debatten, så meinar eg at vi også må ha tanke for og lojalitet til desse kvinnene.

Ein annan alvorleg risiko og kompliserande faktor i ein situasjon der ei søster eller nær venninne har donert egg, er at barnet sjøl kan komme i ein alvorleg følelsesmessig klemme mellom donor og mottakar. Dette er det få eller ingen som har trekt fram som eit viktig moment i diskusjonen.

Som søster eller venninne så vil donor vere eindel av barnet sitt oppvekstmiljø, og dersom donor forventar større delaktigheit og nærare følelsesmessig kontakt til barnet enn eggmotakaren er innstilt på, kan dette skape ein emosjonelt vanskeleg  situasjon for alle involverte partar. Som psykolog har eg erfart på nært hald kor øydeleggande ein slik konfliktsituasjon (samanliknbar), kan vere for eit barn å vekse opp i.

I samband med presentasjonen av Høyres Kvinneforum sine krav til det komande landsmøtet den 6. april, kom Tina Bru med følgande utsagn om motstanden mot eggdonasjon; " Det underminerar egentlig alle de ulike familiekonstruksjonene vi har idag."

Eitt utruleg utsagn som etter mitt syn snur problemstillinga oppned!

Eg vil hevde at det er så absolutt dei vaksne sine ønskar og behov som har drive fram utviklinga av desse familiekonstruksjonane. Det er i alle fall ikkje barna sine behov som har bidratt til denne utviklinga.

Og heldigvis har det no - overraskande tidleg - byrja melde seg kritiske røyster frå donorbarna sine eigne rekker. Australske Millie Fontana er ei talefør og modig kvinne midt i 20 åra som har stått fram med si historie. Ho vaks opp med to lesbiske mødre og valte i samband med kampen mot likekjønna ekteskap i Australia å stå fram med si historie. (Denne er å finne på You Tube under tittelen "The other side of the rainbow- Millie Fontanas story".)

Eg vil sterkt anbefale å låne oppmerksamheit til hennar fortelling.  Ikkje minst fordi hennar fortelling også er historia om kva sanksjonar og motkrefter ho og andre donorbarn møter når dei står fram og ønskar å dele sine historier. Det kan nemnast at Montana sjøl valte først å stå fram og fortelle si historie i ei kristen forsamling; for som ho sjøl uttrykker det, så var det dei einaste som var opptekne av barnet og av barnet sine behov.

Korleis hennar og andre donorbarn sine historier har blitt mottatt, dvs. som "historier vi helst ikkje vil høyre", er i seg sjøl eit alvorleg og viktig tema. Det fortel m.a om ein stadig trangare meiningskorridor og om dei sterke kreftene som arbeidar for ugyldiggjering av kjønn i foreldreskap.

Den trange meiningskorridoren er forøvrig eit tema som i seg sjøl krev breiare omtale.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt