Verdidebatt

Bestemor, Orheimen og andre møter med menneske

Mitt første kristne idol var bestemora mi. Når ho sat og strikka i gyngestolen og song «Så syng eg mitt ungdomskvad til Jesu æra», så synst eg det var stilig. Rart også, for ungdom var ho slett ikkje, ho var 65 år når eg vart fødd.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Bestemor tok imot meg når eg kom på besøk og så var me i lag og eg ville gjerne vera nær ho. «Eg er no så hjerteglad, og må så vera».  For meg var strikkinga, songen og bedehus-møter gode opplevingar saman med bestemor. For dei eldre brørne mine var det for eksempel høgtlesing frå Hardy-guttene. Bestemor var snill og glad. «For kor kan eg ganga her i sorg og sukka» Tross eit liv med mykje motgang. Far hennar døydde i 1901 når ho var berre tre år, ho vart bortsett til slektningar ni år gamal - langt unna mor og søsken. Bestemor var gjeterjente og ho passa ungar, deretter ut i teneste i byen. Eg har seinare funne ut at ho var langt på veg med eldste ungen sin når ho gifta seg og at livet i lag med bestefar på garden han kom frå, var hardt for henne. «Når Jesus og himlen er mi ungdomslukka». Den lukke-kjensla var liksom uavhengig av ytre omstende.

I nær kontakt med bestemor, som eg fekk ha på lemmen (loftet) til eg var tolv år, forma mi tru seg. Eg opplevde tru som nær kontakt med Jesus i alt det som skjedde i livet, og eg opplevde den som ei drivkraft for engasjement i kontakt med andre. Som ungdom hadde eg meiningar om mykje, dei vart forma i eit miljø med ei blanding av vestlandske indremisjon og andre misjoner. Mykje bra diakonalt arbeid vart gjort. Meiningane i samfunnsspørsmål var i hovudsak konservative. Eg hugsar at eg argumenterte hardt for desse meiningane i klasserommet ved Lindås Gymnas på slutten av 70-talet.

Overgangen til sosionom-utdanning var stor. No sat eg i eit anna klasserom og eg sat rett ved sida av læraren som leda diskusjonen. Tema var homofile sine rettigheter, i etterkant av temadag dagen før. Ein etter ein av mine med-studenter delte inntrykk og sin iver etter å betre forholda for homofile. Turen var kome til meg. Eg delte også. Det vart stille i rommet. Så kjende eg ei hånd som klaska ned på skuldra mi, og eg høyrde ei stemme: «Åshild, så modig du er og så bra at du formidler di meining». Å bli møtt på den måten gjorde enormt inntrykk på meg. Læraren la grunnlaget for ei respektfull haldning som vi møtte kvarandre med gjennom dei tre åra vi gjekk i lag og som vi tok med oss ut i arbeidslivet. Eg følte det verdifullt at eg formidla eigne synspunkt sjølv om dei var annleis enn fleirtalet i gruppa eg var del av.

Så skulle eg mange år seinare sitje i samtale med ein annan person, om same tema. Mitt synspunkt hadde i løpet av åra som var gått, endra seg. Men igjen var eg del av ei gruppe der fleirtalet meinte noko anna enn eg. Eg hadde delteke lenge i organisasjonen men eg hadde nettopp oppdaga kor strengt synet i denne saka var formulert i vedtekter, og no ville eg argumentere for mitt syn. Mannen var leder. Samtalen starta. Det kom aldri noko klask på skuldra frå han om kor modig eg var. Det kom eit ultimatum: Antan endra eg syn, eller så måtte eg forlata rolla eg hadde i organisasjonen. Eg kjende meg trist og også redd.

Det er noko med religion, diskusjon, oppførsel og makt – som kan bli ei salig – eller usalig – smørje. Kva er innholdet i religionen, kjernen i trua – kva er synspunkt om diverse samfunnsspørsmål? Kva seier religionen eller livssynet om måtar å oppføre seg på, og kor tid trumfer diverse spørsmål den måten slik at ein kan utøve makt på ein ufin måte mot den ein møter som ein er uenig med? Kven definerer kor desse grensene går? Slik eg ser det, er det mange spørsmål som handler om ulike oppfatningar og samfunnssyn som blir gjort til religiøse spørsmål. No, og tilbake i andre tider. Slik eg ser det, er vår evne til å tenkje og gjere oss opp meiningar, viktig uansett religion. Det same er vår evne til å møte menneske med andre meiningar på tillitvekkjande måtar.

For min del, så er trua på Jesus den same som når eg lytta til bestemor sin song i gyngestolen. «Så går eg til arbeids då, med mot i barmen». Eg trur på den vedkjenninga me seier høgt i kyrkja, om at Gud har skapt oss, Jesus har frelst oss og Den Heilage Ande er med oss kvar dag. Eg kjenner det gir meg glede og mot. «Av Gud skal eg visdom få og kraft i armen» Min kvardag er ikkje så tung som bestemor sin var gjennom hennar liv, men eg har eit psykisk krevande arbeid i barnevernet der eg møter mange utfordringar. «Og kan eg så alt det små med truskap gjera». Det er noko med små ting i kvardagslivet som må hengja på greip med det ein trur på og står for. Eg vil ikkje sei at eg alltid lukkast der, men eg har det som eit mål.  «Så skal eg det store få, til Herrens æra».   Eg tenkjer på han som skreiv den songen eg no har sitert to vers frå – Matias Orheim, fødd 1884. Han som preikte på bedehus og også spelte fele, i ei tid der fela var definert som syndig av mange i den gruppa han var del av. Han som provoserte både gjennom måten å vera på og gjennom synspunkt, og som for meg er ein av dei kristne idola eg har i tillegg til bestemor.

Tenk om kristendom kunne vera ein inspirasjon til måten å møte kvarandre på når vi har ulike synspunkt i saker. At vi kan skape gode møter. Der vi kan kjenne oss verdifulle på tross av rykande uenighet. Der det å bli godt møtt skaper nysgjerrighet for andre synspunkt enn våre eigne. Ein åpenhet for for mangfald, og trygghet i kjernen av tru. Den tryggheten kjende eg som lita jente i Jesus-forteljingane og å lære han å kjenne. Den tryggheten kjende eg når eg sovna i fanget på bestemor når bedehus-møtene vart lange. Og så opplever eg framleis den tryggheten, som eit utgangspunkt for eit ønskje om å møte utfordringane i tida me lever i no.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt