Verdidebatt

Skapt i GUDS bilete – gjeld det berre nokre av oss?

I debatt om likekjønna samliv og ekteskap kan det høyrast slik ut.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I DEBATTEN OM likekjønna samliv og ekteskap kan det høyrast slik ut.  Men kven er vi som kan tolka GUDS plan og vilje og tanke.  Eg er ikkje teolog ,  berre ein person oppvaksen i bedehusmiljø , går der av og til , og trudde alle var velkomne dit.

Så  har eg dei siste åra blitt forskrekka og skuffa over praksis i nokre bedehusmiljø  ovafor homofil gut eller lesbisk jente  som har blitt glad i ein person av eige kjønn. Deira val av livsform blir vurdert som så syndig at dei kan bli utestengde frå  det kristne fellesskapet dei har vore del av.

Er slik utestenging godt kristent sinnelag? Kan det vera  andre synder som like gjerne "kvalifiserer" til utestenging?  Kva med baktaling, vold i heimen, skattejuks, fyllekøyring?  Dette veit vi går ut over andre.  Utestenginga i seg sjølv går også  ut over andre, og fleire enn dei det direkte er retta mot. Indirekte fører det til større fokus på synder vi må unngå enn glede over det gode vi kan gjera og må oppmuntrast til å stå for.

Eg vil gjerne kunna gå på bedehuset av og til.  Nå mister eg lysten på det, kjenner meg utestengd . Eg vil ikkje vera del av eit miljø som er så fokusert på  likekjønnas sexliv. Eg vil ikkje vera med på at det å bli glad i ein person av  eige kjønn  er ei sak nokre andre treng bry seg med. Heller ikkje skjønar eg at slik kjærleik må føra til splitting, krangel, krig?

Og eg undrar meg:   Er  krav knytta til sexlivet  like strenge for  heterofile ? Vil slibrig tanke  og tale  bli  frå dei bli sett  strengt på?  Utrue ektefeller? Heterofile som flyttar saman , nokre for å prøva kvarandre ut, andre med von om livslangt samliv, men utan å villa gå inn i forpliktinga med å gifta seg ?  Finst det ein "syndsskala"  der dette og mange skjulde synder blir lågare "vurdert" enn likekjønna samliv?

Så undrar eg meg også:  Det er oftast menn som  flyttar saman det blir oppslag om. Er det lettare å godta at kvinner gjer det? Omvendt feminisme...

Eg har stor respekt for den som vel å stå fram som homofil eller lesbisk. Eg veit frå folk eg sjølv kjenner at det tok  tid, for nokre etter å ha sett på seg sjølv som bifil og streva for få til heterofilt forhold. Det gjekk berre ikkje.

Og eg undrar meg over organisasjonar som aksepterer homifil eller lesbisk legning, men ikkje godtek at det kan levast ut. Det er i verste fall at andre krev å   få godkjenna kjærleikslivet til nokre grupper i samfunnet vårt. Det har dei vel ikkje rett til? Korkje kristeleg sett, eller juridisk?

I Iveland er det nå mykje uro kring dette. Eg vonar inderleg at  sunt bondevett  og  god omtanke for dei som ikkje er heilt etter oppskrifta   vil vera grunnlag for "vaksen "  verdidebatt i bygda vår.   Og eg er stolt over ordføraren som tek stilling og ber bedehusfolket og Normisjon sørga for at diskriminering av homfile og lesbiske her stoppar. Ho held fram at i  beste fall kan verdikampen  i  Iveland  få gode ringverknader  regionalt og nasjonalt. Tiltredes!

Anna Ubostad, Iveland

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt