Redaktør kultur og idé Alf Kjetil Walgermo

Fri kunst i politisk trakt

Det vil vere underleg om det var ei borgarleg regjering som skulle fjerne demokratisk ansvar frå kunstnarorganisasjonane og politisere kunsten.

Publisert: 27. feb 2018 / 423 visninger.

Kan staten bli så ivrige etter å støtte mangfald og demokrati at dei
risikerer å snevre inn mangfaldet og gjere demokratiet ei bjørneteneste? Deltaking, mangfald, inkludering og demokratisering har lenge vore viktige ord i den nordiske kulturpolitikken. Det finst ei utbreidd tru på at kunsten, i tillegg til å vere eit gode i seg sjølv, også kan vere ei brikke i danninga av gode samfunnsborgarar. Kunst og kultur er viktige byggesteinar i demokratiet. Difor ønskjer også politikarane å legge til rette for den byggande kunsten.
Samtidig finst det i Noreg ein lang tradisjon for armlengds
avstand mellom politikken og kulturlivet. Politikarane skal skape gode og føreseielege rammer for kunstnarleg aktivitet, men ikkje trø kunstnarane for nære. I denne pardansen kan ein overivrig politikar fort minne om ein uelegant klumpfot som trampar på delikate kunstnartær.


Stipendstrid

Eit godt døme på det som i mange kunstnarar sine auge var eit dugeleg overtramp, er forslaget frå tidlegare kulturminister Linda Hofstad Helleland om at kunstnarorganisasjonane
sjølve ikkje skal få oppnemne stipendkomiteane som kvart år deler ut kunstnarstipend, rundt 300 millionar kroner.
Den ferske kulturministeren Trine Skei Grande har sett omlegginga av ordninga på vent. Det vil jo unekteleg vere underleg om det var ei borgarleg regjering som skulle fjerne demokratisk ansvar frå kunstnarorganisasjonane og sentralisere makt i ein statleg oppnemnd komité.
Dersom Grande lyttar til kunstnarane, vil ho få eit massivt råd om å droppe ei slik makt­overføring. Biletkunstnar Victoria Pihl Lund er kontaktperson for eit kunstnaropprop som har engasjert breitt i kulturkrinsar. Ho skreiv nyleg i Morgenbladet om tre premiss for kunstnarisk og politisk fridom: at kunstnarane få halde på relativ autonomi frå staten, og at dei får ha fagfellevurdering og langsiktige stipend.


Klam hand

Også i Sverige går debatten, med ein litt annan innfallsvinkel, om statens eventuelt klamme hand over kulturlivet. Fleire kulturarbeidarar klagar den svenske regjeringa for å drive
med ideologisk styring av den statlege kulturstøtta. Forleggaren Kristoffer Lind er blant dei som meiner regjeringa politiserer litteraturstøtta med målsetningar om mangfald, likestilling og interkulturelle perspektiv. Der regjeringa søker mangfald, gjer ho praksis det motsette, lyder kritikken.
Ein annan forleggar, Annika
 Bladh, er blant dei som har trekt samanlikninga til regime som deler inn kulturuttrykk etter passande og upassande. Og slike
regime er det neppe gøy å bli
assosierte med.
Salig røre. Det høyrer med til historia at den svenske kulturministeren Alice Bah Kuhnke (Miljøpartiet) slår tilbake mot kritikken og meiner han er forfeila, ei «salig røre av lausrivne sitat og enkeltformuleringar som blir pusla saman til eit bilete som ikkje samstemmer med fakta», som ho har skrive i eit innlegg i Aftonbladet. Også den litteraturansvarlege i det svenske kulturrådet, Lotta Brilioth Biörnstad, har slått tilbake mot kritikken og meiner at det er skilnad på overordna målsettingar og den konkrete vurderinga av litteratur.
Spørsmålet er likefullt interessant, for det er god grunn til refleksjon rundt korleis politikarane kan formulere kulturpolitiske mål og samstundes la kunsten få vere fri.
Her finst også overføringsverdi til korleis kyrkjene nærmar seg kunsten. Kyrkjene må stå fritt til å formulere mål for det kunstnariske tilbodet dei
ønskjer å gi, samstundes som dei må ha tilstrekkeleg kyrkjeleg takhøgd i møte dei ulike kunstuttrykka.


Mangfaldsåret

Den svenske debatten gir også eit innspel til den norske kulturpolitiske røynda, der konkrete saker ligg på bordet mens framtidas kulturpolitikk skal formast på nytt. Vi har sjølve hatt liknande diskusjonar som i Sverige, til dømes under mangfaldsåret 2008. Då blei det også tematisert korleis den statlege støtta til «mangfald» sat laust, og kor vidt dette bidrog til de facto mangfald eller einsretting.
Visjonar for kulturpolitikken er etterlyst. Og så må politiske mål ikkje kome i vegen for den frie kunsten

2 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Oddbjørn Johannessen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
33 minutter siden / 1584 visninger
Robin Tande kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 1 time siden / 1584 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Bibelsk økumenisme vs skjøgekirkenes falske økumenisme
rundt 1 time siden / 1152 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 1 time siden / 1584 visninger
Tore Olsen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 1 time siden / 1584 visninger
Tore Olsen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 1 time siden / 1584 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Oase - eller religiøs villmark?
rundt 1 time siden / 1463 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 2 timer siden / 1584 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 2 timer siden / 1584 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Bibelsk økumenisme vs skjøgekirkenes falske økumenisme
rundt 2 timer siden / 1152 visninger
Per Steinar Runde kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 2 timer siden / 1584 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 2 timer siden / 1584 visninger
Les flere