Verdidebatt

Tunge skritt til preikestolen?

Er biletet VL teiknar av presten, representativt for fleiralet av prestar i 2018?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Laurdag 3. mars hadde VL ein lengre artikkel om korleis presten førebur preika si. Der kom det fram ein del ting som eg som prest, ikkje synest er representativt for min måte å tenka, jobba og prioritera. Heldigvis kjem Presteforeningens leder Martin Enstad meg til unnsetning her, med eit par gode moment. Utover det er det underleg lesning, sett frå mitt perspektiv. Og sjølv om artikkelen konsenterer seg om éin prest si oppleving av dette, blir det generalisert ganske kraftig i artikkelen. Difor vil eg ta til motmæle – ikkje for å bagatellisera presten i artikkelen sitt strev med å skriva preike, men for å komma med ei, etter mi oppfatning, viktig nyansering

Først til Sivert Angel. Om du var min sjef, ville du forhåpentleg ikkje ynskja at eg brukte tre dagar på å skriva preika. For å ha sagt det med ein gong: Søndagens preiketekst kvernar rundt i hovudet i god tid før søndagen, eg les meg opp på kva som er tekstane i god tid, for å kunne hekta tekstene på ting eg les og opplever i virkeligheten, i dagane før eg set meg ned for å skriva. Eg set av ein dag til sjølve skrivinga, men som regel klarer eg meg med to-tre timar, når dei mentale førebuingane har vore i godt gjenge gjennom den siste halvanna veka. Om eg legg godviljen til når eg les det du seier, klarer eg å tenka at det er dette du meiner med å bruka tre dagar og ikkje at eg faktisk skal sitja og sveitta foran datamaskina tre heile dagar til ende. Eg skal fortelja deg litt kva eg synest er viktig i prestejobben: Det er viktig å ta fri på lørdagar. Fredagskvelden er også fin å bruka med familien. Eg liker å lukka boka kl. 16 på fredagar og seia «no er det godt nok». Så liker eg å henga litt på kjøpesenteret i bygda der eg jobbar. Ta ein kaffi med gutta som er der kvar dag. Seia hei til eit par konfirmantar og diskutera lekser med nokre fjerdeklassingar på veg heim frå skulen. Eg liker også å stikka innom babysang og seia hei til barn eg har døypt, og skal døypa. Og så liker eg å vera på kontoret og planlegga og samarbeida med gode kollegaer. Ikkje minst liker eg å vera på Åpen kyrkje, på torsdagsmiddag, på heimebesøk og på dåpssamtale, og å gå på kafé med menneske eg på ulike måtar har blitt kjent med i prestejobben, og som eg har gode møter med i etterkant av gravferd, for eksempel. Eg liker å vera på kirkeforeningsmøte, eg er glad i å delta på arrangement i bygda der eg jobbar, møta folk og bygga relasjonar. Veldig lite av dette skjer om eg sit med døra att på kontoret i tre dagar og skriv preike.

Vårt Land bygger opp under eit bilete av prestar som eg tenker for det første vi ikkje treng, og som for det andre ikkje er representativt. Eg har stor respekt for dei som synest preikearbeidet er krevjande, og eg forstår at vi jobbar ulikt med det. Men å påstå at hundrevis av prestar gruar seg for å gå på preikestolen og har mareritt om det eine og det andre før ei gudsteneste – det trur eg ikkje er sant. Men om ein ønsker å sementera biletet av den aldri kvilande prest som på luthersk vis strir med både det eine og det andre, så vil eg seia de har lykkast bra med denne artikkelen.

For meg er trappa opp til preikestolen lett. Fordi: Eg gleder meg over å få forkynna Guds ord. Derfor liker eg så godt sitatet av Rudolf Bohren «Å forberede en preken betyr å forberede en glede». Eg elskar å skriva preike. Eg liker å lesa i Bibelen og eg er stolt over å få stå i ein lang tradisjon av prestar før meg som har gått opp på preikestolen. Og eg går med lette skritt. For eg har godt budskap å komma med, til både doktorgrader og butikkdamer, lærarar og frisørar, til konfirmantar og barn, til dåpsfolk, til unge og eldre og kven som no måtte sitta i benkeradene. Om doktogradene ikkje liker det dei høyrer, må eg leva med det. Det er no for øvrig minst like viktig for meg at konfirmanten får med seg noko av det eg seier, enn at doktorgraden liker det. Det eg opplever gjennom veker og dagar i prestetenesta, viser seg forhåpentleg i preiker som Martin Enstad beskriv på følgande måte; «En God preken er livsnær og aktuell. Den må handle om livet vi lever, samfunnet vi kjenner og vårt forhold til Gud.» Eg seier som fysikaren; «Det er noe eget med virkeligheten».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt