Redaktør kultur og idé Alf Kjetil Walgermo

Film og familie

Filmbransjen må legge betre til rette for å kombinere sterke kunstnariske visjonar med eit fungerande familieliv.

Publisert: 15. feb 2018 / 339 visninger.

Det har lenge vore manko på sterke kvinneroller i norsk film. Nyleg kom det ein rapport frå Norsk Filminstitutt (NFI) som viser at kvinner hadde berre ein av fire hovudroller i spelefilmane med premiere i fjor. Mannsdominansen på lerretet står i skarp kontrast til vedtekne mål for likestilling i filmbransjen, både politiske mål og mål som bransjen har formulert. NFI siktar sjølv mot ei 50/50-fordeling både framfor og bak kamera innan 2020.

Det var dåverande kulturminister Trond Giske som formulerte det politiske målet om 40 prosent kvinner i nøkkelposisjonar i norsk film. Bak kamera reknar ein gjerne desse nøkkelposisjonane for å vere regissør, manusforfattar og produsent. Totalt var det kvinner i tre av ti slike nøkkelposisjonar i norske premierefilmar i fjor, noko som er lågare enn tala både frå 2016 og 2015. Dersom vi ikkje inkluderer kinodokumentarar, men berre ser på spelefilm, ser biletet endå dystrare ut, med kvinner i berre kvar fjerde nøkkelposisjon. Regiandelen var heilt nede på 16,7 prosent.

Underrepresenterte

Kvifor er det slik? Kvinner er framleis sterkt underrepresenterte både på lerretet og i dei viktige posisjonane bak kamera, sjølv om likestilling er eit tydeleg mål og dei fleste ønskjer kvinner opp og fram. Ein kan gjerne skulde litt på Thorhild Widveys tid som kulturminister, då målsettinga om 40 prosent kvinner ikkje var så viktig lenger. Og med eit velvillig blikk kan ein innvende at det trass alt er betre enn før. Men tala viser at kvinner framleis ikkje får sleppe til i stor nok grad. Mannskulturen i filmbransjen er framleis ein hemsko for kunstnarisk utvikling. For vi treng historiene som kvinner kan fortelje, og vi treng å sjå samansette og interessante kvinneroller på lerretet.

Glastak

Så er det også slik at det er færre kvinner blant dei som søker filmstøtte. Når vi ser ideologisk på det, bak tala, kan det blant anna sjå ut som om gamle samfunnsstrukturar hindrar ein del kvinner i å kapre sentrale posisjonar. Eit glastak i filmbransjen er utfordringane ved å kombinere familieliv og filmregi. Sjølvsagt burde dette vere ei like stor utfordring for menn, men det norske samfunnet er framleis ikkje komme så langt at mannlege regissørar ser ut til å kjenne det på kroppen. Iallfall spelar det ikkje inn på filmstatistikken. At så mange kvinner lagar kortfilm, for der er det overvekt av kvinner, kan også lesast inn i det same biletet.

Brannfakkel

Den tidlegare filmarbeidaren Eric Robert Magnusson hissa på seg mange med eit innlegg i bransjebladet Rushprint i fjor haust. Det at så mange kvinner vel å ikkje jobbe i filmbransjen, tolka Magnusson som eit uttrykk for «kvinners velutviklede vurderingsevne». Med ein tirade av syrlege poeng gav den tidlegare film- arbeidaren stikk på stikk til arbeidsvilkåra i norsk film, som dette: «Send gjerne et postkort fra filmsettet til familien din. Sjansene er store for at de får lest kortet før de hører deg si de samme ordene. Glem barna dine. Glem å hente i barnehagen.» Magnusson konkluderte med at «grunnlaget for et godt liv innen jobb, karriere, økonomi, varige profesjonsfellesskap og personlig utvikling» ikkje er å finne i filmbransjen.

No er det ikkje nokon god strategi for å betre forholda i filmbransjen at kvinner «klokeleg» held seg borte. Derimot må bransjen ta på alvor at produksjonsforholda er så utfordrande at mange held seg unna for å få familielivet til å gå opp. Produsent Turid Øversveen er blant dei som har peika på at dette særleg hindrar kvinner i å bli filmregissørar.

Må legge til rette

Det verkar openbert at bransjen må gjere noko med slike grunnleggande føresetnader for den kunstnariske produksjonen. Til dømes har skodespelar Iselin Shumba tatt til orde for fleire og kortare innspelingsdagar. Det treng ikkje berre vere eit spørsmål om å legge spesielt til rette for kvinner, men om å sikre at det er mogleg både for menn og kvinner å kombinere sterke kunstnariske visjonar med familieliv. Då vil også likestillinga i filmbransjen bli betre.

Kunst krev dedikasjon, og somme vil kanskje meine at ein må velje mellom kunstnartilvære og familieliv. Slik bør det ikkje vere i eit samfunn som har ambisjonar for kunsten, og som samtidig har eit blikk retta mot framtida.

Filmskaparar må kunne få takke familien når dei tek imot prisar, ikkje berre for at dei fekk lov til å halde seg borte.

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Siste innlegg

Prosessen i KrF
av
Inga Sandstad
rundt 2 timer siden / 36 visninger
0 kommentarer
Et lederskap for vår tid
av
Trygve Svensson
rundt 2 timer siden / 110 visninger
0 kommentarer
Prestekrisen krever tiltak
av
Vårt Land
rundt 5 timer siden / 94 visninger
1 kommentarer
Et modig veivalg
av
Torstein Torbjørnsen
rundt 12 timer siden / 178 visninger
0 kommentarer
Høyres maktdemonstrasjon
av
Berit Aalborg
rundt 20 timer siden / 2278 visninger
15 kommentarer
Taktisk politisk tungetale
av
Arve E. Aarskog
rundt 20 timer siden / 54 visninger
0 kommentarer
Løftebrudd å gå til høyre
av
Otto Strand
rundt 21 timer siden / 432 visninger
5 kommentarer
Plutselig verdikonservatisme?
av
Mathias Slettholm
rundt 22 timer siden / 422 visninger
1 kommentarer
Les flere

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Prosessen i KrF
av
Inga Sandstad
rundt 2 timer siden / 36 visninger
0 kommentarer
Et lederskap for vår tid
av
Trygve Svensson
rundt 2 timer siden / 110 visninger
0 kommentarer
Prestekrisen krever tiltak
av
Vårt Land
rundt 5 timer siden / 94 visninger
1 kommentarer
Et modig veivalg
av
Torstein Torbjørnsen
rundt 12 timer siden / 178 visninger
0 kommentarer
Høyres maktdemonstrasjon
av
Berit Aalborg
rundt 20 timer siden / 2278 visninger
15 kommentarer
Taktisk politisk tungetale
av
Arve E. Aarskog
rundt 20 timer siden / 54 visninger
0 kommentarer
Løftebrudd å gå til høyre
av
Otto Strand
rundt 21 timer siden / 432 visninger
5 kommentarer
Plutselig verdikonservatisme?
av
Mathias Slettholm
rundt 22 timer siden / 422 visninger
1 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Kjell G. Kristensen kommenterte på
GT-tekstene bør ut igjen
23 minutter siden / 2721 visninger
Anita Stokkeland kommenterte på
Høyres maktdemonstrasjon
rundt 1 time siden / 2278 visninger
Tor Egil Hansen kommenterte på
Vi må nytenke islam
rundt 1 time siden / 435 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Stormløpet mot Israel er i gang.
rundt 1 time siden / 21444 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Hvem er redd for Jordan Peterson?
rundt 1 time siden / 524 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Stormløpet mot Israel er i gang.
rundt 1 time siden / 21444 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Hvem er redd for Jordan Peterson?
rundt 2 timer siden / 524 visninger
Dag Løkke kommenterte på
GT-tekstene bør ut igjen
rundt 2 timer siden / 2721 visninger
Hallvard Jørgensen kommenterte på
Hvem er redd for Jordan Peterson?
rundt 2 timer siden / 524 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Hvem er redd for Jordan Peterson?
rundt 2 timer siden / 524 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Høyres maktdemonstrasjon
rundt 2 timer siden / 2278 visninger
Otto Strand kommenterte på
KrF’s veivalg – vingling i sentrum?
rundt 2 timer siden / 134 visninger
Les flere