Verdidebatt

Dei som gir

Privatpersonar gir framleis store gåver til kyrkja, og aller helst konkrete ting.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg visste berre at me skulle på dialogbesøk til Tsz Shan, eit buddhistkloster i ei åsside i Hongkong, men dette var kanskje det eg aller minst forventa hjå dei asketiske munkane: Å bli leidd frå parkeringshuset, gjennom eit inngangsparti som minner om ein eksklusiv bilforretning, til ein kinosal med djupe stolar. Her får me sjå ein påkosta introduksjonsfilm om klosteret i 3D. På lerretet går ein relativt ung mann med finansdress gjennom dei vakre omgjevnadene i sakte film, mens han ser ut til å oppnå indre fred og djup erkjenning om tilveret.

Like bak klosteret står det som truleg vil bli ein av Hongkong sine viktigaste turistattraksjonar: ein 76 meter høg kvit statue av Guanyin, den viktigaste bodhisattvaen i kinesisk buddhisme. (Olav Tryggvason-søyla i Trondheim er 18 meter.) I den eine handa held statuen ei stor perle. Den representerer visdom og lys.

Guanyin hjelper ein å unngå lidinga som kjem av dei tre grunngiftene i menneskelivet: sinne, kunnskapsløyse og grådigheit (begjær).

Monument. Breie trapper leier opp til den eine meir imponerande tempelhallen enn den andre, med enorme buddhastatuar av gullbelagt sandeltre og gedigne søyler og bjelkar Alt gir ei kjensle av eldgamle og tidlause tradisjonar, men samtidig kjennest det nytt og knytt til samtida. Og det stemmer. Klosteret var ferdig i 2015.

Dei fleste nordmennene eg reiser saman med er overvelda, og alle lurer på det same: Kven har betalt for klosteret?

– Li Ka-Shing. Velkommen til hans «billion dollar baby», smiler munken som er verten vår. Li er ikkje berre Hongkongs rikaste person, men den 23. rikaste i verda. Han skal vera god for 300 milliardar kroner og pensjonerte seg først sist fredag, sjølv om han fyller 90 i sommar. Klosteranlegget vil stå som eit gedigent monument over magnaten og overleva han sjølv i lang tid.

Gåver. Slik har det vore til alle tider, i alle fall i epokar og samfunn utan eit offentleg system som støttar religionsutøving og kyrkjebygg. Mens adelen i Europa investerte i palass og slikt, brukte norske lokalsamfunn store ressursar på å byggja kyrkjer som i dag er landet sine praktbygg og sentrale kulturminne. Sjølv om det offentlege bidrar sterkt til drift og vedlikehald, så gir framleis privatpersonar store gåver til kyrkja.

– Ser du kor fint kyrkja er opplyst utanfrå? spurde bestefar meg ein kveld då eg var liten, og peikte mot den kvite trekyrkja på Sand. Han ville aldri kalla seg religiøs, men meinte at kyrkja var viktig. Nå kviskra han at det var han som hadde gitt lyskastarane. Eg måtte lova å ikkje seia det til nokon, men nå har han vore død i ein del år, og lyskastarane er for lengst skifta ut med nye.

Ein del av oss likar å gi heilt konkrete ting til kyrkja, i staden for å bidra i det store og usynlege «drifts-sluket». Men gåvene treng ikkje å samanfalla med kyrkjelyden sine planar og estetiske retningslinjer, og dei kan bety krevjande prosessar.

Kaffiboks. Bestemor mi på den andre sida av familien hadde ståande ein oransje kaffiboks frå Coop til «misjonspengane». Der blei tidelen av enkepensjonen lagt kvar månad – til organisasjonsarbeid ho sjølv aldri såg, men trudde på. Ho la seg ikkje opp i kva mottakarane burde bruka pengane til. Totalsummen frå slike som ho, blir fort større enn store, sporadiske gåver.

Me veit ikkje om dei 2,6 milliardar kronene frå Li Ka-Shing til å byggja og driva Tsz Shan-klosteret er gitt utan vilkår. Men klosteret og hans misjon er å promotera kinesisk buddhisme. «Nøkkelen til å utvikla buddhismen i Hongkong er å finna eit betre svar på behova i dagens samfunn» skriv han i klosteret sitt magasin. Trua skal ikkje berre vera for dei gamle, inderlege damene med røykelsepinnar. Ho skal vera like relevant for forretningsmannen i introduksjonsfilmen, for barn og ungdommar i 2018.

Li vil at dei skal oppdaga perla i Guanyin si hand: lyset og visdommen. Og for ein buddhist er grådigheit nettopp ei av grunngiftene i tilveret. Han veit at rikdommen hans eigentleg er støv, som ikkje duger til anna enn å bli rista av skorne den dagen han tar farvel.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt