Verdidebatt

Sivilsamfunnet, det siste forsvaret mot dei multinasjonale storselskapa?

Stilt overfor regjeringar som prioriterer «investorane» i staden for menneskerettar og livet på planeten, er det opp til oss alle å styrke grasrotorganisasjonane og andre former for «mot-makt».

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

(Eg har oversett denne artikkelen som er signert Sandra Cossart, direktør i Sherpa, Susan George, ærespresident i Attac Frankrike, Jean-François Julliard, direktør i Greenpeace France, og Birthe Pedersen, direktør i Action Aid France – Peuples Solidaires.  Artikkelen stod i den franske nettavisa Mediapart den 11. februar, og eg er overtydd om at redaksjonen der set pris på om den blir spreidd på andre språk og i andre land. Artikkelen viser til eksempel frå Frankrike, men hovedproblemet som forfattarane tek opp, er gyldig i dei fleste/alle land.)

"Den 12. februar 2018 vart Attac Frankrike stevna for rettsapparatet av Apple. Eplemerkevaregiganten truar Attac med ei bot på 150 000 € for all framtidig aksjon retta mot Apple Store. Denne prosessen er berre den siste av ein lang serie juridiske konfrontasjonar mellom multinasjonale storselskap og varslarar, journalistar og grasrotorganisasjonar.

Anten det handlar om saker som gjeld sosiale forhold og menneskerettar, vern av økosystema eller skatteunnaluring, så ser det ut til at storselskapa har vunne kampen overfor nasjonane som viser seg for ettergivande og svake til å motstå styrken til selskapa sine arméar av lobbyistar. Desse konserna blir lytta til av dei fleste statsleiarane og disponerer ein finansiell styrke som overgår nasjonalproduktet til mange statar.. Dei er i ein maktposisjon når de gjeld å påvirke lovgiving, og dei har kapasitet til å finne smutthol i lovverk for å omgå reguleringar som dei misliker, slik skandalar som LuxLeaks og Paradise Papers har vist. Dei er dei store vinnarane av frihandelregimet som gir dei høve til å sette land opp mot kvarandre om kven som har dei lavaste skattane, og dermed presse ned dei sosiale, skattemessige og miljømessige normene.

Det storselskapa gjer, blir skjeldan granska og straffa av statlege styresmakter. Det er i staden journalistar og varslarar som gjer jobben med å avsløre skandaler knytta til skattesvindel og helse- og miljøfarleg aktivitet i næringslivet. Det er hackarar som avslører svikt i vern av datainformasjon, og det er miljøaktivistar som avdekker svikt i tryggleiken rundt atomkraftverk… Så på same tid som statane underbyr kvarandre for å få internasjonale storselskap til å etablere seg på deira territorium, koste kva det koste vil, så framstår det internasjonale sivilsamfunnet, i alle sine fasettar, som det siste forsvarsverket i stand til å yte storselskapa motstand.

Grasrotorganisasjonar og borgarar er utsette for press og represaliar, og blir trekt inn i lange og kostbare juridiske feider. Dei gjentekne anklagene frå Vincet Bolloré mot journalistar og assossiasjonar, straffeforfylgjinga igongsett av banken BNP Paribas mot «stol-ranarane» eller av Apple mot Attac, er eksempel på det same.

Men sivilsamfunnsaktørane viser også at dei kan kome på offensiven. For eksempel når journalisten Edouard Perrin og varslaren Raphaël Halet melder Price Waterhouse Cooper til politiet (revisjonsfirmaet er anklage for å organisere skattesnyteri). Og når assosiasjonen HOP melder Apple for å ha programmert rask forelding i elektronisk utstyr, eller når organisasjonane Sherpa og ActionAid France-Peuple solidaires avdekker brot på fundamentale arbeidstakarretter i Samsung sine fabrikkar. Men uansett er det ein skrikande ubalanse mellom ressursane til milliadær-imperia og dei som forsvarar slike rettar.

Når slike borgarar og organisasjonar står anklaga i rettsapparatet, så er det fordi dei har valgt å reagere på situasjonar med alvorleg urettferd, men som styremaktene berre stiller seg passive til. Desse ubalanserte juridiske bataljane avdekker behovet slike personar har for annerkjenning og for eit sterkare vern i det arbeidet dei gjer. Her er det først og fremst snakk om å få etablert ein status for varslarane som gir vern – eller andre mekanismer som gir langt meir effektivt og avskrekkande skjerming mot kneblande straffeforfylgjingar enn i dag. Våre assosiasjonar, som er medlemar i "Vi kjem ikkje til å teie oss» («On ne se taira pas !») mobiliserer nettopp for slike reformer, og det på vegne av samfunnet sine interesser. Eit slikt vern må også omfatte ei slags "freding" av virkemidlane slike aksjonsgrupper har.

Trist nok er vi i dag vitne til ei motsett utvikling gjennom reduksjon i offentleg støtte og avvikling av subsidierte arbeidsplassar, noko som trugar eksistensen til mange slike organisasjonar. Stilt overfor regjeringar som gir prioritet til «investorane» framfor menneskerettar og livet på planeten, er det opp til oss alle å styrke grasrotorganisasjonane og andre former for «mot-makt». Utover den aktuelle, politiske situasjonen, som favoriserer utviklinga av rikmannsveldet (oligarkia), vil ikkje den naudsynte utviklinga over mot ein annan og meir rettferdig og berekraftig samfunnsmodell kunne skje utan eit sterkt og uavhengig sivilsamfunn i stand til å løfte fram og styrke forventningane til fleirtalet."

Sandra Cossart (directrice de Sherpa) 
Susan George (présidente d'honneur d'Attac France) 
Jean-François Julliard (directeur général de Greenpeace France) 
Birthe Pedersen (directrice d'Action Aid France – Peuples Solidaires)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt