Verdidebatt

Åndsfylte manifestasjonar

I karismatiske storsamlingar skjer ekstraordinære ting. Det er ikkje ubibelsk med ekstatisk lovprising eller lækjing av sjukdomar og plager - tvert om.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Men eg såg nett ei liste på 21 punkt der det var peika på kva ein skulle vera vaken for.  For det er ikkje alltid Den heilage Ande som syner seg – men ureine, forføreriske ånder som er på ferde.

Det vart peika på at religiøse ytringar i hinduistiske miljø var påfallande like, - dei hadde tilmed sine eigne namn.  Det var falling, gråt og lått, skriking med spasmer og kravling rundt på alle fire – velkjende ytringar ved ureine vonde ånders verk blant folk som er forgjorde.

Når eg er vitne til slik møtekultur blir eg alt anna enn riven med. Eg observerer og blir meir og meir kald innvendig. Det synest for meg å vera effektmakeri, show, kjensler og lite av ånd – den ånd som eg søkjer på eit kristent møte.

Ein kan minnast profeten som skulle møta Gud i øydemarka: Gud var korkje i tora eller i stormen, men i stilla. Men her er det lite av den.

Bibelen spår at det skal koma store villfaringar mellom oss kristne. Kva anna enn dette tvilsame åndsveret kan det vera - som breier seg utover? Kva vil leiarane for denne rørsla ellers peika på som forførande åndmakter i vår tid?

Det er nokså sikkert at det ikkje er Den heilage Ande som kastar folk i bakken og let dei oppføra seg som ville dyr og åndsbesette folk – så det er uforståeleg at gode kristne som ein har tiltru til seier seg å verta   velsigna og oppbygde i si ånd – (si sjel?)  av det dei ser, høyrer og er med på.  Og det vert hevda at Guds rike breier seg utover, -  at folk vert friske og frelste i hopetal….?

Eit spørsmål til melder seg: Kan det vera at Guds Ande også  kan vera tilstades på slike samlingar og gjera sin verknad – mellom alle desse tvilsame åndene?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt