Mai Lene Fløysvik Hæåk

Kommentator i Vårt Land
41

Politikk først, KrF

Det er provoserande at når leiinga i KrF legg opp til å diskutere det politiske prosjektet først, startar andre delar av partiet med å diskutere regjeringsdeltaking.

Publisert: 22. feb 2018

Under landskonferansen til KrF i starten av februar var Knut Arild Hariede tydeleg på at KrF står overfor eit vegval, og ein del av det er å klargjere kven KrF kan samarbeide med. Det mange ser ut til å ha oversett er at han gjorde det klart at først må KrF finne ut kva som er det politiske prosjektet til partiet.

 

Valkampevaluering

Då evalueringa av valkampen vart lagt fram var eit manglande politisk prosjekt noko av det som vart trekt fram som negativt for valresultatet. KrF makta ikkje å kommunisere kva dei ville utrette i politikken på eit overordna plan. Vidare kunne me lese i evalueringa at samarbeidsvedtaket gjorde det vanskeleg å snakke om politikk.

Sett i lys av dette er det veldig rart at enkelte KrFarar, som til dømes forslagsstillarane bak ein resolusjon til fylkesårsmøtet i Rogaland KrF denne helga, allereie no konkluderer med at KrF bør gå inn i regjering med FrP, Høgre og Venstre. I staden for å gripe sjansen til å diskutere politikk, startar dei med det som skal vere ein del av konklusjonen på strategiarbeidet. Viss delar av KrF først klagar på at det blir for mykje snakk om samarbeid, men etterpå legg opp til å diskutere regjeringsdeltaking, har dei berre seg sjølv å takke.

Gruppa som evaluerte valkampen til KrF skreiv i rapporten sin: «Det er nødvendig at vi i partiet først må klare å bygge en intern forståelse for at sakene er viktigere enn valg av side, uavhengig av om strategiarbeidet skulle lede til valg av side eller ikke.» Denne interne forståinga ser det endå ikkje ut til at dei klart å skape når det største fylkeslaget startar med å diskutere samarbeid og ikkje politikk. Eit anna problem som vart nemnt i same rapport ser òg ut til å vere vedvarande i denne samanhengen: Manglane truskap til planar lagt i partiet. Når Hariede seier: «Først politikk, så samarbeid» må det kunne gå an å følge denne veldig enkle oppskrifta. 

 

Politisk prosjekt er avgjerande

Det er heilt avgjerande at KrF klarer å tydeleggjere det politiske prosjektet sitt. Det handlar ikkje om lærarnorm, reformstopp, eingongsstønad eller andre enkeltsaker KrF har fronta. Det er så enkelt og så vanskeleg som å setje seg ned og spørre: Korleis og i kva retning vil me påverke Norge?

Eg har høyrt nok talar på landsmøte og landskonferanse til å vite at meiningane om kva parti KrF skal vere sprikar. Nokon seier KrF må bli det nye næringslivpartiet medan andre seier at kultur eller samferdsel må bli satsingsfelt. I arbeidet med strategi og eit politisk prosjekt må alle ta innover seg dei tillitsvalte har ulike hjartesaker og ulike meiningar om kva som burde vere satsingsområde. På same tid er nødvendig at dei som er med i prosessen ikkje vurderer eigne hjartesaker som så viktige at det bør vere det overordna fokuset til heile partiet dei neste åra.

 

KrF må halde ord

Rogaland KrF hadde sjansen til å gå føre og vise korleis eit fylkesparti kan diskutere politikk og retninga vidare. I staden for bestemte dei seg for å gå i gang med regjeringsdiskusjonen. Ikkje berre kjem det på feil tid i strategiprosessen, men det bryt med den utsegna som vart repetert flest gonger av KrF i valkampen: «Det er for stor avstand mellom KrF og FrP til at partia kan sitje i same regjering.»

Alle visste at det var ein sjanse for at KrF kunne hamne på vippen og at Erna Solberg kunne velje Framstegspartiet i staden for KrF. At Venstre kom til å gå inn i regjering var ikkje like opplagt, men det rettferdiggjer ikkje ein u-sving. KrF må klare å skape tillit til partiet og vedtaka dei har gjort. Det gjer ein ikkje ved å ombestemme seg etter valet fordi eit anna parti har valt å gjere det. Vebjørn Selbekk skreiv 1. februar i år: «En ting skal KrF ha. De har i alle fall holdt ord. Hareide & co har etter valget gjort nettopp det de sa de skulle gjøre før valget.»

Oppfordringa mi til dei som er tillitsvalte i KrF, og særleg dei som i helga skal delta på fylkesårsmøtet i Rogaland, er å tenkje politikk først. Endringane som er etterspurte i evaluering av valkampen kan ikkje bli vedteke av og iverksette av sentralstyret. Det er opp til alle i partiet å ta innover seg det som står i rapporten og jobbe ut frå det. Ein god plass å starte er å vise truskap til planar som er lagt og diskutere politikk før statsrådpostar.

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere