Anne Kristin Bruns

2

Eg trur dei vil høyre om Gud

Publisert: 25. feb 2018 / 188 visninger.

Eg trur dei vil høyre om Gud

 

Ein vanleg ettermiddag tek eg med meg kaffikoppen og set meg på trappa til naboen min. Far hennar har nyleg døydd og det er naturleg å snakke om livet, døden, det å vere mor og korleis det går med borna. Samtalen kjem også innom temaet tru. Eg deler nokre av mine erfaringar og vi er opne og ærlege. Ei stund uti samtalen seier ho med eit sukk : ” Det er så få stader der eg kan snakke om tru  i samfunnet vårt”. Vidare seie ho: ” Eg kan kontakte ein prest, men det er eit stort steg, så det gjer eg ikkje”. Ho seier at grunnen til at vi sit her og snakkar nettopp om tru, er at ho veit kvar ho har meg. Det er naturleg å stille spørsmål.

For ei tid tilbake vart eg utfordra av ei som sa at ho hadde snudd sin måte å tenke på.

Ho hadde tenkt at andre ikkje vil høyre om det ho har erfart, lese og sett i livet med Gud. Kvifor ikkje? No hadde ho byrja å tenke annleis.

- Eg trur at dei eg møter har lyst å høyre om mitt liv med Gud!

Ho hadde då fått ei heilt annleis haldning til både synet på si eiga tru og til dei rundt henne.

Hennar historie utfordra meg og eg bestemte meg for at slik vil eg også tenke og leve. Etter dette har mi haldning til menneske eg møter på bussen, på butikken, på jobben og i nabolaget endra seg stort når det gjeld å snakke om tru. Eg har fått mange fleire samtalar om tru dei siste åra enn eg har hatt i heile mitt  liv.

 

Kvar kan vi snakke om tru?

I etterkant av samtalen med naboen min har eg tenkt mykje på dette. Kva arenaer har vi for å snakke om tru utanom kyrkjer og bedehus? Korleis kan vi legge til rette for slike samtalar? Kvardagssamtalar, om livet, om det å vere mor og om døden.

Trua er svært viktig for meg som kvinne, kone, mor, kollega, syster, ven og politikar. Eg vil ikkje dele livet mitt opp i områder som familieliv, kristenliv, arbeidsliv eller fritid og plassere trua i enkelte av disse. Eg ønske å vere den same, uansett. Kanskje må trua få ei litt anna uttrykksform, men eg vil at alle skal kjenne meg igjen. Eg har eitt liv!

Eg ønske å dele dei gode opplevingane eg har erfart og tekstane eg har lese. Eg vil dele livet med andre slik at dei forstår og får tak i det eg har møtt og sett, lært og hatt nytte av i livet.

Som sosialarbeidar har eg møtt menneske i ekstremt sårbare livssituasjonar. I samtalar med klientar, har trua på noko større, noko som kan hjelpe og trøyste vore viktige. Mange har uttrykt eit sakn over å ikkje kunne snakke om lengsel og håp i forhold til ei tru særleg når livet røyne på. Då er det godt at dei veit at der er nokre som dele same trua.

 

Men kva med trua i det offentlege rom?

Kvifor er det så mykje meir naturleg å seie ”God bless you” til ein amerikanar enn å seie «Gud velsigne deg» til en nordmann?

Eg undre meg over kvifor eg synest det er så vanskeleg å snakke om tru i eit land som bygge på dei kristne og humanistiske verdiane. I eit land som har hatt ei statskyrkje i fleire hundre år, og der ein ser kyrkjer og bedehus i alle bygder og byar. Kva har skjedd? Har vi som trur marginalisert oss sjølve og trua vår og gjort det unaturleg å snakke om tru? Noko av svaret er ja. Eg har trekt meg tilbake og ønske ikkje å bli sett i ein bås, og eg trur ikkje eg er åleine. 

Frå 2011 har eg vore engasjert i politikken. Her er trua ein viktig motivasjon. Det held meg oppe og gjev styrke, men eg har også erfart å bli karikert både av politikarkollegaer og pressa med eit snev av forakt. Dei som kommentere mine innlegg kan bruke bibelsitat på ironisk vis og påstå at eg har fariseiske eller moralistiske haldningar. Nyleg var det en redaktør som skreiv at det var ein «eim av møllkuler og gammelmannskonservatisme» over mitt forslag om at alle born i kommuna skulle få tilbod om julegudsteneste. Er det rart ein blir varsam med å sleppe forslag om tru fram i det offentlege rom? Korleis skal ein reagere? Med same mynt eller heller overraske med godleik? Eg har gjort begge deler, og har nok mest tru på det siste.

Samstundes har eg opplevd at mi tru har blitt respektert og anerkjent. 

Det som er utfordrande er at eg kan trekke meg  frå diskusjonar om tru, særleg i debattspalter og i media. Eg trur det er fordi meiningsutvekslingane ofte er på eit teoretisk og akademisk plan. Det handle meir om å meine det rette enn å leve rett.

Likevel trasse eg min eige motstand og hive meg inn i debatten, fordi eg meiner at denne saka er så viktig. Eg meine at tru må vere ein viktig og naturleg del av liva våre, samfunnet vårt, og dei verdiane vi byggjer landet vårt på. Eg vil framsnakke tru i det offentlege rom på same måten som i heimen og i nabolaget.

Kva seier dette meg?

Det starte med meg sjølv, med mitt liv og korleis eg tenkjer. Det starte også med at eg har ei tru på at Guds Ande er med meg og kan leie meg til menneske som vil høyre om mi tru. Då må eg tenke at menneska rundt meg også har eit ønske om å snakke om Gud, Jesus og trua. Det kan starte med kaffikoppen på nabotrappa....

 

 

 

 

Anne Kristin Bruns

Anne.kristin.bruns@stavanger.kommune.no

+4797976136

https://www.facebook.com/annekristinkrf/

https://www.facebook.com/annekvbruns

instagram: annekbruns

 

 

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Siste innlegg

Seier for barn og unge
av
Vårt Land
rundt 1 time siden / 36 visninger
Hvordan kirken henger sammen
av
Finn Ragnvald Huseby
rundt 4 timer siden / 38 visninger
Nye muligheter innen omsorg
av
Siv Hedvig Bjørnstad
rundt 4 timer siden / 19 visninger
Døpt - hva så?
av
Knut Hallen
rundt 5 timer siden / 70 visninger
Fra menighetsblad til moderne medier
av
Harald Olsen
rundt 5 timer siden / 152 visninger
Exit Kristelig Folkeparti
av
Leif Hovde
rundt 9 timer siden / 385 visninger
Nesten like utopisk
av
Line Alice Ytrehus
rundt 10 timer siden / 356 visninger
Tilliten er tynnslitt
av
Katarina Grønmyr
1 dag siden / 792 visninger
«Å ta en Ropstad»
av
Nils-Petter Enstad
1 dag siden / 757 visninger
Les flere

Mest leste

Hareides nødvendige veivalg
av
Ole Paus
3 måneder siden / 82135 visninger
Et barn er født, et barn er dødt
av
Magne Raundalen
rundt 2 år siden / 44609 visninger
Etter fallet kommer hevnen
av
Berit Aalborg
11 måneder siden / 35526 visninger
Stormløpet mot Israel er i gang.
av
Roald Øye
8 måneder siden / 28862 visninger
Kanten av klippen
av
Åshild Mathisen
11 måneder siden / 22861 visninger
Et sosialt ­eksperiment
av
Bent Høie
5 måneder siden / 22488 visninger
Sympati med skinke
av
Ane Bamle Tjellaug
4 måneder siden / 21969 visninger
Mens vi sover
av
Erik Lunde
11 måneder siden / 20387 visninger
Ord er handling
av
Hilde Frafjord Johnson
4 måneder siden / 19440 visninger

Lesetips

Hvordan kirken henger sammen
av
Finn Ragnvald Huseby
rundt 4 timer siden / 38 visninger
Nye muligheter innen omsorg
av
Siv Hedvig Bjørnstad
rundt 4 timer siden / 19 visninger
Døpt - hva så?
av
Knut Hallen
rundt 5 timer siden / 70 visninger
Fra menighetsblad til moderne medier
av
Harald Olsen
rundt 5 timer siden / 152 visninger
Nesten like utopisk
av
Line Alice Ytrehus
rundt 10 timer siden / 356 visninger
En annerledes lederdebatt
av
Magne Berg
2 dager siden / 357 visninger
Derfor melder vi oss ut
av
Svein Helgesen
2 dager siden / 3017 visninger
TV-serien som forandret Tyskland
av
Karsten Aase-Nilsen
2 dager siden / 354 visninger
Å forvalte sitt pund
av
Jeffrey Huseby
3 dager siden / 158 visninger
Et statlig sugerør
av
Eva Buschmann
3 dager siden / 416 visninger
Les flere

Siste innlegg

Seier for barn og unge
av
Vårt Land
rundt 1 time siden / 36 visninger
Hvordan kirken henger sammen
av
Finn Ragnvald Huseby
rundt 4 timer siden / 38 visninger
Nye muligheter innen omsorg
av
Siv Hedvig Bjørnstad
rundt 4 timer siden / 19 visninger
Døpt - hva så?
av
Knut Hallen
rundt 5 timer siden / 70 visninger
Fra menighetsblad til moderne medier
av
Harald Olsen
rundt 5 timer siden / 152 visninger
Exit Kristelig Folkeparti
av
Leif Hovde
rundt 9 timer siden / 385 visninger
Nesten like utopisk
av
Line Alice Ytrehus
rundt 10 timer siden / 356 visninger
Tilliten er tynnslitt
av
Katarina Grønmyr
1 dag siden / 792 visninger
«Å ta en Ropstad»
av
Nils-Petter Enstad
1 dag siden / 757 visninger
Les flere