Verdidebatt

Råd å fota seg

Å redusera friskular til ein stad der ein spesialisert religiøs seksjon får utfalda seg innanfor rammer som til forveksling er lik offentleg skule, er kanskje meint som ei prinsipiell og ryddig lovtolking frå Grimstad. Problemet er at det i praksis inneber utradering av eit viktig skuleslag som per i dag sikrar mangfald og reell valfridom for mange norske elevar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

AT DET ER karrige kår for ei kristen tenking som noko heilskapeleg, noko som gjeld heile mennesket, vert tydeleg når stortingsrepresentant Carl-Erik Grimstad tolkar lovverket. Under overskrifta «Norske friskoler må følge norsk lov» (Vårt Land, 9. ­februar) tek han formuleringar i likestillings- og diskrimineringslovverket til inntekt for å gjera nisjen til friskulane smalast mogleg.

Vel er vi på den smale sti, men det må då vera råd å fota seg! Grimstad meiner ikkje «at det skal være ulovlig å stille verdikrav til religiøst ansatte­ lærere …», men gjer samtidig denne gruppa så snever at det neppe sikrar grunnlag for framtidig drift av friskular med heilskapeleg kristen profil.

Ein kristen friskule er forplikta på eit kristent verdigrunnlag og ein eigenart som skal prega heile skulen, ikkje berre eksistera i lausrivne ­religiøse timar der dei «religiøst ansatte» rår grunnen når timeplanen tilseier det.

På meir generelt grunnlag bør det påpeikast at ideen om at nokre er «religiøst ansatte» vitnar om ei tilnærming med eit noko fragmentarisk preg. I dei kristne friskulane er alle tilsette med på å presentera elevane for det kristne livssynet.

Ikkje berre som ein raud tråd i utdanninga, men vel så mykje som levd liv og gjennom vitnesbyrd som talar til alle sider ved det å vera menneske, i sjølve danninga. Ved å sjalta ut «det religiøse» som eitt enkelt element, misforstår kanskje Grimstad litt av det som er friskulens kjerne: nemleg at tru angår oss som heile menneske og er ein ­integrert del av livet til den kristne.

Å redusera friskular til ein stad der ein spesialisert ­religiøs seksjon får utfalda seg innanfor rammer som til forveksling er lik offentleg skule, er kanskje meint som ei prinsipiell og ryddig lovtolking frå Grimstad. Problemet er at det i praksis inneber utradering av eit viktig skuleslag som per i dag sikrar mangfald og reell valfridom for mange norske elevar.

Sofie Braut

Lektor ved Tryggheim 
vidaregåande skule

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt